torsdag 28. april 2011

Påskeegg

Så var påsken over for lenge sidan og tida er komen for publisering av denne påska si store hending i Nordhordland Adventures. Denne turen var som eit pilotprosjekt for å sjå om det var praktisk gjennomførleg for Nordhordland Adventures å ta med ein gjennomsnittleg nordmann på tur! Difor tok me med fem stykk, for å få med heile spekteret. Frå dei som er bort i mot født i ein sovepose under open himmel, til dei som hadde sin første overnatting ute tidlegare i veka.

Etter at eg, Olav Andre, Hogne og Vegard hadde venta i om lag ein og ein halv time etter det fastsette avgangstidspunktet kom dei to siste deltakarane på turen, Anders og Hans Roger.
Seks glade vandrar spende på seg sekken og la av garde oppover dei stupande bratte fjellsidene mot mount Bergås, eller Berfjorfjellet som det ver kalla på folkemunne. Med sine bort i mot 190 meter over havet var ikkje dette ei enkel oppgåve klokka to på natta. Og enklare vart det heller ikkje med tanke på utstyrsmengda som var naudsynt på ein ekspedisjon som dette. Alt frå vasspipe og gitar til brødform måtte berast opp, då kraftig vind gjorde det umogeleg å lande eit helikopter med utstyret på toppen.

 Olav og Hogne klar til avmarsj på beksvarte natta,
synd me måtte vente over ein time før me kunne gå. 

Sidan dette var ein tur med overnatting gjekk alle med sekk, noko som ikkje fall heilt heldig ut sidan det før omtalte slankastemannmåberasekkenprinsippet då ikkje kunne tre i kraft. Og ikkje nok med det, men den tyngste mannen måtte bera den tyngste sekken. Rettferda er på vikande front.
Grunna dette enkle faktum måtte eg temmeleg fort ta ein teknisk kvil for å justere sekken. Etter denne kvilen vart det mi oppgåve å sikre baktroppen, og som ein god sikrar sikra eg etter kvart lengre og lengre bak dei andre. Det er eit tungt ansvar som berre kan gjevast til ein erfaren turgåar, dette å sørge for at alle dei andre skal få føle dei er i kanonform med å kome til topps fem - ti minutt etter sistemann når ein er på ein 25 minutts tur.

Her ser ein kor mykje det går an å hate ein tung sekk
allereie før turen byrjar.
Men til topps kom me alle saman til slutt. Då var det fram med gitar, vasspipe, toblerone, popcorn, colaboksar, chips og den slags naudsynt motivasjon etter å ha slite såpass hardt som me trass alt hadde. 
Klokka var plutseleg blitt tre på natta, så då var det etter kvart på tide å leggje seg slik at me kom oss opp tidleg nok til å ete påskeegg og syngje påskesongar i soloppgangen. Takka vera ei astronomiforelesing av Hogne sovna alle før det var gått to og eit halvt minutt. 
Sidan det ein gong er no slik at det er fantastisk å sove ute vakna me alt for seint til soloppgangen. Hogne som hadde dyssa alle i søvn var også førstemann opp, og han kunne konstatere at me var for sein. At me ikkje rakk soloppgangen såg flesteparten av gruppa på som ein gyldig grunn til å la ver å stå opp. Så då sov me vidare. 


Men etterkvart kom me oss opp ein etter ein for å  ta fatt på dagens program, koking av egg og synging. 

Når ein er seks mann til fjells pluss Espen som kom opp til eggeting er det rett og rimeleg å tru at 21 egg skulle vera nok. Det er faktisk for mykje. Apropos Espen som kom opp til eggetinga, grunnen til at han ikkje var med heile turen vart openberra då han kom joggande over fjellet for å ta del i festmåltidet. Nordhordland Adventures skal vera for den bedageleg anlagte, jogging er ikkje bedageleg. 
Lett nynnande på "Eye of the tiger" kom Espen Joggande
opp på frukostbesøk.  

 I mangel på bilete av kokande egg tar eg med bilete av 
dei me steikte. 
 Dei fleste fekk egg og bacon til frukost, Hans Roger
fekk flis. 

Med egg og bacon innabords var turkoret klare til oppstilling. Etter diverse påskesongar kom Han er oppstanden, og vakrare synging trur eg aldri nokon har høyrd på Berfjorfjellet før. Eg reknar i alle fall med at det var det som var grunnen til at det berre kom ein anna turgåar opp så lenge me var der. Songprestasjonen kan for øvrig sjåast her.

Då gjenstår det berre å seie at denne turen var ein suksess og at som eit resultat av dette vil Nordhordland Adventures byrje å arrangere turar. Og til slutt får eg vera høfleg og takka for turen, og takka Vegard som var offisiell turfotograf.

Som ein ser er alle blide og fornøgde og samde om at 
Nordhordland Adventures absolutt burde arrangere fleire turar.  

2 kommentarer:

  1. Skal sei du har klart å samle kremen av norsk ungdom til topptur Jan Ingve ;) Har nok aldri vært maken til sang på det fjellet der nei! Masse bass og en lys overstemme som framfører god kristleg sang skulle vi hatt meir av på dei norske fjelltopper.. Hehe.

    SvarSlett
  2. Hehe, du skal ikkje sjå vekk frå at noko av suksessen vert gjentatt på pilegrillsvandringa som skal arrangerast i nær framtid!

    SvarSlett