fredag 27. januar 2012

Nordhordland Adventures attende på vegen

No står Nordhordland Adventures inne i ein revolusjon på den teknologiske fronten, me driv for første gong med liveblogging! I dette høvet har me eit lite spørsmål til dei som eventuelt måtte finne på å lese dette, kva har ho Live med blogging i sanntid å gjere?

Men til poenget. I går, etter mykje arbeid nedlagt av Runar kom endeleg Pajeroen på vegen att. Med ein nesten ny motor, bere 18 år gamal, går han no som ei kule. Litt småproblem som uljelekkasje, kjøleveskelekkasje, slurande kløtsj og gåen termostat må ein rekne med. Men på den positive sia, heile tre av fire sylindarar virkar når bilen er kald, og den siste er snill og kjem når det blir litt lunk i maskineriet.

Dette skjedde jo i går, så kva skjer med ho Live? Her kjem det. Nordhordland Adventures har i samband med andre arrangert ein hyttetur til Hovden for ei priveligert gruppe. 

Pajeroen har tatt på skina og er klar for langtur!

Etter mykje om og men fekk eg omsider kome meg avgarde og plukka opp Tor Erik i Salhus.
Så var det ein siste kontroll av pakklista før me tok ut. 

Me i Nordhordland Adventures tar  av ukjende grunnar
sterk avstand frå pakklister, så i staden for å kontrollere
pakklista kontrollerte me at bilen var fullasta. Det var den. 


Med fjellduk, sovepose, diesel, kvetlar, cola og diverse anna såg me at me var godt utstyr for overraskande uver på fjellet. I og med at Vegtrafikksentralen sa at Haukeli var stengd på grunn av uver var kanskje dette lurt. For i skrivande stund står me i ein kø på veg opp frå Røldal og venter på neste kolonnekøyring. Det at eg tenkte på å sei til dei som er ansvarleg for stenging av vegen at me i Nordhordland Adventures ikkje er redd for litt snø, at me til og med har laga ein overlevingsguide for vinteren som vert nytta av dei fleste (u)profesjonelle, har diverre ikkje ført til at me har fått lov til å køyre enno. 

For dei som ikkje har sett slikt før, slik kan oppstillinga
til ei kolonnekøyring sjå sjå ut. For det utrente auga kan
det sjå ut som ein vanleg kø, men dei erfarne legg nok 
merke til at det er kveldsmørkt, og vanlege køar oppstår 
nesten aldri i kveldsmørkret. Rushet er jo ferdig rundt
halv fem, og då er det jo framleis lyst.

No må me i Nordhordland Adventures seie oss nøgde med vårt første liveblogginlegg grunna dårleg batterikapasitet, men dersom kvelden i køen dreg ut, kan det vera det er mogeleg å tyne eit lite innlegg til ut av batteriet. Og dersom det mot all formoding er nokon som sitt i køen og tilfeldigvis søkjer på kolonnekøyring Røldal/Haukeli(eller kolonnekjøring for å ta det på dansknorsk)  på google og slik havnar innpå denne sida her, kom gjerne bort til den gule Pajeroen det står Nordhordland Adventures på panseret av, slå av ein prat, få eit glas cola. Me kjedar oss! 



mandag 16. januar 2012

Styremøte

Nordhordland Adventures er i tillegg til å vera eit firma som arrangerar turar i villmarka også ein arrangør av styremøter i lokale bedrifter av varierande storleik. For å no ta på seg rolla som ein samfunnshjelpar og opplyse om kva kvalitetar som må til for å få til eit produktivt og oppmuntrande styrmøte vil møtereferatet frå gårsdagens styremøte i Nordhordland Bål og Almennvelferdsostepølseetarlaug (NBA) no bli gjengjeve i ei litt meir forteljande form, og med litt fleire praktiske tips og triks, enn det eit referat vanlegvis har.

Det første ein må gjere for å få til eit vellukka styremøte er sjølvsagd å kalle inn styremedlemmene. Styremedlemmene i NBA er sterkt varierande, i den forståinga at heile styret kan bli bytta ut i løpet av to veker eller kortare tid, alt etter kven som kan stille og tidsrommet mellom styremøta. På dette styremøtet var det eg, Bjarte og Tor Erik som kunne stille, så me er og det sitjande styret i NBA for augneblinken.

Det andre ein treng er sjølvsagd eit møtelokale, lang erfaring seier klårt at ute i friluft er det beste lokalet. Så lenge det er lokalt sjølvsagd. For dei som slit med å finne ledige møtelokal kan eg avsløre at Sauvågen er eit særs bra alternativ.

Tredje punkt på lista over naudsynte komponentar til eit styremøte er ei saksliste. Denne bør vere kort og konsis, NBA si saksliste såg slik ut:
1. Fyrverkeri
2. Bål/Mat
3. Løyse verdsproblem
4. Eventuelt
5. Fyrverkeri
6. Evakuering

Det som ein i ettertid kan sjå, og som me i Nordhordland Adventures tar sjølvkritikk på at me ikkje påpeikte når det gjeld sakslista til NBA er at det burde vore eit punkt til på sakslista, allsong. 

Punkt 1 og 5 på sakslista er viktig for å setje stemninga
på styremøtet, uansett kor alvorlege saker som skal takast 
opp vil fyrverkeriet gjera at alle hugsar det som eit bra møte
For erfaringa vår i Nordhordland Adventures tilseier at alle
menneske av hannkjønn eigentlig aldri blir eldre enn 14 år
og grunna dette er ting som eksploderer særs kjekt! 

På same måten som fyrverkeri, appellerar eit bål til noko
grunnleggjande i mennesket. Bål og ostepølser er difor sikre
vinnarar på eit styremøte.

Det å løyse verdsproblem er ingen lett oppgåve for statsleiarar virkar det som, men med nok cola og ostepølser innabords er det rart kor enkelt det er for to menn frå Nordhordland og ein som helt hus nett sørom brune. Bål er også ein viktig faktor til denne problemløysinga, for bålet har i uminnelige tider innbydd til røvarhistoriar og skitpreik. Og problemløysing.

Under punkt 4, eventuelt, på sakslista er det vanleg å avtale at neste styremøte ikkje må bli like lenge til som det vart til dette. Etter at alle er samde om dette er det som regel standar prosedyre å gløyme dette. Slik er  iallfall tilfelle i NBA. Den tida ein helt på med "eventuelt" er den tida folk som regel byrjar å klage på kulda, til tross for snø, kloggar og tjukkelestar. Når dette blir teke opp er det ein(eg) som må ta ansvar for å ete opp dei resterande ostepølsene før me kan gå vidare til neste punkt. 

Når nest siste punkt på lista kjem er det viktig å involvere litt spaning. Då er det eit føremon å gjere som NBA, flytt bilane til ein trygg avstand(ein parkere sjølvsagd aldri meir enn fem meter frå bålplassen), finn fram fyrverkeriet utan lunte, kast det på bålet og iverksett punkt 6, evakuering. 

Til slutt kan me i Nordhordland Adventures oppmode alle til å lage ein del meir eller mindre useriøse organisasjonar. Denne taktikken har me bruka med stort hell for å få til fleire styremøter. For som den observante lesar sikkert har fått med seg er eit styremøte eit glimrande skalkeskjul for å treffa kameratar, brenna bål, eta og leika med fyrverkeri! 

Og heilt til slutt kan me i Nordhordland Adventures promotere oss sjølv og sei at dersom nokon treng hjelp til å arrangere eit styremøte er det berre å ta kontakt. Me tar som regel betalt i ostepølser og cola dersom oppdraget ikkje er for stort.