fredag 8. januar 2016

Nordhordland Adventures på hesteryggen

Nokon av lesarane her har kanskje fått med seg at Nordhordland Adventures sin grunnleggjar har reist til framand land for ei stund. Men når jula var i sikte vart hovudkontoret til Nordhordland Adventures, som for tida ligg i Ulaanbaatar, vitja av andre frå Nordhordland. Så då var det sjølvsagd på tide å finne fram organisatorferdigheiter frå tidlegare turar og dra i gong ein tur med Nordhordland Adventures! Det vart fleire ekspedisjonar på ulike dagar, men for å gjerde det enkelt for skribenten konsentrerer me oss om ein av dei no.

To dagar før me la ut på denne ekspedisjonen hadde vetlesystera til styreleiaren kome med fly til Chinggis Khan International airport, så ho hadde hatt god tid på seg til akklimatisering og den slags før me tok laus. Ti på åtte på morgonen stod den innleidde sjåføren utføre og venta. Nordhordland Adventures har for tida eit tett uoffisielt samarbeid med NLM Mongolia, så det var der me kunne hente inn ein sjåfør. Og ein bil som ikkje hadde lov til å køyre inne i byen denne vekedagen.
Med temperaturar som lukta på 30 talet på minussida var me faktisk nøydt til å ta på stillongs. Eller sidan stillongs er eit registrert varemerke hjå Devold og eg gjekk i Janus klede, var det vel strengt tatt ei lang ullunderbuksa eg gjekk med.

Når du veit at temperaturmålaren i bilen syner 
nokolunde rett temperatur og går ned til  -30 grader 
celsius. Då er det eit litt urovekkande teikn at den
går til "e" for "error" på grunn av låge temperaturar. 
I alle fall når ein veit ein skal ut å sitje på ein hest. 
Som faktisk rører på seg. 

Etter ein time på asfalt, litt kortare på grus og litt lenger igjen i veglaust terreng, sjølvsagd inkludert to-tre kryssingar av elvar(grunna relativt låge temperaturar var dei frosne) kom me fram til hestemannen og telta hans. 

Etter ein kopp med melke-te og noko som linka på
minismoltringar utan hol i måtte me ut å prøve 
framkomstmidla. Syster Siri fekk låne ein deel
og ei hue sidan dei berre såg skaljakken hennar og
ikkje dei tre ullgenserane ho hadde på seg. 
Mongolane syntes ein jakke som berre var ein halv
millimeter tjukk var litt for tynn. 

Leigesjåføren og hesteeigaren var sjølvsagd også med på tur med hestane. Etter me hadde ridd ein liten halvtime spurde hr. hesteeigar ved hjelp av mongolsk, kroppsspråk og engelsk om me ville på fjelltur. Det ville me sjølvsagd. Syster Siri hadde eit føremon med at ho gjekk seks år på rideskule i sin ungdom. Eg veit ikkje om eg har vore på ein hesterygg seks gongar tidlegare i livet. Men sidan dette er Mongolia og er er ein mann, då er haldninga meir eller mindre at då skal eg kunne ri. Kjekt er det, men grunna ein total mangel på alt som kan likne teknikk er det til tider smertefullt. I alle fall i alt som går raskare enn sakte gange. Men kjekt! 

Hestane var noko motviljug til å krysse den elva 
som faktisk var flytande til tross for 25 minusgrader.

Etter elva byrja motebakkane. Det må seiast at hest er eit genialt framkomstmiddel. Ein får kjensla av å vera utandørs, men slepp å slite i bakkane sjølv, ein berre sit der og så går det på fram! Og når me fyrst var no i Mongolia var det jo heilt ok at me plutseleg kom bak ein saue- og geiteflokk som vart jaga ut for å finne seg mat. Lenger oppe i lia måtte eg spørje meg sjølv om det var ein god taktikk å la alle husdyr gå utan gjerder og mykje utan tilsyn, for då kryssa me eit spor i nysnøen som hr. Hesteeigar sa var ulv. Sidan han har eit arbeid som oppsynsmann eller liknande i den nasjonalparken me var, i tillegg til å ha litt storfe og hestar, er det jo godt mogleg at han visste kva han snakka om. 

Femti meter forbi ulvesporet var det greit å parkere
hestane og gå frå dei for å kome oss til topps. 

Det at me måtte gå dei siste hundre metrane som til alt overlegg var dei brattaste, var ei strek i rekninga. Min teori er at dei mangla piggdekk. Mongolske støvlar er veldig varme og gode når ein skal sitje på hesteryggen. Men til å gå i snø og bratt terreng var dei kanskje ikkje heilt ideelle. 

Om ikkje anna fekk me eit bilete me skal bruke i 
filmen "Søsken til evig tid - Mongoliareisa" då 
me kom til toppen. Me fekk også ei fantastisk utsikt.
Og ikkje minst fekk eg istappar i skjegget. 

Etter turen nedover og heimatt, med elvekryssingar og nesten-dette-av-hesten-på-grunn-av-mongolar-som-kjem-bakfrå-og-slår-til-den-for-å-få-farten-opp-hendingar var det inn i det teltet(geren) som hr. Hesteeigar budde i og ete nysteikt mat som kona hans hadde laga. Ei slags pannekake med sau og lauk inni som har blitt frityrsteikt. Kan ikkje slå feil! 

Alternative transportmiddel som gjer at ein slepp å gå har jo alltid slått godt an hjå Nordhordland Adventures. Sol og sumar midt på vinteren er jo og noko som er relativt sjeldan på vestlandet og då også i Nordhordland. Så på ostepølsekarakterskalaen blir dette ein sterk: 


Til slutt me i Nordhordland Adventures setje opp ei rask utstyrsliste for dei som har lyst å ta ein liknande tur: 

 - Mongolia
 - Hestar i lik mengd som deltakarar på turen
 - Ger(telt)
 - Menneske som kan lage khuushuur på omnen inne i geren 
 - Ulv som kan lage spor, berre sånn for spaninga sin del