torsdag 29. desember 2011

Ein gledesdag


For den observante lesar/sjåar kan det virke litt merkeleg
at overskrifta for innlegget er "ein gledesdag" når ein så
tydeleg kan sjå at Pajeroen står stroppa fast på ein
maskinhengar. For å forklare dette må eg først fortelje
om ein sørgjedag for om lag ein månad sidan.

Ganske nøyaktig rett før desember, altså i slutten av november hende det noko katastrofalt. Nokon vil kalla det menneskelig svikt, eg vel å legge all skuld på teknologien. 
Problema kan ein vel seie at byrja lenge før, men det var no katastrofen var eit faktum. 

Nokre veker etter at eg kjøpte Pajeroen, altså for lenge sidan, i sommar viste plutseleg oljetrykksmålaren at det ikkje var noko trykk på olja. Dette er vanlegvis ikkje eit bra teikn for ein motor. Så som ein ansvarleg sjåfør stoppa eg så snart som råd var for å finne ut kva problemet var. Var det oljepumpa som hadde kutta ut var sjølvsagd eit spørsmål som melde seg temmeleg snart. Så etter ein liten time med venting kom Falck klokka halv fire på natta og plasserte Pajeroen på planet av lastebilen og køyrde meg heim. Så både i gledesdagen og sørgjedagen er Pajeroen plassert på ein lastebil, eller hengaren til ein.
Uansett, bilen hadde kome i tunet igjen og rask feilsøking viste at det var trykk på olja, men målaren viste at det ikkje var trykk, så eg konkluderte med at det måtte vera sjølve følaren som var øydelagd. Då eg hadde skaffa ein ny følar og skulle til å bytte fann eg ut at det var leidningen som gjekk frå følaren og til opp til instrumentpanelet i bilen som var øydelagt, så ein ny kabelsko var nok til å fikse bilen denne gongen.

Etter denne fiksinga kom dette problemet tilbake med ujamne mellomrom, og det var alltid enkelt å fikse, å sette på plass leidningen igjen var det som skulle til. Så for ein månad sidan, ein kveld med regn, mørkre, vind og uvilje mot å vera utanfor bilen meir enn naudsynt skjedde det igjen at oljetrykksmåleren sank til null. Eg tenkte sjølvsagd at dette er ingen problem, eg set på at den leidningen i morgon. Dårleg plan. For å vere på den sikre sida sa eg og til ein kamerat som gjekk ut av bilen at han måtte ringje meg umiddelbart viss han såg oljeflekkar under bilen når eg køyrde. Han såg ingen. At det var litt oljelukt akkurat i det eg køyrde ut av parkeringsplassen tenkte eg på som ufarleg sidan det køyrde ein asfaltbil rett framføre meg. 

Etter ein spelekveld i Åsane som vart avslutta i to-tre tida same skulle eg starte opp og køyre til byn for å legge meg å sove. Då var plutseleg det meste av motorkrafta i bilen vekke og etter kvart byrja turboen å lage ein stygg lyd. Sidan eg framleis forsøkte å vera ein ansvarleg sjåfør stoppa eg så snart som råd var. Olja som vanlegvis befann seg inni motoren var no fordelt fint rundt i heilt motorrommet. Neste morgon førte litt feilsøking til at me såg det var hol i ein oljeslange. Ikkje bra. så etter å ha slept bilen heim, fått Tess til å ta overpris for ein ny slange, bytta slange og fylt på olje var det tid for å køyre til eit styremøte. Eg kom for seint.
etter akkurat nok tid til at bilen hadde blitt varm steig turtalet til maks, dette utan at eg var borti gasspedalen, og til tross for at eg vreid nøkkelen til "0" posisjonen. Etter det eg har høyrd byrja motoren her å gå på motorolje, noko som visstnok skal vera eit dårleg teikn. Så eit nytt slep fekk bilen heim att. Etter tre veker fekk eg tak i ein ny motor og no etter endå ei veke fekk me bilen og motoren på ein maskinhengar og på veg til Andvik der den ved kyndig hjelp forhåpentlegvis vil starte å gå i mange, lange mil etter ein motortransplantasjon. Dersom transplantasjonen skulle mislykkast vil heile Nordhordland Adventures stå i fare for nedlegging då logistikkavdelinga vil vera ute av drift. Men så lenge det er mekanikarar i Andvik er det håp! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar