mandag 16. mai 2011

I fotefaret til Bjørn West

Først og fremst i dette innlegget vil eg berre få avklare at dette innlegget ikkje på noko som helst vis er meint som ei hån mot Bjørn West, sjølv om det kanskje kan oppfattast slik når ein samanliknar tittelen på innlegget med turen me har hatt. Men som min turkamerat Knut Magne sa, me overnatta i fjellet og skremde ein tyskar. Derav tittelen.


På tross av fråfall av turdeltakarar, åtvaringar om snødekte vegar og truslar om minusgrader på natta, køyrde eg og Knut Magne med friskt mot innover mot matrefjella for ei overnatting 14-15 mai. Rømmegraut, cola, pannekaker, flesk og chips var pakka for ei eventyrleg overnatting i dei trolske fjella! For å følgje grunnprinsippet i Nordhordland Adventures, bedageleg, var planen å køyre så langt me kom for å lage leir i umiddelbar nærleik til denne anleggsvegen til BKK.

Me skal innover fjellheimen! Eg peikar veg, og for å 
få betre oversikt må eg stå på panseret på bilen.

Det skulle særs snart syne seg(sjekk bokstavrimet her!) at me kanskje burde teke til oss åtvaringane om dei snødekte vegane, men kva har ein ein firehjulstrekkar til? Etter eit par mindre snøfenner ein vanleg personbil hadde kome seg over utan nemneverdige problem byrja det etterkvart å sjå ut som det var vel optimistisk å halde fram. Men som staut norsk ungdom utan noko større hjerneverksemd var det ikkje aktuelt å snu. Men som ordtaket seier, dåren stoggar i store snøfenn. 
Når all vekta til bilen kviler på andre ting enn dekka er
det overhengande fare for å stå fast. Det bedagelege
målet med denne turen forsvann raskt i det blå. Snø er
i mai diverre både våt og tung, spesielt når den må 
gravast ut frå under ein bil som komprimerer den.
Heldigvis er Knut Magne sterk.

Etter ein halvtimes graving, ei sendt tekstmelding til ein mann med Hilux og slepetau(dette var siste staden me hadde mobildekning, og då berre på eit utvald område) og litt cola for å halde motet oppe kom me oss framleis ikkje opp!  så gjekk me i gong med alle kjende triks, matter under hjula, steinar under hjula og til og med nokre tre vart felt for at me skulle få grep og kome oss ut av uføret. Det hjelpte ikkje. Meir graving og cola måtte tydelegvis til. Omsider sto bilen med vekta på hjula og ikkje på akslingar, dieseltank og girkasse, då gjekk det som ein leik å rygga seg tilbake! Problemet oppdaga me når bilen var rygga av snøen, me skulle jo ikkje tilbake, me skulle fram! Så i rein Jeremy Clarkson stil vart uljepedalen trykka ned og bilen skaut fart. No skjøner nok dei fleste at å sei at ein Land Cruisar frå 85 skyt fart er å overdrive, men bortimot 10 km/t meiner eg bestemd at den klarte! Og med ein litt anna åtaksvinkel, høgresida av bilen på veg/vegskulder og den venstre godt planta i snøen kom me oss forbi denne hindringa!  

 Alle treklemmarar vert sikkert på gråten av å sjå dette
biletet. Ta det med ro, dette er eit reint illustrasonsbilete,
Dette treet vart ikkje skadd. Trea me tok var mykje mindre.

Gravemotivasjon på flaske. Som ein ser
av innhaldet i flaska er motivasjonen vår
nesten på topp!


Etter å ha kryssa eit par snøfenner til med den nyleg utvikla metoden der bilen låg i ein 45 gradars vinkel og frykta for kvelving var så stor at Knut Magne valde å stå på stigtrinnet på utsida av bilen, sat me omsider fast igjen. Ein kan sei mykje om min dumskap, men av og til lærer eg faktisk av eigne feil. Så når framdrifta stoppa, slapp eg gasspedalen slik at me ikkje spann oss nedi, men kunne rygga ut med mindre enn ti minuttar med graving og utan å måtte ty til tømmerhogst. Her innsåg me diverre at det ikkje var råd å koma seg lenger med det utstyret me disponerte, så me starta søket etter ein brukbar overnattingsplass. Sidan det ikkje var nokon å oppdrive i umiddelbar nærleik snudde me bilen og køyrde tilbake for å sjå om me fann ein tilfredsstillande stad der. 
På tilbakeferda over dei berykta snøfennene såg me bakdelen av å måtte krysse dei i motebakke i staden for unnabakke. 

 Før kryssing av snøfonn i motebakke


 Midt i kryssing av snøfonn i motebakke

Når bilen sto i ein slik vinkel at eg ikkje gjekk ut av den, men datt ut, det høgre bakhjulet kunne sklidd ca. 10 cm til utover før bilen hadde gått utføre skrenten og snøen gjorde det umogeleg å køyre opp derifrå, var det berre ein ting å gjere. Lage rømmegraut. 
I eit fint vekselarbeid mellom matlaging, oppspenning av presenning til nattely og graving gjekk kvelden, og det var mørkt. Den eigna overnattingsstaden vart grunna denne utviklinga i turen midt i vegen. Me såg ingen problem med å sperre vegen med presenning, bål, feltseng og like mykje proviant som samtlege menn i Bjørn West åt til saman under heile krigen. Det var jo uansett berre 15 meter til ein bil og ei snøfonn som i fellesskap laga ei relativt god vegsperring.  
Men uansett, med rømmegraut, spekemat, grillpølser, sjokolade, chips og drittpreik varte og rakk det før me sovna. Eller, kor tid me sovna er uvisst, men me vakna grytidleg. Sånn ca. kvart på elleve søndagsmorgonen.


 Knut Magne viser stolt fram den nesten ferdige campingplassen

 Lettsvidd rømmegraut og spekemat er utmerka turmat

 Som biletet tydeleg viser er det eit knallhardt liv når ein
er på tur med Nordhordland Adventures!

 Når me vakna på morgonen var førsteprioriteten flesk og pannekaker. Uheldigvis kom Knut på ideen om at me kunne ta ned presenningen og henga den til tørk, så då vart det arbeid før mat. Men mat vart det til slutt, og midt under matlaginga kom det forsyne meg ein tyskar på sykkel. Han ser småskeptisk ut når han ser ein overnattingsplass midt i vegen og pannekakesteiking på høgt nivå. Men godt oppdregne som me er seier me høfleg hei og spør om han har ein vinsj på sykkelen så han kan hjelpe oss oppatt på vegen. Han er uhøfleg og seier, "Excuse me, do you speak english?" Sjølvsagd snakka me engelsk. Han hadde ikkje vinsj, og han ville ikkje ha pannekake eller flesk. Som han sa, "I'm full!" Koma syklande full på ein anleggsveg i matrefjella tidleg ein søndagsmorgon, eig dei ikkje respekt for noko ting dei tyskarane? 

 Når sant skal seiast, så hadde eg og blitt nervøs hadde eg
kome syklande på ein anleggsveg langt oppi fjellet og 
møtt dette synet! Men eg har i det minste nok næringsvett 
til at eg hadde takka ja til pannekaker og flesk! 

Etter maten var eten og utstyret pakka gjensto det endå litt graving. Men sidan me hadde gått til å frå gravinga kvelden før og heile morgonen var bilen snart på vegen igjen. eller, med to hjul på vegen og to i snøfonna. 
Så bar det heimover, ein veg med mange omvegar, me var jo på tur! Første stopp var ein demning litt lenger nede i dalen der det såg ut til at det vert arrangert rafting med kano i sommarhalvåret. Nordhordland Adventures vil undersøkje om dette stemmer og i så fall arrangere ein tur opp! 

 Om denne, noko spesielle, padleteknikken som vert 
vist på skiltet har positiv innverknad på balansen er 
noko Nordhordland Adventures sitt fagpanel ikkje
kan svare på pr. dags dato. 

 Her undersøker eg om dette er elva som vert nytta til
rafting i kano. Denne såg litt smal ut, faktisk så smal
at kanoen umogeleg kan kvelve her. Og viss den kvelvar
vil dei som sitt oppi utvilsamt døy. Ser ut som det er 
verd å gjere eit forsøk! 

Sidan bilen hadde stått lenge og køyrd på ein snødekt veg frykta me at den skulle byrje å ruste. For som kjend er jo alle snødekte vegar salta. Her var det berre ein ting å gjere, få bilen underspylt så snart som mogeleg. Enklaste måten å få ein bil underspylt på er å finne ei elv. Me fann ei! 

 
Effektiv underspyling

Til slutt i denne soga kan eg avsløre at under denne turen vart det spelt inn ein episode med mann mot natur, slik som Bear Grylls gjer for dei som har høyrd om han. Bere at no er det i Nordhordland Adventures stil. Grunna særs dårleg humor og at det tar lang tid å redigere videoar vil denne bli publisert litt seinare... 






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar