tirsdag 7. juni 2011

Ruteplanlegging

44% av dei som gadd å stemme på kva for eventyr som skulle gjennomførast og skrivast om stemde for ein fottur over Berfjorfjellet utan å motta etterforsyningar. Ein ekspedisjon av dette formatet må planleggjast nøye, i alle fall i fem minutt. Ein bør også vere kjend med ruta ein skal gå slik at ein kan finne fram sjølv om det skulle bli uver eller skodd og sleppe å fryse eller svelte i hel halvvegs til målet.
I og med at sjølve turen etter alt å døme ligg meir enn fem minutt fram i tid er det for tidleg å starte planlegginga, men rutegjennomgangen laut seg gjennomføre før.

Eg starta grytidleg i halv eitt tida for å kome meg ut og heim igjen før dagen var gje. Dei første hundre metrane gjekk det bra å forsere sidan dette var kjend terreng. Så slutta med eitt vegen og navigasjonsferdigheitene mine vart sett på prøve. Men der vegen slutta, der byrja regnet!

 Vegen tok brått slutt. Eller nokon hadde i alle fall planta
skog på heile vegen slik at det ser ut som den tar slutt.

Etter å ha følgt vegen som tok slutt nokre hundre meter til kom eg fram til at den var så overgrodd at det ville vera betre å gå inn i granskogen på sida og freiste ulukka der. Og ulukka kom, etter femti meter i tett skog var det bort i mot umogeleg å sjå kva for ein veg eg skulle gå for å kome ut av skogen.

 Dette synet møtte meg i kvar retning. Så kva for ein veg 
skulle eg gå?

Men ein naturvand ungdom fortvilar ikkje i slike situasjonar. Det viktigaste ein gjer er visstnok å ikkje få panikk, deretter å bruke det ein har med seg for å freiste å finne ei himmelretning slik at ein i alle fall ikkje går i ring til ein svelt i hel. Eg har GPS på mobiltelefonen, men for å demonstrere korleis ein skal kome seg ut av eit slik uføre utan slike hjelpemiddel, brukar eg ikkje den.

 Det einaste eg trengde for å kome meg ut
av skogen og på rett veg var ein pinne, ei 
klokke og eit keycard frå myrkdalen.

Etter å ha støtta klokka mot pinnen slik at sola(regnskyene) blir reflektert i klokkeglaset og lagt keycardet, eller lyklekortet,  på sida slik at eg fekk ein liten pause frå gåinga med å gjere dette og å ta eit par bilete. Reiste eg meg opp og gjekk vidare den vegen eg gjekk då eg kom inn i skogen. Når skogen kanskje er 150 meter brei er det ikkje så vanskeleg å unngå å bli desorientert. Men skogen hadde ikkje synt seg på sitt verste enno!


 Sjølv om det berre er 25 meter, er det vanskeleg å måtte
gå dei metrane med augo igjen. Dette førte til at det høgre
auga mitt vart stukke ut tre gonger på desse kvistane, det 
venstre var heldigvis ikkje stukke ut meir enn ein gong.

 Der skogen tok slutt var det ein høg skrent
som gjekk så langt dei utstukne augo kunne
sjå i begge retningar. Etter å ha prøvd diverse
klatremetodar var det berre ein ting å gjere. 
Hoppe. Dette. Rulle rundt og knuse pakken 
med kjeks i sekken.

Eit par kjeks var knust, men det var verdt det. Eg var ute av skogen. Men lukka vil aldri vare lenge når ein er på ekspedisjonsplanlegging i det nesten ukjende. Eg hadde kome ut av skogen for å kome rett til ein motebakke. Denne og vart omsider tilbakelagt, og då eg til slutt stod på toppen av denne haugen fekk eg sjå eit deprimerande syn. For å kome meg opp til Børåsfjellet, som er inngangsportalen til Berfjorfjellet, måtte eg ned i ein dal og tape all den hardt opparbeidde høgda eg hatte fått. Sidan det ikkje nyttar å snu på halvvegen når ekspedisjonen utan etterforsyningar skal gjennomførast, kunne eg ikkje snu no heller til tross for motlausheten som seig innover meg. Press vidare! 

Eg har ein hardt opparbeidd eigenskap som alltid kjem til nytte på slike turar. Eg kan følgje ein sti maksimalt femti meter før eg ser ei anna rute som eg tenker er betre enn stien. For stien er jo laga av dyr som går her kvar dag, og kva veit dei om framkomst? Denne eigenskapen førte i alle fall til at eg ganske snart hadde teke ein av dei vanskelegaste vegane ned i dalen, i staden for den godt brukte stien som går plant og fint nedover. Eg sleit i ei stupande bratt li med skrentar både ovanfor og nedanfor meg.

 Ein kan tydeleg sjå spor av motlaushet
i det tomme blikket. 

Omsider, etter mykje irritasjon over vegval, sleipt underlag og den regnbya som ikkje ville gje seg kom eg ned til botnen av dalen. Og etter mykje irritasjon over vegval, sleipt underlag og den regnbya som ikkje ville gje seg kom eg opp at på andre sida av dalen, til turen sitt høgste punkt, Børåsfjellet! 

På toppen vart eg møtt av utsikta over flott vestlandsk
natur slik den vanlegvis framstår. Innhylla i regn, vind, 
lågt skydekke og skodda. Fantastisk! 

 Når det høgste punktet på turen var nådd, var det ikkje langt igjen til det eg hadde bestemt meg for at måtte vera halvvegs i ruta, Berfjorfjellet. Turen bort til Berfjorfjellet var derimot farlegaste stykket i heile ruta. Ein regnsleip sti, mindre enn ein meter frå kanten, eller stupet, av fjellet og ein vind som ville rive meg over ende heile tida. Heldigvis ville vinden rive meg lenger inn på fjellet og ikkje ut i avgrunnen. Hadde det ikkje vore for det kunne dette blitt det siste blogginnlegget som ikkje vart skrive! 

 Halvvegs i ruta var det på tide å finne fram
det falske smilet. Hadde det ikkje vore
 for at eg var redd vinden skulle ta dei, 
hadde eg nok opna augo også.  

No var det endeleg eit godt stykke med unnabakke, så tempoet kunne aukast frå slentring til gåing. Etter unnabakken kom diverre den uunngåelege motebakken igjen. Her merka eg at matpausen eg hadde planlagt å ha når eg var kome halvvegs, men som ver og vind forhindra byrja å bli særs aktuell å ta. Då vart det fest med safarikjeks og vatn! Safari er som kjend eit ord som på swahili tyder "lang tur", så meir passande proviant til denne rutegjennomgangen kan vanskeleg tenkjast. 

Heimatturen gjekk føre seg utan dei store uvanlege hendingane heilt til eg berre hadde om lag ein kilometer att til husdøra heime. Her var stien sperra av eit rotvelta tre som var for høgt til å klatre over, og for lågt til å gå under. Å måtte snu og ta heile ruta baklengs freista lite. 

 Kva kan ein stakkar gjera når han møter på dette?
og kven er dum nok til å leggje ein sti midt under eit 
rotvelt? Men løysingsorientert som ein må vera dersom
ein vil halde på i ekspedisjonsbransjen, fann eg ut at 
det gjekk an å krype under.  

Etter dette var det nesten strake vegen heim, der regnveret framleis ikkje hadde gitt seg og eg var så våt at dusjen vart meir som ein formalitet. 
Denne rutegjennomgangen var særs nyttig. Ekspedisjonen over Berfjorfjellet utan å motta etterforsyningar er etter alt å døme mogeleg å gjennomføre. Rutevalet må justerast litt for å unngå vegsperringar i form av skog, stup, rotvelt og den slags. Kanskje ville det til og med vore best å utsetje ekspedisjonen til det er laga asfaltert eller grusa veg der ruta skal gå. Men sidan dette ville ført til at ekspedisjonen vart gjennomført i bil i staden for som fottur, er vel det eit urealistisk alternativ. 

Ein favorittaktivitet på ukjent grunn

Dei som faktisk har halde ut ei stund og lese nokre av innlegga her har sikkert fått med seg at det er eit par aktivitetar som går igjen på ekspedisjonane til Nordhordland Adventures. Ein av dei tradisjonane me prøver å halde i hevd så ofte som mogeleg er grilling. Helga for to veker sidan var ikkje eit unntak, men dårlege vervarsel for vestlandet gjorde at me måtte gå drastisk til verks. Me tok sikte på austlandet sidan dei har ein, og diverre berre ein, bra ting der borte, fint ver. Då me køyrde frå Nordhordland i titida på fredagskvelden synte det seg at vervarselet kanskje ikkje kom til å slå til denne helga.

Om veret var like bra resten av helga veit eg ingenting om,
men solnedgangen frå Hagelsundsbrua var ivertfall betre i røynda
enn på bilete. 

Planen for denne dagen var å køyre til me sovna, eller forhåpentlegvis til fem minuttar før me sovna, for så å legge oss i grøfta og sove. Men sidan me kjenner til det som må vera tidenes mest gjestfrie familie i Kviteseid, eller Noreg for den del, vart ikkje det noko av. Me hadde forhøyrd oss om dottera i huset var heime, slik at me kunne treffe på kjentsfolk på turen og kanskje få med fleire på den store grillfesten. Det viste seg at både ho og foreldra var vekkreist denne helga, men det var ikkje noko problem, for naboane hadde jo lyklar, så me kunne få lov til å overnatte innandørs viss me hadde hug til det. Det hadde me sjølvsagd. Dermed vart det til å køyre til klokka var vel fira på natta for å kunne sove i ei seng i staden for ei grøft. Det var verd det! På laurdagsmorgonen, dagen for den store grillfesten vakna me seint og laga ein tradisjonell Nordhordland Adventures-frukost, steikt egg og flesk. Etter frukosten kom me oss i bilen og sette kursen mot Porsgrunn der me skulle innom for å hente ein snekkmotor sidan me ein gong var no på desse kantar. Dette var ikkje fort gjort, men etter mykje om og men, jekkestropping tre fire forskjellege måtar før motoren endeleg hang fast og diverse anna styr var me klare for middag og grilling. 

Diverre vart det eit stykke til me fann ein brukbar stad å grille. Her må eg diverre skuffe alle håpefulle lesarar som ventar på friluftslivet i denne ekspedisjonen. Svolten overvann Nordhordland Adventures sine friluftslivideal, så me fann ein rasteplass langs motorvegen til Sodoma Oslo. No skulle det endeleg grillast!

 Cola, chips, rømme, pølser, grillribbe, indrefilet og pitabrød.
Skal ein først grille til to mann er det særs viktig å ha nok mat
til seks. 

Måltidet tok litt tid i og med at grillen berre tok kjøttmengder
tilsvarande ein halv gris i kvar omgang. Me hadde vel tre 
omgangar med grilling. 

Etter grillinga og overetinga var det på tide med ein middagskvil. Plenen såg overmåte god ut til dette formålet, men då dette var på austlandet var det sol der. Skarpt lys og soving går ikkje så godt i lag, så då vart det bilen.
Då me var komen inn til hovudstaden gjekk me rundt for å sjå kva for plass dette eigentleg var. Til alle som enno ikkje har vore der, det er ikkje verdt å reise dit. Syna som møtte oss var nok til å sjokkere ein kvar oppegåande stril. Menn som gjekk kledd som damer, folk som sat og drog i eit trekkspel utan å kunne spele, narkotika i fri flyt, blitzhuset og rullekebab som var alt for sterk. Her var det berre ein ting å gjere, evakuere! Og det var det me gjorde etter ei kort natt her i tig(g)erstaden. På natta kom me forresten over ein positiv ting til med austlandet. Vestlendingar i eksil. Eller nærare bestemd, ein vestlending. Som vestlendingar flest hadde han stort hjarterom, til trass for akkurat stort nok husrom. Bjørnar som diverre ikkje kan kallast nordhordlending då heimstaden hans er rett sørom brua, fekk innlosjert oss på golvet på rommet hans i ein tidlegare standsmessig leilighet som no var ombygd til eit studentkollektiv. Men betre golv å sova på skal ein leita lenge etter!
For å vaske vekk nokon av dei forferdelege sanseinntrykka vår eine kveld i hovudstaden hadde gjeve oss køyrde me over den naturskjønne Hardangervidda heim att. Eg naut synet av ei vidde hylla i skodd og regnver med minimal sikt for å reinse sinnet, Bjarte søkte glømselen i svevn. 

Då me var komen over til rette sida av landet igjen, kom me og nærare Vøringsfossen. Dette er ein sjølvskriven stoppestad der ein må gjere som alle andre turistar, ta bilete av dette vatnet i fritt fall. 

Slik, då var det i det minste eit bilete av 
flott natur i dette innlegget, og friluftslivsideala
er litt betre ivareteke. 

På tross av ein relativ vellukka grilling kom Nordhordland Adventures sine utsendingar fram til det me alltid har visst etter denne turen. Trass eit noko våtare ver på vestlandet, er dette ein betre stad å grilla/leva enn austlandet.