torsdag 21. april 2011

Nordrogaland Adventures - Dag 3

Så var den siste dagen for opphaldet mitt på sørvestlandet komen, men me fortvila ikkje for det var framleis meir ammunisjon og leirduer som skulle brukast! Etter ein grytidleg frukost, dei andre åt visst klokka åtte viste det seg når eg kom hanglande klokka halv ni. Etter ein god frukost, det skal dei ha desse Susortane, det manglar ikkje på maten der til gards, lata eg som eg hadde kompetanse innan elektrofaget så eg såg på ein traktor frå syttitalet for å sjå om det var mogeleg å få kopla opp noko lys på den. Det var mogeleg, men i mangel på nytt leidningsnett kjørte me heller til fjells for å skyte litt. Eller mykje.

Me hadde om lag hundre leirduer att, og desse klarte me til slutt å bruke om lag 230 skot på. Ikkje det at me er så vanvittig dårleg til å skyte(det er me kanskje også, men det er ikkje så nøye), men det er fryktelig kjekt å treffe den same dua fleire gongar med hagl frå to forskjellege hagler. Yngsteson Susort var med denne dagen også for å halde fram med kastearbeidet, dette førte til at eg og nesteldsteson Susort, tidlegare også kjend som kjentmann Susort, kunne konsentrere oss om det viktige, skytetevling.
Denne tevlinga gjekk ut over skuldrene våre, eller no snakkar eg for min eigen del, kva Susort si skulder fekk gjennomgå skal ikkje eg uttale meg om. Når det vert kasta opp ei leirdue og det vert operert med poengsystem for kven som er førstemann til å treffe den leirdua seier det seg sjøl at ein ikkje kan ta omsyn til slike smålege ting som å få plassert hagla inntil skuldra før ein trekk av. Alle som har skote med hagle og har halde den ein liten centimeter frå skuldra når han (eller ho) trekk av, veit at det kan vera smertefullt. Å gjenta denne prosedyren 10-15 gongar i løpet av to dagar gjer ikkje ting mykje betre. Men så lenge ting smell og leirduer går ned for teljing varer moroa!
Som sagt brukte me om lag 230 skot på dei leirduene, noko som førte til at me sat igjen med rundt 100 skot, dette var jo på sett og vis ein nedtur, men ammunisjon står seg eit par veker før den begynner å mygle og sjølvdetonere så det skal vel gå å få den brukt før den går ut på dato.

 I mangel på relevant bilete til denne dagen tar eg med 
eit av Land Cruiseren i vakker Nordrogalanadsk natur.

Dette var vel om lag det siste me gjorde av aktivitetar som med nød og neppe kan plasserast inn under friluftslivkategorien så då kan eg konkludera med at med 500 skot avfyrt i løpet av to dagar, fine mogelegheiter for båtliv og ein ellers særs bra natur så er Nordrogaland absolutt eit verdig reisemål for Nordhordland Adventures, og verksemda vil kanskje ein dag bli utvida til å omfatte dette området! Takk for meg Susort!

1 kommentar: