søndag 8. mai 2011

Dei tre bukkane bruse som skulle til sæters å gjera seg feit

Med denne tittelen trur du kanskje at eg berre skal skrive eit gamalt eventyr her for å få publisert eit innlegg til, men då tek du skammeleg feil! Det skal dog seiast at tittelen kan vera lett å feiltolka sidan me ikkje var tre bukkar. Me var to karar og ein gris. Grisen var vakuumpakka i plast og heitte bacon. Det einaste som eigentleg stemmer i tittelen er at me skulle til sætra for å gjera oss feit(are)!

Deltakarane på denne turen var dei to friluftsmenna(me likar å smykka oss med titlar som ikkje alltid har rot i sanninga) som stod bak ideen Nordhordland Adventures, meg og Bjarte. Me treftes på Rema 100 i Knarvik for å handle proviant og leggje ein slagplan for turen. Etter at hr. Bacon var kjøpt inn i følgje med diverse anna helsekost og slagplanen framleis ikkje var lagt, sette me oss i bilen for å køyre inn til Eikemo i Masfjorden for å gå opp til sætra der.

Klokka 22:00 kom me fram til Eikemo, veret var strålande, eller høljeregnande er litt nærare sanninga, så motivasjonen var på topp før gåturen me hadde estimert kom til å ta om lag ein time. Heldigvis for oss tok den gåturen MYKJE mindre tid. Hovudsakleg tok turen litt mindre tid av di veret var så stygt, og me difor gjekk for plan B. Leggje oss inn på hytta på Eikemo som ligg om lag tre meter frå bilvegen og sove der til laurdagsmorgonen når det var lova bra ver.
Den som ser særs bra vil sjå at frå bilvegen til hytta er 
det ein distanse som er mogeleg å gå for dei aller fleste.
Sjølv med tung sekk. Og for den som ikkje ser hytta er 
rett på oppsida av den grå streken midt i biletet som då 
er bilvegen. Kjøp briller. 

Planen for denne turen hadde to hovudmål. 1 -  kome seg til sætra. 2 - gjere seg feit. Sidan me raskt innsåg at mål 1 ikkje kom til å bli gjennomførd denne kvelden, gjekk me inn for å klare del 2 så bra som det var mogeleg å få til. Raspeballar, flesk, pølse og cola til kvelds var det beste me klarte å oppdrive, men det smakte til gjengjeld avsindig godt! 

 Ti raspeballar, ein pakke røykte kjøttpølser, bort i mot 
halvkiloet med flesk og ei stor flaske cola er reine helsekosten 

Etter kvelds vart det kortspeling og meir helsekost, 200 gram mjelkesjokolade med kvikklunsj. Sidan klokka plutseleg var eitt gjekk me å la oss med ein avtale om å stå opp seinast ti morgonen etter. 
Laurdagsmorgonen sto me faktisk opp før ti! Og me sto opp til endå ei ladning helsekost, egg og flesk. Det skal ingen ha noko å seie på når leiarane i Nordhordland Adventures reiser på tur, naten er alltid bra! 

Sidan klokka var blitt mykje og sola steikte i dalen opp mot sætra til trass for at det var overskya, fann me det lurast å gå opp på Hellenovsfjellet i staden for. Så eigentleg forsvann heile poenget med overskrifta med denne avsløringa. For dei som ikkje veit kor Hellenovsfjellet er kan eg seie at det er fjellet som ligg over Hellenovena. 
Etter å kryssa det sheik Ben Redic Fy Fasan frå Flåklypa ville ha kalla ei "farlig norsk hengebro" møtte me veggen. Motebakken som møtte oss var i alle fall bratt nok til å vera ein vegg. Men godt utrent norsk ungdom tar ikkje skrekken av å sjå ein motebakke! Å gå han derimot... Etter tre kvarter- time brukt på denne tjueminuttars oppstiginga var me på toppen! Turen tok litt lengre tid enn normalt grunna uframkomeleg terreng, eit utal pustepausar og ein rask middagskvil. Middagen var riktignok ikkje eten enno, men ostepølser, bixitkjeks og colaboksar låg i sekken og venta på å bli steikt eller foredla på annan måte. Synd frukosten var så kraftig at me aldri kom så langt som å laga oss middag. 

 Pustepause på eit tre med ein knekk på nitti 
gradar. Biletet hadde vore betre viss ein faktisk 
hadde sett kor langt ned de var og at eg hadde 
fått fleire knekkar på nitti gradar dersom eg
datt ned. Kjøp briller.

 Bjarte som har angst for maur får av ein eller anna 
uforståeleg grunn farten opp og spring oppover fjellsida!


 Middagskvil på egna stad, godt i le for ver og vind.

Men til topps kom me til slutt, og då var det rett på fotograferinga for å prove at me kom oss opp og at begge to faktisk var i live enno! 

  Utan fotograf, stativ eller skikkeleg kamera seier det
seg sjølv at bileta vert tatt på skrå og er ufokuserte.


Til topps var kanskje eit litt feil ordval når eg skulle beskrive kor me var komen, me var berre komen til topps den eine retninga, andre retninga hadde me nokre høgdemeter att. Men med eit bilete teke og litt vatn innabords såg ikkje me lenger mørkt på å kome oss opp denne bakken/stupbratte fjellsida heller. 

 Korrekt kryssingsteknikk av fjellkløft. Ha blikket festa på
den sida du skal over til. Legg armane i kryss slik at du er
sikker på å knuse albogane når du fell nedi.
 Feil kryssingsteknikk: Sjå ned i kløfta, ha
armane lett hengane langs sidene slik at
du kan ta i mot dersom du fell, i beste fall
halde deg oppe så du ikkje fell ned i botnen.
 Som ein nesten klarer sjå på dette biletet har eg klatra til 
topps av desse stupande bratte fjellskrentane. Kjøp briller.

som bileta viser kryssa me botnalause kløfter som var fleire meter breie og klatra stupbratte fjellsider. Skal sant seiast, så var ikkje kløftene botnalause og fleire meter breie akkurat der me kryssa, men litt lenger nede. Og dei stupbratte fjellskrentane gjekk det an å gå rundt, men slike detaljar er det ikkje alltid naudsynt å henge seg opp i. 
Når Bear Grylls har kjempa seg opp på ein topp og er
tyrst, drikk han sin eigen urin eller klemmer ut vatn av 
kamelskit. I Nordhordland Adventures er me meir 
siviliserte og drikk heller av ein dam med regnvatn for 
å vise folk korleis ein skaffar seg væske på fjellet.
Som ein ser kunne eg også valt å drikke av flaska
i sidelomma på sekken.

Då me kom over eit reir med 8-9 andeegg vart lysta til 
ein omgang til med egg og flesk vekt. I mangel på flesk
(type gris) vart det for dumt å berre ete egg så dei fekk liggje 
i fred. 

Etter å ha drukke oss over fjellet og tømt kvar einaste dam byrja nedstiginga. Etter litt klatring og nedfall i Middagsskaret, var resten av turen ned Sløkjet grei gåing som gjekk temmeleg udramatisk føre seg.  

 Etter endt fjelltur var det på tide å nyte ein nesten kald
boks med cola og bixitkjeks med sjokolade. Som
den kjende songen By the rivers of Babylon seier:
By the rivers of Eikemo, there we sat down.
Ye-eah we drank, when we opened our cola. 
By the rivers of Eikemo, there we sat down.
Ye-eah we ate, when we opened our Bixit. 
Viss du ikkje ser colaboksen eller pakka med Bixit,
kjøp briller. 

Som eg skreiv tidlegare var det to hovudmål for denne turen. Kome seg til sæters og å gjere seg feit. Så langt som sætra kom me oss aldri, men å feite oss opp klarte me til gjengjeld særs bra. På det grunnlaget vil eg kalle denne turen meget vellykka. Å klare eit av to hovudmål på ein Nordhordland Adventures tur er ein stor suksess!

1 kommentar: