onsdag 6. april 2011

Forbi Nansen!

Sidan eg nett har byrja denne publiseringa av eventyra mine, vil det no den første stunda også kome forteljingar om tidlegare ekspedisjonar.
Denne gongen vert det difor historia om når eg og ein klassekamerat, Andreas, utførde eit vågestykke som var sjølvaste Nansen verdig! Dersom nokon skulle tenkje at "Nansen var jo på ei skute i polisen (altså pol-isen, ikkje politiet...) i tre år, korleis kan denne slasken på nokon som helst måte gjera noko som kan måla seg med det?" Vel, då kan eg få lov til å informere om at Nansen trente seg opp med å gå på ski på Ulriken. Eg har ikkje gått på ski på Ulriken. Så med denne bakgrunnen seier det seg sjølv at det ikkje er ei større bragd at han klarte tre år i polhavet enn at eg og Andreas klarte ei natt under open himmel i Nordhordland. Det var til og med minusgradar!


Men for å opne med byrjinga. For om lag ei veke sidan var det fint vær på vestlandet for første gong sidan snøen for. Dette kunne jo berre føre til ein ting, overnatting ute. Og for å setja ein ekstra spiss på ekspedisjonen, kanotur med overnatting!
Då denne planen vart vedtatt halv eitt på ettermiddagen mangla me ein vesentleg ting på utstyrslista, ein kano. Dette problemet vart heldigvis raskt løyst med ein telefon til NLA som tilfeldigvis har ein heil tilhengar full av kanoar. Så då var det berre til å hive seg i bilen og hente kanoen på Breistein. Med kanoen godt spent fast i takgrinda oppdaga me at takgrinda vanskeleg laut seg strame noko meir sjølv om den hadde ein tendens til å flytte seg framover og bakover når me drog lite granne i den. Men dette problemet vart raskt løyst med å ignorere det. Og for å slå tilbake alle påstandar om uforsvarleg lastsikring, biletet oppe til venstre viser at me kom fram og at sikringa derfor var god nok. Bruk av setebelte kan nok derimot kritiserast ut frå biletet.

Så gjekk turen tilbake til byn for å pakke resten av det naudsynte utstyret. Om det eventuelt skulle vera nokon som les detta utan å kjenna meg kan eg no forklara at eg er ein eksilstril. Eg kjem frå Nordhordland, men har ein leilegheit i byn (Bergen) no i studietida. Men tilbake til utstyrspakking. Fjellduk, sovepose, liggeunderlag, brun lapskaus på boks, primus, ullundertøy, tørr ved, vannpipe, sag, dopapir, øks, lommelykt + så mykje cola, sjokolademjelk og ostepølser me kunne bera i fellesskap var essensielt til denne ekspedisjonen i ein polfarars fotefar. Særleg provianten er mykje den same som Nansen og hans menn levde på.
Uansett, klokka var no blitt litt over seks på ettermiddagen og i vår søken etter gode padlemogelegheiter i Lindås fann me ut at sjølv om snøen er vekke kan isen på vatna ligga. Så etter grundig rekognosering, me såg minst to vatn frå bilvegen avgjorde me at det vatnet som faktisk hadde 150 meter med vatn og ikkje berre is var det beste utgangspunktet.

Her måtte meir rekognosering til. Kunne me kome oss fram til isfrie vatn eller var katastrofen eit faktum slik at me måtte oppgje kanokonseptet og GÅ til ein egna leirplass? Med standhaftig mot sette me kursen mot isen. Og med ein baug i kledd i hardplast for å bryte gjennom uhindra og uskadd padla me fram og braut is som sjølvaste Fram! Fire og ein halv meter. Etter det var isen for tjukk og ein ny taktikk måtte takast i bruk. Padle så fort som overhovudet mogeleg og sidan eg sat bak i kanoen, var baugen til ei kvar tid minst tjue centimeter over vassflata og dermed padla me oss oppå isen. Isen var sjølvsagd ingen match for ein med mi matchvekt, så då knuste isen sakte men sikkert under oss og me kunne ta ny fart og kome ei kanolengd lenger.
Då me hadde nytta oss av dei to føregåande isknusemetodane lenge nok fann me ut at det var berre til å hente bagasjen, for dette skulle gå!

Fullasta med bagasje og oss sjølv padla me nok ein gong mot isen, men denne gongen kom me langt nok til at isen plutseleg ikkje ville gje etter. Då var det berre ein ting å gjera, ta i bruk den kjende eskimoteknikken, idiotasomvilgågjennomisenfrysaihelogdø. (Ja, dei eskimoane har eit vanskeleg språk med lange ord!) Få heile kanoen opp på isen, sette ein fot utpå isen og gje fart. Den andre foten (u)trygt plassert i kanoen, dersom me då skulle gå gjennom isen var me sikker på at den eine foten i kanoen ville føre til slagside og kantring!


Som ein kan sjå av dette illustrasjonsbiletet der eg demonstrerer teknikken er noko av det viktigaste ein gjer å halde skarp utkikk til alle andre sider enn fartsretninga på kanoen for å sjå etter sprekkdanningar i isen. Som ein kvar erfaren eskimo kan fortelje deg, "gana piqsirpoq qimuqsuq", som raskt oversett tyder: sprekkene kjem ikkje framme din idiot! Eller så kan det tyde fallande snø, drivande snø, snødrev. Det er ein liten skilnad på kva orda betyr alt etter kvar den aktuelle eskimoen kjem frå. Ein anna ting å hugse på er å halde armane litt ut frå kroppen og godt planta i sida, slik at dersom det skulle oppstå eit lite hol i isen vil ein vere for stor til å dette nedi. Av same grunn er det eit føremon å ha mage.

Uansett, denne teknikken brukte me til å forsera ubeskrivelege lengder med is, iallefall 139 meter, før me kom til land på den andre sida. Etter ilandstiginga var gjennomførd viste det seg at rett over haugen låg Seimsfjorden og eit fiskeoppdrettsanlegg noko som utvilsomt ville øydeleggje utsynet og den harmoniske stemninga med naturen me ville oppnå. Katastrofen var eit faktum. På med feilpakka sekk og gå. Her kjem eit turtips viss du skal gå med tung sekk eit stykke, ikkje pakk tre liter vatn, bensin til primus, hermetisk mat og alt det tyngste du kan finne øvst i sekken. Dette kan føre til at du i nedoverbakke får ein liten skubb bakfrå og hamnar på trynet nedi næraste steinrøys, skrapar opp hender og andlet samt forstuar venstre kne. I oppoverbakkane kan du bli dratt tilbake så du plutseleg må gå opp same kneiken 3-4 gongar før du kapitulerar og kryp opp for å ikkje miste balansen på toppen. Heldigvis skjedde ikkje dette med kneforstuinga meg.



No hadde me til slutt kome fram, eller eg var trøtt og lei etter å ha kjempa meg nokre hundre meter vekk frå fiskeoppdrettsanlegget, så det var på tide å lage ein leirplass! Her valde me sjølvsagd den staden innanfor ein radius på om lag 15 meter med finast utsikt. Då starta det verkelege arbeidet. Vedhogst. Dette høyres kanskje enkelt nok ut, men i ein vestlandsskog som ikkje har sett sol sidan Chuck Norris var på besøk og ville ha finver ein gong på åttitalet, er det vanskeleg å finne daude tre som har tørka i staden for å rotne. Men lukka står den kjekke(altså Andreas) bi, og me fekk til slutt høgd noko ved som me ikkje var meir enn 93% vatn og med den tørre veden me hadde med oss var bålet snart i gong! Etter kveldsmat var det vasspipe tid, eg har aldri vore nokon røykar, forrige gong eg forsøkte var det vanleg pipe som var nyinnkjøpt i Sverige. Etter stopp på kvar einaste bensinstasjon frå Svinesund til Lillesand for å få frisk luft og prøve å spy fann eg ut at dette er ikkje noko for meg. Men vasspipe er bra! Kald røyk som smakar snop.

Men for å gjera resten av denne historia så kort som heile eigentlig kunne vore; Ostepølser varma på bål til kvelds, stjerneklårt og 7 minus på natta, ostepølser varma på primus til frukost. Sikker vinnar! Etter det var det den betraktelig lettare marsjen tilbake til kanoen, vatn, ostepølser og ved er tyngre enn ein skulle tru! Så litt meir idiotasomvilgågjennomisenfrysaihelogdø teknikk ut i ope farvatn. Her skal da dog seiast at isen var temmelig tjukk, midt utpå vatnet fann eg fram øksa og etter å ha hogd ein god halvmeter( les 15 cm) nedover var eg framleis ikkje kome gjennom. Og når eg seier ut til ope farvatn, sju minusgrader ei natt har ein lei tendens til å gjera dette ein god del mindre enn det var dagen før. Men det var ikkje noko problem for arvtakarane til Nansen og Johansen! Dei overvintra kanskje på Frans Josefs land, men eg og Andreas overnatta i Nordhordland utan å ha trent på ski på Ulriken!
Til slutt må eg bere takka Andreas for tur og for at han i tillegg ansvaret som ansvarlighetsperson stilte som fotograf! (Der har de og forklaringa på at det berre er eit bilete der han er med, det var det ein stabel med demontert autovern som tok)

5 kommentarer:

  1. Syns da var for gale at detta innlegget ikkje va kommentert, så no er det det!

    SvarSlett
  2. For den tvilende gir "idiotasomvilgågjennomisenfrysaihelogdø" faktisk hele to treff på Google. Begge riktignok fra denne siden, men det skal man ikke bry seg nevneverdig om.

    SvarSlett
  3. (...) etter to eller tre manns vitnemål skal ei sak stå fast. (5 Mos. 19,15 - http://www.bibel.no/Hovedmeny/Nettbibelen.aspx?book=DEU&chapter=19&verse=15) Altså når det var to treff på Google er det nok til å stadfeste at denne teknikken faktisk eksisterer.

    SvarSlett
  4. Steike tæll tur! Suksennes må gjentas du.
    Jeg ler så je detter ta stol´n!

    SvarSlett