onsdag 11. mars 2015

Den einåra kanoen og enders bane

Dette innlegget skulle ha blitt publisert for fleire månadar sidan. Grunna uforklårlege bortforklåringar vart det ikkje det.

For å starte med eit modifisert bokstavrimsitat frå dei kjende musikarane i Salhusvinskvetten: "Då dagjen deira demra, dreiv Donald drukna daud". Umiddelbart kan eg peike på fire feil med dette sitatet. Dagen var meir enn demra, i originalteksten skal "Donald" bytast bort mot "drengjen", endene som bøtte med livet gjekk ikkje i matrosdress, altså er det særs tvilsamt at dei heitte Donald og sist men ikkje minst, endene drukna ikkje, dei vart avliva med wolfram og krut. (Her kunne ein i tidlegare tider ha skrive at dei vart blyforgifta for å gje lesaren ein mogelegheit til å lese det på to måtar. Vart dei skotne eller var det faktisk blyforgifting grunna stordumping av blybatteri i fjorden? Men grunna eit forbod mot blyhagl er det ikkje mogeleg å nytte den formuleringa no)
Men det som er sikkert og visst er at i løpet av dagen var det nokre ender som dreiv i sjøen og var daude.

På denne ekspedisjonen/matauket var Nordhordland Adventures sin representant representert samt ein kanoeigar som korkje har samtykka eller motsett seg å bli publisert med namn, personnummer og bilete. Grunnen til at han ikkje har samtykka eller motsett seg publisering kan vera at han ikkje har fått spørsmål om publisering på verdsveven. Av den grunn får han under namnet "Kanoeigaren" og bileta av han vil bli sensurert.

Først av alt må det seiast at å kalle Kanoeigaren for ein kanoeigar var kanskje å ta litt hardt i. Han eigde ei presenning, eit liggjeunderlag, eit par plaststolar, eit assortert utval med teltstenger og ei åre. Og han påsto at dette ville flyte... Liggjeunderlag er som regel laga av skumgummi og åra var av tre, så ja, dette kunne nok flyte, men at eit liggjeunderlag og ei lita treåre skulle kunne bere vekta av plaststolar(dei søkk, Nordhordland Adventures har sett mang ein plaststol ligge mellom handlekorger og syklar i elvar i urbane strøk), teltsteng i aluminium for ikkje å snakke om vekta av  Nordhordland Adventures si utsending var veldig vanskeleg for meg å forstå. Men me i Nordhordland Adventures har sett sjukare ting, til dømes hadde me ei lei influensa hausten 2012, så dette måtte prøvast på tross av at me hadde vanskeleg for å sjå for oss at teorien om denne flytande presenninga kom til å halde vatn.


Presenning, liggjeunderlag og ei bøygd teltstong.


Teorien om presenning og 
teltstenger held vatn. Kano-
eigaren er som me kan sjå 
godt nøgd med å motbevise
Nordhordland Adventures
sin skepsis. 

Men etter meir arbeid enn det er å setje opp eit gjennomsnittleg sirkustelt kom kanoen på sjøen. Og etter enno meir arbeid kom bagasje, hagle og Nordhordland Adventures sin representant seg i kanoen. Heldigvis vart det no ein god pause for Nordhordland Adventures sin utsending. Kanoeigaren hadde heldigvis berre med seg ei åre, så arbeidsfordelinga var vel heller sikra. 
Etter mykje hardt arbeid og store fysiske utskeiingar med speiding, luftspeglingar, rømde fuglar og lading av hagle kom me oss omsider ut i havgapet.  


Då me hadde kome oss ut i havgapet og såg attende
var dette det synet me fekk sjå. Dersom du opnar
biletet vil du kanskje få sjå at det er eit par ender midt
i sundet. Synd for kanoeigaren med åra. 

Etter ein del padling hit og dit, alt etter kor fuglane sumde, og eit visst forbruk av krut og wolfram måtte den første anda bite i støvet. Eller sjøen blir meir korrekt i dette tilfelle. Eller kan ein nytte utrykket "bite i" når ender ikkje har nokre utprega tenner å skryte av? 


Etter at me hadde skote ei and og dermed sikra oss 
at jakta ikkje var bortkasta gjekk me på grunn.
Denne grunnen me gjekk på var ein holme, og her 
må det atter ein gong seiast at sørlendingane har
merkelege friluftsvanar. Midt på ein holme i havgapet
er det nokon som har tenkt at det er greit å ha ei trappa.
Om det er i frykt for å klatre og bli kalla Julius etter
sjimpansen i dyrehagen eller HMS omsyn som gjer dette
er uvisst. Spesielt er det uansett. 

Men etter ein grunngåing var det på tide med atter ein sjøgåing og utkikk etter meir fugl. Kanoeigaren hadde forstått sin posisjon og tok åreplassen i kanoen nok ein gong til tross for Nordhordland Adventures si utsending sine halvhjarta tilbod om å kunne padle litt. Denne gongen bar det rett til havs. 

Soga om korleis det vart kalla havgapet er for 
Nordhordland Adventures ukjend. Havet er det lett
å sjå, men kor er gapet? 



Som me song i "indianarsongen" i barnehagen: 
"Alle så hadde de fjær på hue." Her er det berre synd
at me måtte avslutte songen etter å ha telt til ein og
to og tre andianere. 

Men som alle andre dagar gjekk denne mot midten, og det var på tide å avslutte jakta å kome seg heimover. Heldigvis var Nordhordland Adentures si utsending relativt utkvilt, så det gjekk greit for kanoeigaren å padle tilbake til utgangspunktet. 

Etter googling og feiling fann
me ut at dette var feil måte å 
gjere ting på. Ei and bør ribbast,
ikkje flåast. 

Telefonar og internett hjelpte lite. Men me fekk slakta endene sånn litt på fri fantasi og på trass. Etterpå fann me ut at me kanskje hadde gjort det feil. Men me vil heller sei at me prøvde noko nytt for å sjå om det hadde meir for seg enn det som er opplese og vedtatt. Det er visstnok viktig å kunne tenkje utanfor boksen. Heldigvis var me ute, så all tenkinga vår var utføre boksen. Kanoeigaren prøvde seg etterkvart på eit forslag om å dele utgifter på diesel og ammunisjon for å rettferdiggjere ei deling av fangsta. Heldigvis har Nordhordland Adventures vore ute ei vinternatt før. Me kom med motforslaget om at kanoeigaren/båtmotoren kunne lage middag av endene til oss og så var det greit. Noko av det smartaste me gjorde i 2014! 

Denne turen får ein karakter på fem ostepølser. 
Bra ver og bra aktivitet var sterke verkemiddel. 
Men dersom du planlegg ein liknande ekspedisjon,
sørg for all del å få med ein einåra kanoeigar, det vil
spare deg for mykje slit!