tirsdag 29. november 2011

Bognøy ro og hagleluftarforeining

For ei god veke sidan var Bognøy ro og hagleluftarforeining på tur, og sidan eksamensperioden har byrja er det no tid til å fortelje om denne turen.

Storbonde Olav Andre, som heretter vil bli omtala som Olav den Andre eller Olav II for enkelhets skuld (han må dog ikkje forvekslast med Olav Haraldsson, betre kjend som Heilag Olav, då han er død. Heilag Olav altså), skulle ut å sjå til villsauen på småbruket sitt på Bognøy. I det høvet inviterte han meg med(å sei at eg inviterte meg sjølv med vil vera noko nærare sanninga, men ikkje vesentleg for forteljinga) på jakt etter både på rev, skarv og and. Sidan eg prøver å å få det til å sjå ut som om eg er interessert i jakt pakka eg våpen, kamuflasjenett og bålsekken min før eg møtte opp for proviantering i Knarvik. Pølse og Cola var nok ein gong sikre vinnarar.

Etter etter provianteringa køyrde me til Landsvik i Meland kommune der båten som skulle ta oss til garden var låg for anker. Korleis Landsvik har fått eit så forferdeleg namn har eg diverre ikkje nok historiekunnskap til å fortelje. Men eg ser for meg at Landsvik tok ei sjølvstendig avgjerd, utan å ta omsut til dei innbyggjarane som eventuelt budde der, under krigen og erklærde seg sjølv for tysk.

Nok om stader som ikkje er patriotiske nok. Etter ei rask overfart til Bognøy, der viltlivet yra, var det på tide å sjå til buskapen til Olav II.


Bonden sjølv poserer framom huset, stokken er for eigen
tryggleik då ein mannevond vêr går laus på øya. 

Å kalle Olav II for ein storbonde vil nokon kanskje kalle
ei overdriving når dei på dette biletet ser heile buskapen
hans. Men han har større buskap enn meg, og er då pr. 
definisjon ein storbonde. Legg merke til avstanden han har
til dyra i frykt for den mannevonde vêren. 


Då me hadde sett til buskapen og trekt oss vekk før me vart angripne var det på tide å lade haglene og legga ut på sjøen for jakt. Revejakt vart det diverre ingenting av då lokkefløyta for rev ikkje var å oppdrive.
Etter litt om og men fekk me sjøsett ein robåt. For dei som lurar på kva som skjer med Nordhordland Adventures i og med at me ikkje brukar motorisert farkost i staden for ein manuell drifta farkost når det er mogeleg, kan eg informere om at jakt frå motorisert båt må skje to kilometer frå land, og sidan me skulle jakte rett rundt land var det upraktisk med så lang reiseveg. Og dersom du ikkje får den forrige setninga til å gje meining, ta det med ro, det gjer ikkje eg heller.

Etter litt frustrerande roing utan fugl i sikte kom me over eit par ender, grunna eit fiskeoppdrett som låg litt ugunstig til kunne me ikkje løyse skot mot dei. Men det kom ein anna fugl på skothold, denne var det diverre ikkje jakttid på.
Det er visstnok ikkje jakttid på havørn, det var litt 
irriterande sidan ei havørn ville ha gjeve like mykje kjøt 
som 5-6 stokkender. Ikkje at det eigentleg var eit problem,
me hadde med oss pølser til kveldsmat, så då kunne me 
like gjerne nyte synet av ørna!

Men at eit par ender stakk av og at havørna var for fin og freda til å skyte tok ikkje motet frå dei ivrige jegerane. Me rodde vidare og såg stadig fugl, synd at fuglen og stadig såg oss...

Etter ei meir eller mindre planlagd
grunnstøyting måtte båten slepast over
land for å kome ut at i open sjø og lovleg
jaktterreng. Uheldigvis har Olav II eit namn
som kan minne om eit kongeleg namn, og difor
vart slepinga mi oppgåve.

Etter å ha rodd rundt til det vart mørkt og berre hatt ein reell mogelegheit til å få fugl, der me fekk fyrd av fire skot, men på trass av treff ikkje fekk drepe nokon fugl, fann me ut at det var på tide å kome seg i land å få i seg provianten. Sidan me ikkje hadde fått ein skarve fugl vart det pølser. For å sitere Borat, Great success!

Når ein går gjennom biletematerialet frå turen er det 
ikkje så vanskeleg å sjå kvifor me ikkje fekk fugl.
Utkikken ser jo feil veg!

Med steikeomnen på ca 450 grader tok det ikkje lang
tid før maten var klar. 

Når maten var svelgt unna, sekken med ved brunne opp, og alle dei verdsproblem som kan løysast av to karar rundt eit bål var løyst vart det på tide å finne vegen heim att i mørkret. Dette gjekk heldigvis bra grunna moreld i sjøen (ikkje denne typen moreld). Dette lysfenomenet er særs fascinerande og alle kan anbefalast å oppleva det ein gong! 

Men uansett, takk for meg Olav II og Bognøy, du skal ikkje sjå vekk i frå at eg inviterer meg sjølv på besøk ved eit seinare høve! 

lørdag 5. november 2011

Introduksjon

Dei aller fleste ekspedisjonane til Nordhordland Adventures har ein ting til felles. Eller som regel er det fleire ting dei har til felles, men det eg skal fram til no er at dei ikkje har eit startpunkt som er rett utanfor døra mi heime. (Dersom du vil vera ein flisespikkar no så kan du sakta sei at alle må byrje utom døra, eller innom og for den del, for kor ein ein byrjar ein ekspedisjon er vel eit spørsmål om definisjon) Men poenget mitt no er at for å kome til startpunktet, eventuelt ekspedisjonar der turen fram er målet så treng ein  (iallfall eg) eit framkomstmiddel! Då det diverre er for lite og uregelmessig snø til å satse på hundespann og slede treng eg altså ein bil.
Cruisaren som var ein kjær ven er som tidlegare nemnd pensjonert, den har til og med vorte heidra med eit dikt, så no på etterskot med nokre månadar er det på tide å introdusere etterfylgjaren, Pajeroen!
Av praktiske årsaker, først og fremst plass til ski inne i bilen om vinteren, var eg eigentleg på utkikk etter ein litt større bil enn Cruisaren, men den eine bilen eg såg som passa spesifikasjonane eg var ute etter sto på austlandet vart seld før eg fekk tid til å summa meg. Då vart det like godt ein Pajero på Voss som var like liten som Cruisaren. Dette er negativt med tanke på plass, men positivt med tanke på offroadeigenskapar.

Sidan det er nokre månadar sidan Pajeroen vart innhenta har den så vidt blitt prøvekjørt under ulike førehald, og til no kan den seiast å vera på høgde med Cruisaren!

Som ein ser tåler Pajeroen at kameraet er bra skrått 
utan at den kvelvar av den grunn!

I og med at Cruisaren fekk eit dikt i sjangeren nødrim når den vart pensjonert, er det ikkje anna enn rett og rimeleg at Pajeroen får same behandlinga, bere med blandinga nødrim/bokstavrim,  når den no offisielt byrjar i teneste. Folk som set pris på eit godt dikt kan slutte å lese no. 



 Bratte brekka, bilen bryt beint ned.
Bakhjul bråkar, bakkebotnen blir nådd.


Kan køyra, klatra. Kanskje kleiva klarer!
Kjempehjul kvernar, knuser, klyv!


Høgtideleg på Hilux helsar, hjarteleg handtrykk.
Herjar, hoiar, hostar tå hjulspinn og svartrøyk 


Sidan både bilete og fantasi slutta ganske brått gjer diktet, eller den usystematiske samlinga av ord, det også. Heilt til slutt i dette innlegget må eg leggja med det nyaste biletet av Pajeroen, der den meg sær god hjelp frå bror min, Håvard, er blitt forvandla til firmabil for Nordhordland Adventures!

Rått!

Så då er firmabilen på plass, no manglar det berre å opprette eit firma. For at dette skal gå an treng eg berre eit par småting som eg håpar nokre venlege sjeler der ute kan hjelpa med: 

Økonomiansvarleg/rekneskapsførar(Her har eg riktignok fått eit ubekrefta ja frå ein austlending)
Sekretær(Eg kan knapt nok alfabetet, så nokon andre må ta seg av referat frå styremøte og den slags) 
Strategiplanleggar(Kva veg er det lurast for selskapet å gå, eller i vårt tilfelle køyre) 
PR-ansvarleg(Må kunne snakke internasjonalt, dersom det er det satsingsområdet som vil gje best avkasting)
Investorar/sponsorar (Som student er det litt vanskeleg å kunne finansiere alt materiell som ein naudsynt vil trenge til eit slikt firma som dette her, berre julebordet for alle dei tilsette som er lista opp over her vil jo ete opp årsbudsjettet mitt. Pajeroen er ikkje framand for prostitusjon, så alle som spyttar i store summar vil få tilbod om reklameplass på sidene/taket av bilen!) 

Dersom du er interessert i ein av desse stillingane, send inn ein søknad!


torsdag 3. november 2011

Eit upassande innlegg

Eg kan like godt orsake meg for dette innlegget med ein gong. Grunnen til denne orsakinga er at eg her vil bryte med om lag alle prinsipp og alt det Nordhordland Adventures står for. Ekspedisjonen som vil bli omtala var ikkje bedageleg, det var ingen grilling i løpet av turen, og verst av alt; me var utanfor Nordhordland. Nærare bestemd var me i alle sanne nordhordlendingar(det er forresten veldig praktisk i forhold til skrivinga at eg kan sitje og definere kva som er ein sann nordhordlending) sitt levande mareritt, ein by. Bergen.

Skulle eg møte mi overkleiv eller skulle Stoltzekleiven møte sin overmann var spørsmålet som vart stilt før me byrja. Det heile byrja med at Endre, ein etter turvalet å døma, galen mann frå Sogndal, etter instruks frå meg pressa meg til å vera med opp på Fløyen eller Stoltzekleiven. Sidan eg aldri hadde vore på Stoltzekleiven før, vart dette dagens destinasjon. For dei som ikkje er lokalkjende i Bergen og har høyrd om denne mykje omtala torturreiskapen før kan eg kome med litt informasjon. Dersom ein ser Stoltzekleiven frå eit objektivt synspunkt ligg toppen på om lag 379 meter over havet, og stien/tråppo opp består av om lag 800 trinn. Sett frå min subjektive ståstad kan ein gange begge dei to tala med ti for å kome litt nærare røynda.

Då me kom fram til stien som skulle ta oss til toppen av Rævaskaret, som Stoltzekleiven vart kalla i tidlegare tider, viste det seg at den var stengd og at stien som var der mellombels var meir opptrakka enn ein nypløya åker. Men litt gjørma skulle ikkje stogga ein stril og ein sogndøl. Mykje gjørma klarte heller ikkje å stogga oss. Det gjorde derimot kondisjonen min. Etter eit par tråppe oppover høyrdes eg ut som eit pumpeorgel med hol i blåsebelgen og sveitta nok til at fleire av bekkane som renn nedover der fløymde over. Dei seier at menneskekroppen består av om lag 60% vatn, men då eg kom til topps var denne prosentdelen godt under 5.


Mot i brystet, vett i pannen, stål i ben og armer... ehh 
ikkje heilt, men denne teknikken med å gå godt 
framoverbøygd gjorde at eg ikkje fekk slagside bakover
og rulla til botnen igjen. 

Me kjempa oss vidare, eller eg kjempa, Endre gjekk og snakka i telefonen og syntes tempoet var så roleg at det såg ut som han haldt på å sovne midtvegs i brekka. Men etter om lag 800 tråppetrinn og om lag 950 pausar kom me omsider til topps. Og eg kan faktisk skryte av at det vart ein ny personleg rekord opp for min del. Ikkje så rart sidan det var fyrste gong eg gjekk opp, men den rekorden vil nok uansett bli ståande i lang tid framover. 

Ein sliten mann, men ein overmann! 


Endre poserer i panorama utan å vite om det.

Etter å ha tatt bilete og nytt utsikt til me byrja å fryse var det på tide å kome seg ned att. Nokre meiner at Stoltzekleiven bør vera einvegskøyrd, men me er ikkje av dei. Turen ned igjen gjekk forholdsvis udramatisk for seg. Nokre nestan fall og eit par fall må ein rekne med. Men på denne nedstiginga fekk eg bekrefta ein av mine psykologiteoriar, ein blir meir eller mindre galen av å bu i ein by i kortare eller lengre tid. Me møtte folk som sprang oppover, heilt utan mål og meining sidan det no ein gong går an å gå, og det verste av alt var ein kar som gåande med sykkel over aksla si. På dialekta hans høyrde me at han ikkje var bergensar, så han var eit levande bevis på at ein ikkje treng å vera oppvaksen i ein by for å bli eit offer for denne smittsame galskapen. 

Heilt på slutten av dette innlegget må eg sei at eg skulle ynskje eg kunne love at dette er siste gongen Nordhordland Adventures gjer seg ut på slike ekspedisjonar som dette, men som ein (u)seriøs aktør i marknaden er det vårt tunge ansvar å prøve ut ulike turmogelegheiter for å finne den ultimate turopplevinga!