mandag 11. april 2011

Dieseldyr

I beskrivinga av bloggen har eg lova å skrive om naturen som leikeplass for den bedagelig anlagte. No skal maskineriet råda!

I haust, altså 2010, når Land Cruiseren enno ikkje hatt frakta meg så mange mil hadde eg ein nyleg innkjøpt ATV montert framme på bilen. Grunnen til at ein ATV vinsj var montert der var at eg slått av ein augneblink med idioti og kjøpte den for 600 kroner på Sommardagane i lyngdal. Den kunne jo trekke 1 tonn! så då vog jo bilen berre 700 kg meir enn det vinsjen skulle klare, og det er ingenting i den store samanhengen! Synd at eg til vanleg operer i den vesle samanhengen der 700 kilo er ein del...

Men denne vinsjen måtte i alle fall prøvast ut. Så då nytta eg høvet til å få med Bjarte, den andre gründaren i firmaet Nordhordland Adventures (som framleis er i planleggingsfasen) og ta ein tur utanfor allfarveg i bil, såkalla off road køyring. Eller heilt off road var det ikkje sidan det faktisk var ein gamal og attgrodd traktorveg me fann og køyrde innover. Etter første sving kom den første hindringa, ein bakke med litt gjørme. No skulle ein kanskje ikkje tru at ein bakke er nok til å stoppe ein Land Cruiser og i ordinære situasjonar der sjåføren har logisk tankegong i staden for ein optimisme som har gått over i rein og skjær idioti for fleire år sidan og andre dekk enn ulovleg slitte sommardekk ville det heller ikkje vore noko problem. Ein ting var sikkert, uansett kor stor fart eg tok, denne farten blir naturleg nok avgrensa når ein ikkje har noko særleg med plass å ta fart og 3. giret i lågserien innbyr ikkje til dei store toppfartsrekordane, gjekk det ikkje å kome seg opp!

Illustrasjonsbilete av meg i ein motebakke med Cruisaren,
dog ikkje ein motebakke med gjørma i 


 Illustrasjonsbilete av at eg står fast og ikkje kjem meg opp 
bakken med Cruisaren, dog ikkje i ein motebakke. 

Vinsjen kom til sin rett! Med godt mot spente me fast i eit tre som nesten sto rett framom bilen og i toppen av bakken. Andrepiloten var på utsida, styrde vinsjen og observerte eventuelle framsteg. Eg sat inni og køyrde(eller grov store gjørmehol under bilen) og det gjekk sakte men sikkert på fram. På toppen av den verste kneika kunne me ta ein inspeksjon av vinsjen. Den var øydelagd. 600 kroner var i grunnen litt mykje å betale for å kome seg opp ein bakke, men det skulle ikkje få lov til å legge ein dempar på stemninga! Me braut oss innover, kufangaren la ned trer tjukke som ein middels tømmerstokk var i sin spede barndom. Etter om lag ein kilometer med effektiv skogshogst gjekk me ut for å inspisere mogeleg snuplass for å setje kursen mot allfarveg sidan me frykta at me plutseleg kunne kome til å fylgje skogsvegen så langt at me enda opp i tunet til ein lokal bonde.

I det me la bak oss den kontrollerte atmosfæren i cockpiten kjende me ei gjennomtrengande diesellukt som reiv i nasen. Inspeksjon av snuplass vart fort lagt på hylla, her var det ein ting å gjere, gje gass og håpe på at det var mogeleg å snu utan å sitje fast i sørpa! Snuoperasjonen gjekk overraskande bra og neste punkt på kriseplanen vart sett i verk. Ned til vegen så fort som over hovudet mogeleg, for er det ein diesellekkasje og bilen stoppar ein kilometer frå næraste grusveg har me eit forklaringsproblem når me ringjer Viking. I det me svinga ut på grusvegen igjen kunne spegelen i bilen avsløra ei stripe, eller nærare ein bekk av diesel bak bilen.

Hadde me latt oss skremme av dette kunne me lagt heile planane om turorganisering i Nordhordland for dei eventyrlystne bak oss. Etter ei foreløpig undersøking av bilen var det mogeleg å innsnevre dei mogelege problemkjeldene til ein avriven dieselslange det rann av. Og dunkinga som hadde vore i heile bilen var ei grein som hadde lagt seg innimellom eit deksel og mellomakslingen (altså den delen som sviv rundt midt under bilen) og prøvde kome seg vekk der i frå. Skogen hadde prøvd å ta hemn for å bli lagt flat på eit så ukonvensjonelt vis. Men etter ein dieselslange sett på plass, ei grein fjerna, og klesplagg og overkroppar gjennomtrengt av diesel kunne me slå fast at naturen måtte gje etter for menneskeleg idioti genialitet og maskineri nok ein gong!


 Illustrasjonsbilete det eg fikser drivstoffsystemet på ein bil.
Dog ikkje ein Land Cruisar eller dieselbil. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar