tirsdag 5. april 2011

Så va me i gong!

No som blogging sikkert har begynt å gå av moten fann eg ut tida var inne for å starte ein blogg, ikkje naudsynt for at eg har ein desperat trong til å fortelje folk om kor flott naturen er og legge ut på ville ekspedisjonar, det klarer Lars Monsen utan hjelp! Men denne bloggen blir skriven mest for min eigen del, slik at eg om treogfemti år kan bla tilbake her og fortelje borna til dei borna eg ein gong forhåpentlegvis får at "Nei, de ungdommar har det alt for lett, her skal de sjå når han bestefar var ung og gjekk på Gladihaug for å laga seg lapskaus!"

Apropos lapskaus i fjellet, det var akkurat det eg gjorde i dag. Fekk med eitt lyst å eta ute så då var vegen til mobiltelefonen og mannskapsinnhenting til ein slik ekspedisjon kort. Så etter eit kort telefonmøte var det berre til å pakke primus, brun lapskaus på boks og ei flaske vatn og hiva seg i bilen for å køyra til Hopsdalen der operasjon lapskaus skulle byrja.

Under planleggingsfasen hadde Gladihaug kome opp som destinasjonen for denne turen, men grunna eit kondisjonsnivå som må vera det dårlegaste i nato(for min eigen del i alle fall, kva nivå dei to andre på turen ligg på har eg ingen forutsetning for å uttala meg om) vart det ein anna topp i nærleiken.

Sidan me holdt oss til eit av dei mest geniale prinsippa ein kan ha på småturar, nemleg at den slankaste ber sekken, slapp eg. Ikkje at det gjorde noko frå eller til. Etter om lag 50 meter med knallhard motebakke i eit forrykande tempo var to av dei glade vandrar sprengd og måtte ha ein pust i pakken. Den tredje kjørte ein litt anna taktikk og tok ein røyk i bakken. Etter dette første draget kom pausane hyppig. Etter langt om lenge og lenger enn langt, gjennom myrar, store snøfenner, skogar og motebakkar som kunne tatt motet frå ein stoltzekleivmosjonist, eller ca ein halvtime med roleg gange for å vera litt meir nøyaktig var me oppe!

Ein Primus omnifuel som eg ikkje angrar eit sekund på at eg ein gong kjøpte til å erstatte ein gammal raudspritbrennar varma opp lapskausen på den tida det tok å kaste tre snøballar og gjennomføre ein runde med gøymespel. Hadde me brukt den gamle raudspritbrennaren ville det sikkert tatt fem eller seks snøballar.

Maten var god, toppen innhylla i skodd og vind og teflongryta me brukte til å koke maten i vil eg gje karakteren ni på ein skala. Alt ein treng for å reingjere dei er ein dorull! (her kan det vera ein fordel å nytta ein ubrukt)

Turen ned att til bilen gjekk for seg utan noko særskilde hendingar, men eg må sei at eg vart imponert over kor mykje kondisen min hadde betra seg på denne turen. Av å gå opp på toppen der me laga mat vart eg svett, tungpusten og vurderte å bryta beinet for å få helikoptertransport den siste etappen, ned igjen var det jo lett å gå sjølv om slankastmannmåberasekkprinsippet ikkje tredde i kraft!

Så, neste gong du klagar på at det er så dyrt å gå ut og ete, to boksar med brun lapskaus til under tredvelappen for stykk er jo nok mat til tre mann! Nokre ekstrakostnadar som ein primus til rundt tusenlappen, gryter til rundt 400 og den slags må kanskje påreknast den første gongen, men mat ute er av ein eller anna grunn betre enn mat inne, så det er det verdt!


Og så til slutt i dette fyrste innlegget, viss det faktisk er ein kjeft som gidd å lesa denne bloggen, orsak lengda på inlegget, skal prøve å halde det kort og konsist sjølv om det for meg er ein umogelegheit! Og du som ikkje les her saknar kanskje bilete, det gjer ivertfall eg så det skal eg med tid og stunder prøve å få ei ordning på!

4 kommentarer:

  1. Meget bra! Helsing trufast tilhengjar frå fyrste stund!

    SvarSlett
  2. Konge Jan Ingve :)
    Sit å ler fø meg sjøl her eg sit åleina pao dataromme ;)
    -Endre

    SvarSlett
  3. Eg ler, Jan Ingve :)
    Bra skreve!

    SvarSlett