Det første ein må gjere for å få til eit vellukka styremøte er sjølvsagd å kalle inn styremedlemmene. Styremedlemmene i NBA er sterkt varierande, i den forståinga at heile styret kan bli bytta ut i løpet av to veker eller kortare tid, alt etter kven som kan stille og tidsrommet mellom styremøta. På dette styremøtet var det eg, Bjarte og Tor Erik som kunne stille, så me er og det sitjande styret i NBA for augneblinken.
Det andre ein treng er sjølvsagd eit møtelokale, lang erfaring seier klårt at ute i friluft er det beste lokalet. Så lenge det er lokalt sjølvsagd. For dei som slit med å finne ledige møtelokal kan eg avsløre at Sauvågen er eit særs bra alternativ.
Tredje punkt på lista over naudsynte komponentar til eit styremøte er ei saksliste. Denne bør vere kort og konsis, NBA si saksliste såg slik ut:
1. Fyrverkeri
2. Bål/Mat
3. Løyse verdsproblem
4. Eventuelt
5. Fyrverkeri
6. Evakuering
Det som ein i ettertid kan sjå, og som me i Nordhordland Adventures tar sjølvkritikk på at me ikkje påpeikte når det gjeld sakslista til NBA er at det burde vore eit punkt til på sakslista, allsong.
Punkt 1 og 5 på sakslista er viktig for å setje stemninga
på styremøtet, uansett kor alvorlege saker som skal takast
opp vil fyrverkeriet gjera at alle hugsar det som eit bra møte
For erfaringa vår i Nordhordland Adventures tilseier at alle
menneske av hannkjønn eigentlig aldri blir eldre enn 14 år
og grunna dette er ting som eksploderer særs kjekt!
På same måten som fyrverkeri, appellerar eit bål til noko
grunnleggjande i mennesket. Bål og ostepølser er difor sikre
vinnarar på eit styremøte.
grunnleggjande i mennesket. Bål og ostepølser er difor sikre
vinnarar på eit styremøte.
Det å løyse verdsproblem er ingen lett oppgåve for statsleiarar virkar det som, men med nok cola og ostepølser innabords er det rart kor enkelt det er for to menn frå Nordhordland og ein som helt hus nett sørom brune. Bål er også ein viktig faktor til denne problemløysinga, for bålet har i uminnelige tider innbydd til røvarhistoriar og skitpreik. Og problemløysing.
Under punkt 4, eventuelt, på sakslista er det vanleg å avtale at neste styremøte ikkje må bli like lenge til som det vart til dette. Etter at alle er samde om dette er det som regel standar prosedyre å gløyme dette. Slik er iallfall tilfelle i NBA. Den tida ein helt på med "eventuelt" er den tida folk som regel byrjar å klage på kulda, til tross for snø, kloggar og tjukkelestar. Når dette blir teke opp er det ein(eg) som må ta ansvar for å ete opp dei resterande ostepølsene før me kan gå vidare til neste punkt.
Når nest siste punkt på lista kjem er det viktig å involvere litt spaning. Då er det eit føremon å gjere som NBA, flytt bilane til ein trygg avstand(ein parkere sjølvsagd aldri meir enn fem meter frå bålplassen), finn fram fyrverkeriet utan lunte, kast det på bålet og iverksett punkt 6, evakuering.
Til slutt kan me i Nordhordland Adventures oppmode alle til å lage ein del meir eller mindre useriøse organisasjonar. Denne taktikken har me bruka med stort hell for å få til fleire styremøter. For som den observante lesar sikkert har fått med seg er eit styremøte eit glimrande skalkeskjul for å treffa kameratar, brenna bål, eta og leika med fyrverkeri!
Og heilt til slutt kan me i Nordhordland Adventures promotere oss sjølv og sei at dersom nokon treng hjelp til å arrangere eit styremøte er det berre å ta kontakt. Me tar som regel betalt i ostepølser og cola dersom oppdraget ikkje er for stort.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar