onsdag 6. mars 2013

Skitur, mislukka statskupp og snikreklame

Først av alt kan me i Nordhordland Adventures avkrefta rykta som har gått om at Nordhordland Adventures er daud og grave ned. Det at det kanskje ikkje har gått slike rykte speler ikkje så stor rolle i denne avkreftinga. Me er i alle fall ikkje daud, berre gått i dvale ei stund. Men no er me uansett svakt tilbake!

Eit anna spørsmål som det kanskje ikkje er nokon som stiller seg, er jo kva skiturar og statskupp har med kvarandre å gjera? Uroa deg ikkje, forklåringa kjem.

Men lat oss byrja på byrjinga først. Sidan det tidvis kjem snø på vinteren var det ein gong ein oppegåande mann(eller kanskje det var ei kvinne, eg veit ikkje) som fann ut at det å rive laus to fjøler frå kledningen på huset og  spenne dei fast på føtene forenkla transporten dei dagane snøen ligg. I våre dagar, med bilar og brøytebilar, skulle ein tru at folk heller ville velje å kome seg frå A til B på mindre energikrevjande måtar enn å bruke desse fjølene. Og det gjer jo folk flest. Problemet oppstår når ein skal frå A til A igjen. Då er ski, som ein kallar dette bygningsmaterialet ein spenner på føta, plutseleg ein føretrekt transportmetode for mange. Og med god grunn, det er jo kjekt! (i unnabakkane vel å merka. Fiskebein er ikkje godt i verken mat eller transportsamanheng)

Med dette som bakgrunn er det kanskje ikkje så rart at eg, som ein representant frå Nordhordland Adventures, vart invitert med(inviterte meg sjølv med) store deler av styresmaktene frå Sætervika Ungdomssenter på skitur.



Her er det då statskupplanane kjem inn i biletet. For når repesentantar frå Nordhordland Adventures involverer seg i turar prøver me mest mogeleg å få styrt turane i den bedagelege retninga. Dette var og planen før denne turen, så eg møtte opp i Gullbotn i god tru om at her skulle det gåast eit par hundre meter på ski før bålet skulle kveikjast og pølsene grillast. Så feil kan ein ta.
Styresmaktene frå Sætervika la då ned eit veto og skulle absolutt gå ein runde under nokre gatelys ein eller anna har sett opp midt ute i villmarka(10-15 meter frå Fv7). Hadde det bere vore under gatelysa på hovudvegen, så hadde det i det minste vore mogeleg å fått haik med bilistar i motebakkane. Å gå ein runde i ei såkalla lysløype høyres kanskje ikkje så gale ut, men for ein mann som har vore inaktiv like lenge som bloggen han driv, er det ikkje bere bere med glatte plankar og endelause motebakkar. (Denne aktiviteten må virke heilt absurd på den første mannen(eller kvinna) som ofra huset sin motstandsstyrke mot ver og vind for å kunne ta seg fram ein vinterdag(Altså å gå under gatelys. I kø. I sirkel. Utan noko som helst matnyttig formål)). Unnabakkane gjekk heller greit, til tross for gjentekne tekstilstopp nedover brekkene gjorde det isete føret at farten raskt tok seg opp att etter kvart (u)tilsikta stopp. 

Etter at om lag 17 liter mjelkesyra hadde blitt produsert, mjelk og syra separert, mjelk levert til tine og syra i riktig beholdar i gjenvinningsanlegget til NGIR i Kjevikdalen,  var runden omsider ferdig og den eigentlige turen(sett frå Nordhordland Adventures sin ståstad) kunne byrje. 

Ein eigna bålplass var på andre sida av eit
vatn. HMS orientert som Nordhordland
Adventures er måtte isen sjekkast. Etter 
å ha høgd 2,5CM nedover i isen utan å 
kome til vatn, fekk dette vatnet klassifiseringa
"trygt nok".

For oss i Nordhordland Adventures førte denne turen med seg heilt nye opplevingar, bålet vart bygd og tent heilt utan innblanding eller bensin frå vår side. 

Etter at frøken Eiken hadde kveikt bålet
tok ho jobben som fotograf og er difor 
av naturelge grunnar ikkje med på biletet
i lag med frøken Haraldseid, styrar Berland
og meg sjølv.

No som dette innlegget går nærare slutten er det tid for nokre bilete med snikreklamen som vart lova i overskrifta. Kvifor me i Nordhordland Advenures tillet snikreklame er ganske lett å svare på. Me reknar sjølvsagd med ei grei godtgjersle frå Sætervika Ungdsomssenter og dei respektive selskapa dei prøver å reklamere for, sånn sidan dei utnyttar ein heilt uskuldig blogg på det grøvste. 



Styrar Berland og frøken Haraldseid
er ikkje akkurat diskret når dei prøver 
å markedsføra Freia sin kakao. 


Diskret kan vel heller ikkje denne framsyninga
av Bama banan, Freia melkesjokolade,
Unik aluminiumsfolie og eingongsbestikk
kallast. 


Frøken Eiken vart fråteken kameraet
og nytta umiddelbart mogelegheita til
å reklamere for Expert og Rema 1000.
Dette klarte ho litt meir diskret enn dei
andre, men det er likevel ikkje vanskeleg
for dekdektivane... detkeketivane...
dektivetane... etterforskarane i 
Nordhordland Adventures å forstå 
kva som skjer.

Men uansett. Forutan motebakkar og snikreklamering(som forhåpentlegvis vil bli godt lønna) vart dette ein særs bra tur. Fantastisk ver, bål og pølser, snø og ikkje minst særs triveleg selskap. Og for ein gongs skuld har Nordhordland Adventures kome seg litt nærare det som eigentleg er målet vårt, koma oss ut i naturen. Ikkje berre køyre ut i naturen, gå tre meter før bålet blir tent og køyre heim att(sjølv om det og absolutt har sin sjarm). 

Det førre avsnittet hadde jo no vore ei naturleg avslutning på dette innlegget. Derfor vel me å ikkje gje oss heilt enno. For det som må vera med heilt til slutt er grunnen til at kvelden vart avslutta tidleg(altså den andre grunnen enn at det var seint, arbeidsdag dagen etter, slutt på veden, slutt på maten og småkjølig). 
Dette må vere med berre for å forhåpentlegvis få fleire fjortenåringar til å følgje denne bloggen. Det er ikkje Twilight og vampyrar, men noko mykje verre og meir reelt. Fullmånen kom nemlig opp og med fullmånen veit alle at varulvane og kjem. 


Det var to ting som var med på å redda
oss frå varulvane då fullmånen kom opp.
Den viktigaste var nok at me bere var nokre
hundre meter frå bilane. Den andre at rapportar
om varulvar slutta å koma ein gong på 1600
talet, då bøndene slutta å laga brød av mjøl
som var laga av mygla korn. 


Heilt til slutt, den store ostepølsevurderingsskalaen: 

Litt for mange motebakkar gjer at denne 
turen ikkje når heilt til topps på skalaen.
Men fem av seks pølser(som ein pakke
Gilde ostepølser inneheld) er slett ikkje
gale! Turen vert anbefalt av Nordhordland
Adventures!


Uansett, takk for turen!