torsdag 28. april 2011

Påskeegg

Så var påsken over for lenge sidan og tida er komen for publisering av denne påska si store hending i Nordhordland Adventures. Denne turen var som eit pilotprosjekt for å sjå om det var praktisk gjennomførleg for Nordhordland Adventures å ta med ein gjennomsnittleg nordmann på tur! Difor tok me med fem stykk, for å få med heile spekteret. Frå dei som er bort i mot født i ein sovepose under open himmel, til dei som hadde sin første overnatting ute tidlegare i veka.

Etter at eg, Olav Andre, Hogne og Vegard hadde venta i om lag ein og ein halv time etter det fastsette avgangstidspunktet kom dei to siste deltakarane på turen, Anders og Hans Roger.
Seks glade vandrar spende på seg sekken og la av garde oppover dei stupande bratte fjellsidene mot mount Bergås, eller Berfjorfjellet som det ver kalla på folkemunne. Med sine bort i mot 190 meter over havet var ikkje dette ei enkel oppgåve klokka to på natta. Og enklare vart det heller ikkje med tanke på utstyrsmengda som var naudsynt på ein ekspedisjon som dette. Alt frå vasspipe og gitar til brødform måtte berast opp, då kraftig vind gjorde det umogeleg å lande eit helikopter med utstyret på toppen.

 Olav og Hogne klar til avmarsj på beksvarte natta,
synd me måtte vente over ein time før me kunne gå. 

Sidan dette var ein tur med overnatting gjekk alle med sekk, noko som ikkje fall heilt heldig ut sidan det før omtalte slankastemannmåberasekkenprinsippet då ikkje kunne tre i kraft. Og ikkje nok med det, men den tyngste mannen måtte bera den tyngste sekken. Rettferda er på vikande front.
Grunna dette enkle faktum måtte eg temmeleg fort ta ein teknisk kvil for å justere sekken. Etter denne kvilen vart det mi oppgåve å sikre baktroppen, og som ein god sikrar sikra eg etter kvart lengre og lengre bak dei andre. Det er eit tungt ansvar som berre kan gjevast til ein erfaren turgåar, dette å sørge for at alle dei andre skal få føle dei er i kanonform med å kome til topps fem - ti minutt etter sistemann når ein er på ein 25 minutts tur.

Her ser ein kor mykje det går an å hate ein tung sekk
allereie før turen byrjar.
Men til topps kom me alle saman til slutt. Då var det fram med gitar, vasspipe, toblerone, popcorn, colaboksar, chips og den slags naudsynt motivasjon etter å ha slite såpass hardt som me trass alt hadde. 
Klokka var plutseleg blitt tre på natta, så då var det etter kvart på tide å leggje seg slik at me kom oss opp tidleg nok til å ete påskeegg og syngje påskesongar i soloppgangen. Takka vera ei astronomiforelesing av Hogne sovna alle før det var gått to og eit halvt minutt. 
Sidan det ein gong er no slik at det er fantastisk å sove ute vakna me alt for seint til soloppgangen. Hogne som hadde dyssa alle i søvn var også førstemann opp, og han kunne konstatere at me var for sein. At me ikkje rakk soloppgangen såg flesteparten av gruppa på som ein gyldig grunn til å la ver å stå opp. Så då sov me vidare. 


Men etterkvart kom me oss opp ein etter ein for å  ta fatt på dagens program, koking av egg og synging. 

Når ein er seks mann til fjells pluss Espen som kom opp til eggeting er det rett og rimeleg å tru at 21 egg skulle vera nok. Det er faktisk for mykje. Apropos Espen som kom opp til eggetinga, grunnen til at han ikkje var med heile turen vart openberra då han kom joggande over fjellet for å ta del i festmåltidet. Nordhordland Adventures skal vera for den bedageleg anlagte, jogging er ikkje bedageleg. 
Lett nynnande på "Eye of the tiger" kom Espen Joggande
opp på frukostbesøk.  

 I mangel på bilete av kokande egg tar eg med bilete av 
dei me steikte. 
 Dei fleste fekk egg og bacon til frukost, Hans Roger
fekk flis. 

Med egg og bacon innabords var turkoret klare til oppstilling. Etter diverse påskesongar kom Han er oppstanden, og vakrare synging trur eg aldri nokon har høyrd på Berfjorfjellet før. Eg reknar i alle fall med at det var det som var grunnen til at det berre kom ein anna turgåar opp så lenge me var der. Songprestasjonen kan for øvrig sjåast her.

Då gjenstår det berre å seie at denne turen var ein suksess og at som eit resultat av dette vil Nordhordland Adventures byrje å arrangere turar. Og til slutt får eg vera høfleg og takka for turen, og takka Vegard som var offisiell turfotograf.

Som ein ser er alle blide og fornøgde og samde om at 
Nordhordland Adventures absolutt burde arrangere fleire turar.  

torsdag 21. april 2011

Nordrogaland Adventures - Dag 3

Så var den siste dagen for opphaldet mitt på sørvestlandet komen, men me fortvila ikkje for det var framleis meir ammunisjon og leirduer som skulle brukast! Etter ein grytidleg frukost, dei andre åt visst klokka åtte viste det seg når eg kom hanglande klokka halv ni. Etter ein god frukost, det skal dei ha desse Susortane, det manglar ikkje på maten der til gards, lata eg som eg hadde kompetanse innan elektrofaget så eg såg på ein traktor frå syttitalet for å sjå om det var mogeleg å få kopla opp noko lys på den. Det var mogeleg, men i mangel på nytt leidningsnett kjørte me heller til fjells for å skyte litt. Eller mykje.

Me hadde om lag hundre leirduer att, og desse klarte me til slutt å bruke om lag 230 skot på. Ikkje det at me er så vanvittig dårleg til å skyte(det er me kanskje også, men det er ikkje så nøye), men det er fryktelig kjekt å treffe den same dua fleire gongar med hagl frå to forskjellege hagler. Yngsteson Susort var med denne dagen også for å halde fram med kastearbeidet, dette førte til at eg og nesteldsteson Susort, tidlegare også kjend som kjentmann Susort, kunne konsentrere oss om det viktige, skytetevling.
Denne tevlinga gjekk ut over skuldrene våre, eller no snakkar eg for min eigen del, kva Susort si skulder fekk gjennomgå skal ikkje eg uttale meg om. Når det vert kasta opp ei leirdue og det vert operert med poengsystem for kven som er førstemann til å treffe den leirdua seier det seg sjøl at ein ikkje kan ta omsyn til slike smålege ting som å få plassert hagla inntil skuldra før ein trekk av. Alle som har skote med hagle og har halde den ein liten centimeter frå skuldra når han (eller ho) trekk av, veit at det kan vera smertefullt. Å gjenta denne prosedyren 10-15 gongar i løpet av to dagar gjer ikkje ting mykje betre. Men så lenge ting smell og leirduer går ned for teljing varer moroa!
Som sagt brukte me om lag 230 skot på dei leirduene, noko som førte til at me sat igjen med rundt 100 skot, dette var jo på sett og vis ein nedtur, men ammunisjon står seg eit par veker før den begynner å mygle og sjølvdetonere så det skal vel gå å få den brukt før den går ut på dato.

 I mangel på relevant bilete til denne dagen tar eg med 
eit av Land Cruiseren i vakker Nordrogalanadsk natur.

Dette var vel om lag det siste me gjorde av aktivitetar som med nød og neppe kan plasserast inn under friluftslivkategorien så då kan eg konkludera med at med 500 skot avfyrt i løpet av to dagar, fine mogelegheiter for båtliv og ein ellers særs bra natur så er Nordrogaland absolutt eit verdig reisemål for Nordhordland Adventures, og verksemda vil kanskje ein dag bli utvida til å omfatte dette området! Takk for meg Susort!

Nordrogaland Adventures - Dag 2

Sidan dette skulle vere ein rein skytetur hadde me utstyret på plass, hagler, salonggevær, luftgevær, luftpistol, vasspistol og sprettert. Alt vart ikkje nytta, men det var i det minste tilgjengeleg!

 Men for å byrje på dag 2: Etter ein raskt fortært frukost bar det inn til Haugesund for å handle inn naudsynt utstyr til dagens store aktivitet, skyting. Etter ein rask diskusjon, eller meir ein utveksling av like meiningar fann me ut at 500 hagleskot og 200 leirduer måtte vera eit greit forbruk på to dagar. I og med at me kunne stille med 2 pumpehagler som begge tar fire + eit skot var naturleg å tru at me kom til å bruke 2,5 skot pr. leirdue. Altså 2 leirduer pr. magasin, noko som i og for seg ikkje er så gale med tanke på at eg har vore med på å bruke 5 skot pr. leirdue. Som det og viste seg seinare hadde me kanskje feilberekna litt då me faktisk klarte å bruke sju skot på ei leirdue, men meir om det seinare.

Etter handleturen var det på tide å prøve salonggeværet. Ein lyddempa halvautomatisk rakkar med kikkert, tofot og 25 skots magasin. Gøy!
Her er magasinet tatt ut for å gje det feilaktige intrykket av at Nordhordland Adventures er ansvarlege og ikkje driv med usikker behandling av våpen. Dette for at det ikkje skal vera ein eller anna våpenmotstandar som ser bileta og melder oss til politiet som tar frå oss våpenløyva. Til denne våpenmotstandaren kan eg skriva at alt eg skriv som kan minne om uansvarleg handsaming av våpen er reinspikka løgn som kun er skrive for å få ei betre historie ut av turen.

Og så eit poseringsbilete 

Som ein ser her er det viktigaste når ein skal skyte
å ha eit godt anlegg slik at ein klarer å halde våpenet i ro.
Det er også viktig å ha sikker bakgrunn når ein skyt, i dette
tilfellet sikkerhetsbeltet inne i bilen.

Eit bel seinare var det dags for å hente våpna med større smell i. Det var på tide med leirdueskyting! For å kome opp til staden kjentmann Susort hadde sett seg ut for denne aktiviteten lasta me opp både land cruiser og ein firhjuling. Firhjulingen var med for å kunne frakte oss det siste stykket opp til skytestaden utan å gjenta grøftegravinga frå dagen før. Staden som var utvald som skyteplass var då og flytta for ikkje å irritere den tidlegare omtala naboen meir. Då me var kome så langt kjentmann Susort turte å la Land Cruiseren kjøre lasta me over bagasjen til firhjulingen. Det var då katastrofen viste seg. Når Firhjulingen var lasta med hagler, ammunisjon og leirduer var det ikkje lenger passasjerplass, altså måtte eg og yngsteson Susort som var leigd inn som leirduekastar gå minst 200 meter! Så utsliten og sveittande etter ein hard marsj under den steikande sola kom me til den improviserte skytebana. Her må litt skryt av den nord-rogalandske naturen inn, dette var faktisk den flottaste plassen eg har vore og skote på leirduer! 



Som ein kan sjå av desse bileta går leirdueskyting litt annleis føre seg i Rogaland enn resten av verda. Her har dei skjønt at det er viktig å aldri forlate eit motorisert kjøretøy. Dette er for at ein lettare skal kome seg bort til leirduene som berre vert skadeskotne og få avliva dei. Ein anna skilnad er at dei har forstått at så lenge det er hagl i lufta er det mogelegheit for å treffe. Det er difor eg sit med to hagler på det biletet eg er åleine på. Det er også grunnen til at me klarte å bruke sju skot på ei leirdue. I den samanheng kan det seiast at det vart treff på det første skotet, dei seks etterfølgjande skota var berre for å treffe mest mogeleg! 

Men etter nesten 200 skot avfyrt i rask rekkefølgje og eit ukjend tal leirduer avliva var yngsteson Susort lei av lavkastearbeidet og skuldrene våre hadde fått seg eit slag eller ti sidan me alltid skulle vere så raske og dermed ikkje alltid var like nøye på å få hagla godt plassert før me trakk av. Så etter litt rask opprydding var me på veg ned att frå fjellet.


Kvelden denne dagen var det også nydeleg ver, faktisk så nydeleg at det ikkje var nokon anna utveg enn å kome seg på sjøen. På sjøen vart me møtt av synet av Kårstø i skumring. Og til den andre sida var det faktisk ei fin utsikt! Biletet av den fine utsikta er ikkje det same bilete som viser det berømte motivet "Elg i solnedgang".




Dette vart ei særs bra avslutning på ein særs bra dag, men følg med vidare for dag 3 er full av drama! Eller ikkje. Og til alle som synes det same som meg, at bileta ikkje er så bra som dei kunne ha vore, de kan forandre på det med å sponse meg med eit Canon kompaktkamera! 

Nordrogaland Adventures - Dag 1

Då har eg som ei utsending frå Nordhordland Adventures vore tre dagar på vitjing i nord-Rogaland (Sidan det enno ikkje er tilsett ein korrekturlesar ved Nordhordland Adventures oppfordrar eg dei som kan rett skrivemåte av "nord-Rogaland" til å leggje att ein kommentar i kommentarfeltet!) for å sjå om det er mogelegheiter for ei utviding av verksemda vår. Grunna stor ei stor mengd med opplevingar og ekskursjonar vert denne turen delt opp i tre. Turen varte frå 17. - 19. april.

Eg kom fram til Susort gods som skulle var base denne helga søndag ettermiddag/kveld og vart vel teke i mot av nest eldste son Susort og resten av familien. Turen som har vore planlagd ei god stund var meint å skulle bli ein rein skyteferie, men kven skulle trudd at det gjekk an å finne på så mykje meir på Susort?
Berre for å kome med litt bakgrunnsinformasjon om Susort gods dersom nokon skulle vere interessert i det kan eg opplyse om at dei livnærer seg av å oppdrett av limousin, som visstnok er ein kvegrase. Av di eg ikkje fekk tatt dei nærare i augesyn legg eg ved bilete av begge rasane eg fann når eg søkte på google etter limousin.


Kva for ein av rasane dei har på Susort gods er det vanskeleg for 
meg å svare på då kvegrasar er litt utanfor mitt ekspertiseområde. 
Det skal då seiast at eg trur ikkje eg såg hjul på nokre av kyrene der nede. 


Denne fyrste dagen var det ikkje dei store utfluktene. Det kan ha vore ein samanheng mellom lite aktivitetar og at eg kom ned i sjutida på kvelden, men det er berre spekulasjonar frå mi side.
Men noko hende sjølvsagd denne dagen og. Me tok med godt mot med oss ei hagla og eit par skot i Land Cruisaren for å sjå om det var nokre rådyr som gjekk og øydelagde bøane me kunne skremme vekk. Og då var faktisk planen å skremme og, ikkje få seg god middag. Som ein ansvarleg(Kan i det minste prøve å late som!) aktør vil Nordhordland Adventures  gå framføre med eit godt eksempel og berre drepe når det er tillate. Uansett var det ingen rådyr å sjå, så då fekk me ingen mogelegheit til å bevise at me er ansvarlege.

Lettare skremd av mangelen på dyr tok me ein rekognoseringsrunde for å finne ut kor det var mest egna terreng å skyte på leirduer neste dag. Me følgde ein traktorveg innover det idylliske landskapet(i bil sjølvsagd) langs eit vatn for å sjå på mogelegheitene på eit beite Susortane leiger. Grunna litt uklåre beskjedar om kor det var best å snu, ein tosk med alt for god tiltru til tynne vinterdekk på ein Land Cruiser bak rattet og ein veg som gjekk meir og meir over til å bli eit reint beite endte turen som den måtte. Me sto fast.
Ein Land Cruiser lar seg ikkje stoppe av litt gjørme dersom det er nok av folk villege til å bere stein å legge i dei halvmeterdjupe grøftene som har blitt spunne opp, så til slutt hadde me fått snudd bilen og var på veg nedover igjen. Litt for seint. Her kjem det nok eit turtips: Dersom du vil gjere eit godt førsteinntrykk på naboen til ein kamerat som kameraten sin familie leiger beite av, IKKJE sett deg fast med bil på det omtala beitet, spinn opp nokre grøfter det ville tatt ei 50 tonns gravemaskin ein dag å grave for så å møte den omtala naboen femten meter bortanfor når han og kona er på tur. Og då hjelp det heller ikkje å ha eit våpenfutteral lett synleg i bilen så han kan tru det er tjuvjakt på gong. Så dersom nokon kjenner den omtala naboen kan dei retta mine djupaste orsakingar for dette. Og sidan eg mest sannsynleg ikkje kjem til å sjå han igjen kan eg ta all skuld på meg!

Etter denne heller uheldige starten på opphaldet tok me ei taktisk tilbaketrekking for å leggja ein betre slagplan for neste dag, for då skulle skytinga byrje!

torsdag 14. april 2011

Grilling in the rain

Til dei av dykk som ikkje får vermeldinga i dag til å stemme med beskrivinga av veret i denne ekspedisjonen kan eg opplyse om at dette gjekk føre seg på måndag.

Så var det tid for å ete ute igjen. Denne gongen med Hogne, Bjarte og Joaki ehh.. Joach hmm.. Joaci... Joen.

Grunna det Bjarte for ein halvtime sidan hadde kalla nokre dråpar, men eigentleg var monsunregnet frå Afrika som hadde tatt ein liten omveg vart denne middagen litt utradisjonell i friluftslivsamanheng. Ikkje fordi det regntida og middagen utomhus fell til same tidspunktet. Men av di nokre stakkars bitre friluftsfanatikarar kanskje vil sei at friluftslivet forsvann med problemløysinga vår då det ikkje var aktuelt å bli våt sjølv om me skulle vera ute og spidda pølser.
Men av same grunn som nokon vil seie at det ikkje var mykje friluftslivpreg vil eg seie at i dette innlegget er det mange gode råd til den som vil ut og ete men helst ikkje vere i for stor kontakt med elementa.
Før forteljinga kjem så langt som til kva me faktisk gjorde kan eg ta for meg utstyrslista med eit raskt prisoverslag til hjelp for den som vil ut for å nyte bålsvidd grillmat.

1. stk 4x7 m presenning ca 150,-
1. stk 50 m taug ca. 150,- (på ein overprisa bensinstasjon)
1/2 sekk ved ca. gratis,- (forutsatt du har tilgjengeleg skog å ta av)
1. stk Land Cruiser med takbøylar for festemogelegheiter ca. 15.199,-
3. stk vener. Variabel pris, men kvaliteten stig dess mindre ein betaler.
1/2 l bensin ca. ALT for dyrt,-
2x naudsynt mengd grillmat (grunna stor variasjon vil eg la det vere opp til den enkelte å gjera eit prisoverslag)

Me kom til grillplassen på Eidsneskaien og gjekk straks til arbeid. Hogne og eg spente opp presenningen mens Joen tok den taktiske løysinga og sto under presenningen. Etter kvart kom Bjarte også og gav sitt samtykke til Joen sin taktikk og slo derfor følgje med han. Grunnen til at Land Cruiseren måtte med på utstyrslista er så enkel som at på eine sida av kaien på Eidsnes veks det tre i umiddelbar nærleik til sjølve kaien. Men for å få ståhøgde under presenningen måtte den festast høgt oppe på begge sider, altså i Cruiseren og i trea.
Berre for å presisere at dette til trass for at me brenn bål under tak på ein asfaltert plass er friluftsliv, kaien på Eidsnes er ein Tømmerkai, så her låg det denne dagen meir skog enn eg har sett på lenge. Og kva meir treng ein i friluftsliv enn skog og sjø? Fjell seier du? Sjølv om me prøvde å unngå det såg me eit par av dei på Osterøy rett over fjorden.

Etter taket var på plass var det bålet som stod for tur, men grunna monsunregn såg me at det kunne bli eit problem å få tent det opp. Viss me gjorde det under presenningen ville me øydeleggje taket vårt og bli blaut. Viss me gjorde det utanfor presenningen, men nært nok til at me kunne stå under presenningen og grilla ville veden og opptenningsmaterialet bli vått og dermed ikkje ta fyr. Men dersom veden og opptenningsmaterialet blir vått av bensin, brenn det særs godt! Faktisk så godt at Bjarte som sette fyr har meir hår på den venstre handa enn den høgre.
Lettare sjokkskadd av den eksplosjonsarta brannen var det berre ein ting å gjere, døyve traumet med cola, juice og grillmat.


Bål tend opp med bensin og som står konstant i eit høljeregn har ein lei tendens til å brenne opp ganske snart, og så snart maten var oppeten (det me klarte å ete opp, sjølvsagd ikkje alt), Jarle kom til etter kvart for å hjelpe med det, var det tid for å destruere noko fyrverkeri som har lagt sidan nyttårsaftan. Det er diverre ei kjend sanning at fyrverkeri som ligg lenge vert ustabilt, difor er det ofte blitt vår oppgåve og destruere den slags på ein sikker måte. Uansett, presenningen var pakka vekk og delar av eit thunder king batteri lagt på bålet. Etter dei få glørne som var att av bålet hadde blitt trygt sprengt rundt på heile tømmerkaien var det på tide å setje seg i bilen og køyre heim att.
Nok ein god utemiddag unngajort!

Fleire og betre bilete vil kanskje bli lagt ut dersom Joen som var ansvarleg fotograf denne turen somlar seg til å sende dei til meg...

mandag 11. april 2011

Dieseldyr

I beskrivinga av bloggen har eg lova å skrive om naturen som leikeplass for den bedagelig anlagte. No skal maskineriet råda!

I haust, altså 2010, når Land Cruiseren enno ikkje hatt frakta meg så mange mil hadde eg ein nyleg innkjøpt ATV montert framme på bilen. Grunnen til at ein ATV vinsj var montert der var at eg slått av ein augneblink med idioti og kjøpte den for 600 kroner på Sommardagane i lyngdal. Den kunne jo trekke 1 tonn! så då vog jo bilen berre 700 kg meir enn det vinsjen skulle klare, og det er ingenting i den store samanhengen! Synd at eg til vanleg operer i den vesle samanhengen der 700 kilo er ein del...

Men denne vinsjen måtte i alle fall prøvast ut. Så då nytta eg høvet til å få med Bjarte, den andre gründaren i firmaet Nordhordland Adventures (som framleis er i planleggingsfasen) og ta ein tur utanfor allfarveg i bil, såkalla off road køyring. Eller heilt off road var det ikkje sidan det faktisk var ein gamal og attgrodd traktorveg me fann og køyrde innover. Etter første sving kom den første hindringa, ein bakke med litt gjørme. No skulle ein kanskje ikkje tru at ein bakke er nok til å stoppe ein Land Cruiser og i ordinære situasjonar der sjåføren har logisk tankegong i staden for ein optimisme som har gått over i rein og skjær idioti for fleire år sidan og andre dekk enn ulovleg slitte sommardekk ville det heller ikkje vore noko problem. Ein ting var sikkert, uansett kor stor fart eg tok, denne farten blir naturleg nok avgrensa når ein ikkje har noko særleg med plass å ta fart og 3. giret i lågserien innbyr ikkje til dei store toppfartsrekordane, gjekk det ikkje å kome seg opp!

Illustrasjonsbilete av meg i ein motebakke med Cruisaren,
dog ikkje ein motebakke med gjørma i 


 Illustrasjonsbilete av at eg står fast og ikkje kjem meg opp 
bakken med Cruisaren, dog ikkje i ein motebakke. 

Vinsjen kom til sin rett! Med godt mot spente me fast i eit tre som nesten sto rett framom bilen og i toppen av bakken. Andrepiloten var på utsida, styrde vinsjen og observerte eventuelle framsteg. Eg sat inni og køyrde(eller grov store gjørmehol under bilen) og det gjekk sakte men sikkert på fram. På toppen av den verste kneika kunne me ta ein inspeksjon av vinsjen. Den var øydelagd. 600 kroner var i grunnen litt mykje å betale for å kome seg opp ein bakke, men det skulle ikkje få lov til å legge ein dempar på stemninga! Me braut oss innover, kufangaren la ned trer tjukke som ein middels tømmerstokk var i sin spede barndom. Etter om lag ein kilometer med effektiv skogshogst gjekk me ut for å inspisere mogeleg snuplass for å setje kursen mot allfarveg sidan me frykta at me plutseleg kunne kome til å fylgje skogsvegen så langt at me enda opp i tunet til ein lokal bonde.

I det me la bak oss den kontrollerte atmosfæren i cockpiten kjende me ei gjennomtrengande diesellukt som reiv i nasen. Inspeksjon av snuplass vart fort lagt på hylla, her var det ein ting å gjere, gje gass og håpe på at det var mogeleg å snu utan å sitje fast i sørpa! Snuoperasjonen gjekk overraskande bra og neste punkt på kriseplanen vart sett i verk. Ned til vegen så fort som over hovudet mogeleg, for er det ein diesellekkasje og bilen stoppar ein kilometer frå næraste grusveg har me eit forklaringsproblem når me ringjer Viking. I det me svinga ut på grusvegen igjen kunne spegelen i bilen avsløra ei stripe, eller nærare ein bekk av diesel bak bilen.

Hadde me latt oss skremme av dette kunne me lagt heile planane om turorganisering i Nordhordland for dei eventyrlystne bak oss. Etter ei foreløpig undersøking av bilen var det mogeleg å innsnevre dei mogelege problemkjeldene til ein avriven dieselslange det rann av. Og dunkinga som hadde vore i heile bilen var ei grein som hadde lagt seg innimellom eit deksel og mellomakslingen (altså den delen som sviv rundt midt under bilen) og prøvde kome seg vekk der i frå. Skogen hadde prøvd å ta hemn for å bli lagt flat på eit så ukonvensjonelt vis. Men etter ein dieselslange sett på plass, ei grein fjerna, og klesplagg og overkroppar gjennomtrengt av diesel kunne me slå fast at naturen måtte gje etter for menneskeleg idioti genialitet og maskineri nok ein gong!


 Illustrasjonsbilete det eg fikser drivstoffsystemet på ein bil.
Dog ikkje ein Land Cruisar eller dieselbil. 

onsdag 6. april 2011

Forbi Nansen!

Sidan eg nett har byrja denne publiseringa av eventyra mine, vil det no den første stunda også kome forteljingar om tidlegare ekspedisjonar.
Denne gongen vert det difor historia om når eg og ein klassekamerat, Andreas, utførde eit vågestykke som var sjølvaste Nansen verdig! Dersom nokon skulle tenkje at "Nansen var jo på ei skute i polisen (altså pol-isen, ikkje politiet...) i tre år, korleis kan denne slasken på nokon som helst måte gjera noko som kan måla seg med det?" Vel, då kan eg få lov til å informere om at Nansen trente seg opp med å gå på ski på Ulriken. Eg har ikkje gått på ski på Ulriken. Så med denne bakgrunnen seier det seg sjølv at det ikkje er ei større bragd at han klarte tre år i polhavet enn at eg og Andreas klarte ei natt under open himmel i Nordhordland. Det var til og med minusgradar!


Men for å opne med byrjinga. For om lag ei veke sidan var det fint vær på vestlandet for første gong sidan snøen for. Dette kunne jo berre føre til ein ting, overnatting ute. Og for å setja ein ekstra spiss på ekspedisjonen, kanotur med overnatting!
Då denne planen vart vedtatt halv eitt på ettermiddagen mangla me ein vesentleg ting på utstyrslista, ein kano. Dette problemet vart heldigvis raskt løyst med ein telefon til NLA som tilfeldigvis har ein heil tilhengar full av kanoar. Så då var det berre til å hive seg i bilen og hente kanoen på Breistein. Med kanoen godt spent fast i takgrinda oppdaga me at takgrinda vanskeleg laut seg strame noko meir sjølv om den hadde ein tendens til å flytte seg framover og bakover når me drog lite granne i den. Men dette problemet vart raskt løyst med å ignorere det. Og for å slå tilbake alle påstandar om uforsvarleg lastsikring, biletet oppe til venstre viser at me kom fram og at sikringa derfor var god nok. Bruk av setebelte kan nok derimot kritiserast ut frå biletet.

Så gjekk turen tilbake til byn for å pakke resten av det naudsynte utstyret. Om det eventuelt skulle vera nokon som les detta utan å kjenna meg kan eg no forklara at eg er ein eksilstril. Eg kjem frå Nordhordland, men har ein leilegheit i byn (Bergen) no i studietida. Men tilbake til utstyrspakking. Fjellduk, sovepose, liggeunderlag, brun lapskaus på boks, primus, ullundertøy, tørr ved, vannpipe, sag, dopapir, øks, lommelykt + så mykje cola, sjokolademjelk og ostepølser me kunne bera i fellesskap var essensielt til denne ekspedisjonen i ein polfarars fotefar. Særleg provianten er mykje den same som Nansen og hans menn levde på.
Uansett, klokka var no blitt litt over seks på ettermiddagen og i vår søken etter gode padlemogelegheiter i Lindås fann me ut at sjølv om snøen er vekke kan isen på vatna ligga. Så etter grundig rekognosering, me såg minst to vatn frå bilvegen avgjorde me at det vatnet som faktisk hadde 150 meter med vatn og ikkje berre is var det beste utgangspunktet.

Her måtte meir rekognosering til. Kunne me kome oss fram til isfrie vatn eller var katastrofen eit faktum slik at me måtte oppgje kanokonseptet og GÅ til ein egna leirplass? Med standhaftig mot sette me kursen mot isen. Og med ein baug i kledd i hardplast for å bryte gjennom uhindra og uskadd padla me fram og braut is som sjølvaste Fram! Fire og ein halv meter. Etter det var isen for tjukk og ein ny taktikk måtte takast i bruk. Padle så fort som overhovudet mogeleg og sidan eg sat bak i kanoen, var baugen til ei kvar tid minst tjue centimeter over vassflata og dermed padla me oss oppå isen. Isen var sjølvsagd ingen match for ein med mi matchvekt, så då knuste isen sakte men sikkert under oss og me kunne ta ny fart og kome ei kanolengd lenger.
Då me hadde nytta oss av dei to føregåande isknusemetodane lenge nok fann me ut at det var berre til å hente bagasjen, for dette skulle gå!

Fullasta med bagasje og oss sjølv padla me nok ein gong mot isen, men denne gongen kom me langt nok til at isen plutseleg ikkje ville gje etter. Då var det berre ein ting å gjera, ta i bruk den kjende eskimoteknikken, idiotasomvilgågjennomisenfrysaihelogdø. (Ja, dei eskimoane har eit vanskeleg språk med lange ord!) Få heile kanoen opp på isen, sette ein fot utpå isen og gje fart. Den andre foten (u)trygt plassert i kanoen, dersom me då skulle gå gjennom isen var me sikker på at den eine foten i kanoen ville føre til slagside og kantring!


Som ein kan sjå av dette illustrasjonsbiletet der eg demonstrerer teknikken er noko av det viktigaste ein gjer å halde skarp utkikk til alle andre sider enn fartsretninga på kanoen for å sjå etter sprekkdanningar i isen. Som ein kvar erfaren eskimo kan fortelje deg, "gana piqsirpoq qimuqsuq", som raskt oversett tyder: sprekkene kjem ikkje framme din idiot! Eller så kan det tyde fallande snø, drivande snø, snødrev. Det er ein liten skilnad på kva orda betyr alt etter kvar den aktuelle eskimoen kjem frå. Ein anna ting å hugse på er å halde armane litt ut frå kroppen og godt planta i sida, slik at dersom det skulle oppstå eit lite hol i isen vil ein vere for stor til å dette nedi. Av same grunn er det eit føremon å ha mage.

Uansett, denne teknikken brukte me til å forsera ubeskrivelege lengder med is, iallefall 139 meter, før me kom til land på den andre sida. Etter ilandstiginga var gjennomførd viste det seg at rett over haugen låg Seimsfjorden og eit fiskeoppdrettsanlegg noko som utvilsomt ville øydeleggje utsynet og den harmoniske stemninga med naturen me ville oppnå. Katastrofen var eit faktum. På med feilpakka sekk og gå. Her kjem eit turtips viss du skal gå med tung sekk eit stykke, ikkje pakk tre liter vatn, bensin til primus, hermetisk mat og alt det tyngste du kan finne øvst i sekken. Dette kan føre til at du i nedoverbakke får ein liten skubb bakfrå og hamnar på trynet nedi næraste steinrøys, skrapar opp hender og andlet samt forstuar venstre kne. I oppoverbakkane kan du bli dratt tilbake så du plutseleg må gå opp same kneiken 3-4 gongar før du kapitulerar og kryp opp for å ikkje miste balansen på toppen. Heldigvis skjedde ikkje dette med kneforstuinga meg.



No hadde me til slutt kome fram, eller eg var trøtt og lei etter å ha kjempa meg nokre hundre meter vekk frå fiskeoppdrettsanlegget, så det var på tide å lage ein leirplass! Her valde me sjølvsagd den staden innanfor ein radius på om lag 15 meter med finast utsikt. Då starta det verkelege arbeidet. Vedhogst. Dette høyres kanskje enkelt nok ut, men i ein vestlandsskog som ikkje har sett sol sidan Chuck Norris var på besøk og ville ha finver ein gong på åttitalet, er det vanskeleg å finne daude tre som har tørka i staden for å rotne. Men lukka står den kjekke(altså Andreas) bi, og me fekk til slutt høgd noko ved som me ikkje var meir enn 93% vatn og med den tørre veden me hadde med oss var bålet snart i gong! Etter kveldsmat var det vasspipe tid, eg har aldri vore nokon røykar, forrige gong eg forsøkte var det vanleg pipe som var nyinnkjøpt i Sverige. Etter stopp på kvar einaste bensinstasjon frå Svinesund til Lillesand for å få frisk luft og prøve å spy fann eg ut at dette er ikkje noko for meg. Men vasspipe er bra! Kald røyk som smakar snop.

Men for å gjera resten av denne historia så kort som heile eigentlig kunne vore; Ostepølser varma på bål til kvelds, stjerneklårt og 7 minus på natta, ostepølser varma på primus til frukost. Sikker vinnar! Etter det var det den betraktelig lettare marsjen tilbake til kanoen, vatn, ostepølser og ved er tyngre enn ein skulle tru! Så litt meir idiotasomvilgågjennomisenfrysaihelogdø teknikk ut i ope farvatn. Her skal da dog seiast at isen var temmelig tjukk, midt utpå vatnet fann eg fram øksa og etter å ha hogd ein god halvmeter( les 15 cm) nedover var eg framleis ikkje kome gjennom. Og når eg seier ut til ope farvatn, sju minusgrader ei natt har ein lei tendens til å gjera dette ein god del mindre enn det var dagen før. Men det var ikkje noko problem for arvtakarane til Nansen og Johansen! Dei overvintra kanskje på Frans Josefs land, men eg og Andreas overnatta i Nordhordland utan å ha trent på ski på Ulriken!
Til slutt må eg bere takka Andreas for tur og for at han i tillegg ansvaret som ansvarlighetsperson stilte som fotograf! (Der har de og forklaringa på at det berre er eit bilete der han er med, det var det ein stabel med demontert autovern som tok)

tirsdag 5. april 2011

Så va me i gong!

No som blogging sikkert har begynt å gå av moten fann eg ut tida var inne for å starte ein blogg, ikkje naudsynt for at eg har ein desperat trong til å fortelje folk om kor flott naturen er og legge ut på ville ekspedisjonar, det klarer Lars Monsen utan hjelp! Men denne bloggen blir skriven mest for min eigen del, slik at eg om treogfemti år kan bla tilbake her og fortelje borna til dei borna eg ein gong forhåpentlegvis får at "Nei, de ungdommar har det alt for lett, her skal de sjå når han bestefar var ung og gjekk på Gladihaug for å laga seg lapskaus!"

Apropos lapskaus i fjellet, det var akkurat det eg gjorde i dag. Fekk med eitt lyst å eta ute så då var vegen til mobiltelefonen og mannskapsinnhenting til ein slik ekspedisjon kort. Så etter eit kort telefonmøte var det berre til å pakke primus, brun lapskaus på boks og ei flaske vatn og hiva seg i bilen for å køyra til Hopsdalen der operasjon lapskaus skulle byrja.

Under planleggingsfasen hadde Gladihaug kome opp som destinasjonen for denne turen, men grunna eit kondisjonsnivå som må vera det dårlegaste i nato(for min eigen del i alle fall, kva nivå dei to andre på turen ligg på har eg ingen forutsetning for å uttala meg om) vart det ein anna topp i nærleiken.

Sidan me holdt oss til eit av dei mest geniale prinsippa ein kan ha på småturar, nemleg at den slankaste ber sekken, slapp eg. Ikkje at det gjorde noko frå eller til. Etter om lag 50 meter med knallhard motebakke i eit forrykande tempo var to av dei glade vandrar sprengd og måtte ha ein pust i pakken. Den tredje kjørte ein litt anna taktikk og tok ein røyk i bakken. Etter dette første draget kom pausane hyppig. Etter langt om lenge og lenger enn langt, gjennom myrar, store snøfenner, skogar og motebakkar som kunne tatt motet frå ein stoltzekleivmosjonist, eller ca ein halvtime med roleg gange for å vera litt meir nøyaktig var me oppe!

Ein Primus omnifuel som eg ikkje angrar eit sekund på at eg ein gong kjøpte til å erstatte ein gammal raudspritbrennar varma opp lapskausen på den tida det tok å kaste tre snøballar og gjennomføre ein runde med gøymespel. Hadde me brukt den gamle raudspritbrennaren ville det sikkert tatt fem eller seks snøballar.

Maten var god, toppen innhylla i skodd og vind og teflongryta me brukte til å koke maten i vil eg gje karakteren ni på ein skala. Alt ein treng for å reingjere dei er ein dorull! (her kan det vera ein fordel å nytta ein ubrukt)

Turen ned att til bilen gjekk for seg utan noko særskilde hendingar, men eg må sei at eg vart imponert over kor mykje kondisen min hadde betra seg på denne turen. Av å gå opp på toppen der me laga mat vart eg svett, tungpusten og vurderte å bryta beinet for å få helikoptertransport den siste etappen, ned igjen var det jo lett å gå sjølv om slankastmannmåberasekkprinsippet ikkje tredde i kraft!

Så, neste gong du klagar på at det er så dyrt å gå ut og ete, to boksar med brun lapskaus til under tredvelappen for stykk er jo nok mat til tre mann! Nokre ekstrakostnadar som ein primus til rundt tusenlappen, gryter til rundt 400 og den slags må kanskje påreknast den første gongen, men mat ute er av ein eller anna grunn betre enn mat inne, så det er det verdt!


Og så til slutt i dette fyrste innlegget, viss det faktisk er ein kjeft som gidd å lesa denne bloggen, orsak lengda på inlegget, skal prøve å halde det kort og konsist sjølv om det for meg er ein umogelegheit! Og du som ikkje les her saknar kanskje bilete, det gjer ivertfall eg så det skal eg med tid og stunder prøve å få ei ordning på!