torsdag 29. desember 2011

Ein gledesdag


For den observante lesar/sjåar kan det virke litt merkeleg
at overskrifta for innlegget er "ein gledesdag" når ein så
tydeleg kan sjå at Pajeroen står stroppa fast på ein
maskinhengar. For å forklare dette må eg først fortelje
om ein sørgjedag for om lag ein månad sidan.

Ganske nøyaktig rett før desember, altså i slutten av november hende det noko katastrofalt. Nokon vil kalla det menneskelig svikt, eg vel å legge all skuld på teknologien. 
Problema kan ein vel seie at byrja lenge før, men det var no katastrofen var eit faktum. 

Nokre veker etter at eg kjøpte Pajeroen, altså for lenge sidan, i sommar viste plutseleg oljetrykksmålaren at det ikkje var noko trykk på olja. Dette er vanlegvis ikkje eit bra teikn for ein motor. Så som ein ansvarleg sjåfør stoppa eg så snart som råd var for å finne ut kva problemet var. Var det oljepumpa som hadde kutta ut var sjølvsagd eit spørsmål som melde seg temmeleg snart. Så etter ein liten time med venting kom Falck klokka halv fire på natta og plasserte Pajeroen på planet av lastebilen og køyrde meg heim. Så både i gledesdagen og sørgjedagen er Pajeroen plassert på ein lastebil, eller hengaren til ein.
Uansett, bilen hadde kome i tunet igjen og rask feilsøking viste at det var trykk på olja, men målaren viste at det ikkje var trykk, så eg konkluderte med at det måtte vera sjølve følaren som var øydelagd. Då eg hadde skaffa ein ny følar og skulle til å bytte fann eg ut at det var leidningen som gjekk frå følaren og til opp til instrumentpanelet i bilen som var øydelagt, så ein ny kabelsko var nok til å fikse bilen denne gongen.

Etter denne fiksinga kom dette problemet tilbake med ujamne mellomrom, og det var alltid enkelt å fikse, å sette på plass leidningen igjen var det som skulle til. Så for ein månad sidan, ein kveld med regn, mørkre, vind og uvilje mot å vera utanfor bilen meir enn naudsynt skjedde det igjen at oljetrykksmåleren sank til null. Eg tenkte sjølvsagd at dette er ingen problem, eg set på at den leidningen i morgon. Dårleg plan. For å vere på den sikre sida sa eg og til ein kamerat som gjekk ut av bilen at han måtte ringje meg umiddelbart viss han såg oljeflekkar under bilen når eg køyrde. Han såg ingen. At det var litt oljelukt akkurat i det eg køyrde ut av parkeringsplassen tenkte eg på som ufarleg sidan det køyrde ein asfaltbil rett framføre meg. 

Etter ein spelekveld i Åsane som vart avslutta i to-tre tida same skulle eg starte opp og køyre til byn for å legge meg å sove. Då var plutseleg det meste av motorkrafta i bilen vekke og etter kvart byrja turboen å lage ein stygg lyd. Sidan eg framleis forsøkte å vera ein ansvarleg sjåfør stoppa eg så snart som råd var. Olja som vanlegvis befann seg inni motoren var no fordelt fint rundt i heilt motorrommet. Neste morgon førte litt feilsøking til at me såg det var hol i ein oljeslange. Ikkje bra. så etter å ha slept bilen heim, fått Tess til å ta overpris for ein ny slange, bytta slange og fylt på olje var det tid for å køyre til eit styremøte. Eg kom for seint.
etter akkurat nok tid til at bilen hadde blitt varm steig turtalet til maks, dette utan at eg var borti gasspedalen, og til tross for at eg vreid nøkkelen til "0" posisjonen. Etter det eg har høyrd byrja motoren her å gå på motorolje, noko som visstnok skal vera eit dårleg teikn. Så eit nytt slep fekk bilen heim att. Etter tre veker fekk eg tak i ein ny motor og no etter endå ei veke fekk me bilen og motoren på ein maskinhengar og på veg til Andvik der den ved kyndig hjelp forhåpentlegvis vil starte å gå i mange, lange mil etter ein motortransplantasjon. Dersom transplantasjonen skulle mislykkast vil heile Nordhordland Adventures stå i fare for nedlegging då logistikkavdelinga vil vera ute av drift. Men så lenge det er mekanikarar i Andvik er det håp! 

torsdag 8. desember 2011

Vinteroverlevingsguide

I høve det fyrste snøfallet i vinter er det tid for å publisere den delvis illustrerte overlevingsguiden for vinterhalvåret som vert bruka internt i Nordhordland Adventures, til nytte og villeiing for den turglade! Det unike med denne guiden er at den tar føre seg overleving for dei med ein særs bedageleg filosofi, og dei som har ein litt mindre bedageleg livsfilosofi.

For å overleve harde eller mindre harde turar i vinterhalvåret er det stort sett to ting som trengs. Varme og mat. Har ein derimot gått seg vill treng ein og navigeringskunnskapar. Og så kan det vere greit å vere klar over farane som truar. Så litt meir enn to ting er det kanskje. Dei følgjande kriseplanar har lenge lagt i Nordhordland Adventures sitt arkiv og har vorte nytta på alle Nordhordland Adventures sine vinterturar. I og med at Nordhordland Adventures no går inn i sin fyrste vinter vil det seie at planane har vorte nytta på grovt rekna ein tur.  Grunna litt tekniske problem og ein del rekvisittar som vart gløymd att på turen er det berre delar av guiden som er illustrert, men resten vil bli beskrive inngåande!

Første punkt er sjølvsagd varme. Primærbehova må stillast fyrst!

Kle på deg. Her burde eigentleg denne delen av overlevingsguiden vore ferdig, men Nordhordland Adventures har eit menneskesyn som seier at menneske er dumme, så her har me valt å fylle ut litt meir.
Dersom du frys og IKKJE har kledd på deg nok, eller det går vel an å fryse sjølv om ein har kledd seg godt nok så dette blir meir eller mindre allmenngyldig, varm deg.

For den særs bedageleg anlagde:
Sett denne brytaren i ein valfri posisjon alt
etter kor kald du er.

For den litt mindre bedageleg anlagde:
Me i Nordhordland Adventures har høyrd 
at det å grave ei snøhole skal vera lurt om 
ein slit i vinterfjellet. Så her er eit hol i snøen,
ikkje at me på nokon som helst måte kan sjå
at dette skal hjelpe ein som frys. Med mindre
han då er i ekstremt dårleg form og arbeidet
med denne gravinga får varmen i han igjen.

Dersom dette ikkje hjelper, fortvil ikkje! Me er ikkje tom for varme råd enno!

For den særs bedageleg anlagde:
Ta hendelen midt i biletet, under den blå streken
og før den i ei rett line mot høgre til den står under det
som ein gong i tida var ein raud strek!

For den litt mindre bedageleg anlagde:
Bygg eit bål. Dette kan også nyttast til å 
lage til maten. Ostepølser er fin nødproviant.
Dersom du ikkje er i nød men berre svolten
er ostepølser fin proviant.

Dersom veden er våt, tilsett 20L diesel. Som den 11
fjellvettregel seier; legg aldri ut på tur utan ei jerrykanne
med diesel. 

No til slutt i denne delen av overlevingsguiden som omhandlar varme har me eit par råd som berre gjeld for den særs bedagelege anlagde. 

Dersom setevarme og varmeapparat ikkje er nok, fyr
opp ein grill. Erfaring tilseier at det kan bli relativt tett luft
i bilen, men  når me i Nordhordland Adventures har valet,
tar me ei kullosforgifting og røykte kjøttpølser framfor
ei forfrysing kor tid det skulle vera.

Dersom alt anna feilar for den særs bedageleg anlagde skal eg no koma med ein matematisk formel som er sikra å gje deg varme: 

+
=
Sommar, flammar og god stemning!

Til no har denne overlevingsguiden dekka primærbehova inngånde, no går me over til dei litt meir kompliserte oppgåvene, rasfare og navigering. 

Når me(når eg skriv "me" er det utan unntak berre for å få det til å sjå ut som Nordhordland Adventures er eit stort selskap, så du som les gjer rett i å lesa "eg") skal byrje å skrive om rasfare vel me å sjå vekk i frå alt det me har høyrd og lært om ras tidlegare, og vel å setja fokus på dei verkeleg farlege rasa som faktisk rammar oss som bur på Tofting. Snøras frå tre.

Slike vegar kan sjå julekortaktige og 
innbydane ut, men er i røynda livsfarlege.
som dei neste bileta demonstrerar, er 
rasfaren overhengjande.

 Før ein går forbi eller under treet.
Etter ein har gått forbi eller under treet.
Som ein ser har all snøen forflytta seg
frå greinene og ned i nakken på stakkaren
som går tur.

Som ein bileteserie no vil illustrere kan dette øydeleggje turgleda for ein kvar, men heldigvis eksisterar det løysingar på dette, slik at turgleda kan reparerast! 

Som ein ser kan snøras frå tre øydeleggje
turgleda og vera årsaka til mindre hjerne-
skadar. 
Ei hua kan reparera turgleda, men diverre
ikkje hjerneskadar ser det ut for. Her skal
det og seiast at personar av hannkjønn med 
føremon kan få tak i ei hua med andre fargar. 
Skjerp deg vetlesyster Siri, 
byrj å strikk i skaplege fargar!

No har eg visst heilt gløymd rasfare for den særs bedageleg anlagde, så her kjem det:
Sjå etter slike skilt langs vegen

Ein anna type rasfare som også gjer seg gjeldane for den særs bedageleg anlagde, er at nokon er så rasande festlig at han ler så mykje at han køyrer av vegen. Eller at humoren er så dårleg at nokon vert rasande og slår til han. I denne samanhengen er nok ein av dei få gongane det kan vera eit føremon å vera ras(t)laus.(Me i Nordhordland Adventures kom ikkje på korleis me kunne få inn "rasist", "rastafari" eller "rasteplass" i eit dårleg ordspel, så det skal me då heller ikkje prøva å få til...)

Då er det berre navigasjon som gjenstår i denne guiden. Navigasjon er enkelt anten du gjer som Bear Grylls og føl ein bekk til sjøen og næraste hus, eller du brukar kart og kompass. Her kjem det eit par endå enklare metodar.

Finn eit høgt punkt med godt utsyn. Dersom du ser 
eit mørkt og fælt land, slik som Lygra er på dette biletet,
veit du at det er feil retning.

Sjekk Facebook GPSen. Til dett biletet
må det kommenterast at der det står 200m
nederst til venstre må det vera ein skrivefeil.
Denne turen kjendes mykje lengre ut enn dette.


Etter å ha gått ei stund er det alltid lurt
å sjekke ehh.. GPSen.. for å sjå at ein 
helt seg på rett kurs! 

For den særs bedageleg anlagde vert det diverre berre eit kort råd under navigasjonsdelen av guiden og. Snu og køyr same veg tilbake.

Men dersom du no klarer å læra denne overlevingsguiden på russisk og kan synge den baklengs mens du har munnen full i mariakjeks, då kan me i Nordhordland Adventures garantere at du kjem til å vera klar for å møte ein kvar situasjon i eit vinterprega Nordhordland!