tirsdag 29. november 2011

Bognøy ro og hagleluftarforeining

For ei god veke sidan var Bognøy ro og hagleluftarforeining på tur, og sidan eksamensperioden har byrja er det no tid til å fortelje om denne turen.

Storbonde Olav Andre, som heretter vil bli omtala som Olav den Andre eller Olav II for enkelhets skuld (han må dog ikkje forvekslast med Olav Haraldsson, betre kjend som Heilag Olav, då han er død. Heilag Olav altså), skulle ut å sjå til villsauen på småbruket sitt på Bognøy. I det høvet inviterte han meg med(å sei at eg inviterte meg sjølv med vil vera noko nærare sanninga, men ikkje vesentleg for forteljinga) på jakt etter både på rev, skarv og and. Sidan eg prøver å å få det til å sjå ut som om eg er interessert i jakt pakka eg våpen, kamuflasjenett og bålsekken min før eg møtte opp for proviantering i Knarvik. Pølse og Cola var nok ein gong sikre vinnarar.

Etter etter provianteringa køyrde me til Landsvik i Meland kommune der båten som skulle ta oss til garden var låg for anker. Korleis Landsvik har fått eit så forferdeleg namn har eg diverre ikkje nok historiekunnskap til å fortelje. Men eg ser for meg at Landsvik tok ei sjølvstendig avgjerd, utan å ta omsut til dei innbyggjarane som eventuelt budde der, under krigen og erklærde seg sjølv for tysk.

Nok om stader som ikkje er patriotiske nok. Etter ei rask overfart til Bognøy, der viltlivet yra, var det på tide å sjå til buskapen til Olav II.


Bonden sjølv poserer framom huset, stokken er for eigen
tryggleik då ein mannevond vêr går laus på øya. 

Å kalle Olav II for ein storbonde vil nokon kanskje kalle
ei overdriving når dei på dette biletet ser heile buskapen
hans. Men han har større buskap enn meg, og er då pr. 
definisjon ein storbonde. Legg merke til avstanden han har
til dyra i frykt for den mannevonde vêren. 


Då me hadde sett til buskapen og trekt oss vekk før me vart angripne var det på tide å lade haglene og legga ut på sjøen for jakt. Revejakt vart det diverre ingenting av då lokkefløyta for rev ikkje var å oppdrive.
Etter litt om og men fekk me sjøsett ein robåt. For dei som lurar på kva som skjer med Nordhordland Adventures i og med at me ikkje brukar motorisert farkost i staden for ein manuell drifta farkost når det er mogeleg, kan eg informere om at jakt frå motorisert båt må skje to kilometer frå land, og sidan me skulle jakte rett rundt land var det upraktisk med så lang reiseveg. Og dersom du ikkje får den forrige setninga til å gje meining, ta det med ro, det gjer ikkje eg heller.

Etter litt frustrerande roing utan fugl i sikte kom me over eit par ender, grunna eit fiskeoppdrett som låg litt ugunstig til kunne me ikkje løyse skot mot dei. Men det kom ein anna fugl på skothold, denne var det diverre ikkje jakttid på.
Det er visstnok ikkje jakttid på havørn, det var litt 
irriterande sidan ei havørn ville ha gjeve like mykje kjøt 
som 5-6 stokkender. Ikkje at det eigentleg var eit problem,
me hadde med oss pølser til kveldsmat, så då kunne me 
like gjerne nyte synet av ørna!

Men at eit par ender stakk av og at havørna var for fin og freda til å skyte tok ikkje motet frå dei ivrige jegerane. Me rodde vidare og såg stadig fugl, synd at fuglen og stadig såg oss...

Etter ei meir eller mindre planlagd
grunnstøyting måtte båten slepast over
land for å kome ut at i open sjø og lovleg
jaktterreng. Uheldigvis har Olav II eit namn
som kan minne om eit kongeleg namn, og difor
vart slepinga mi oppgåve.

Etter å ha rodd rundt til det vart mørkt og berre hatt ein reell mogelegheit til å få fugl, der me fekk fyrd av fire skot, men på trass av treff ikkje fekk drepe nokon fugl, fann me ut at det var på tide å kome seg i land å få i seg provianten. Sidan me ikkje hadde fått ein skarve fugl vart det pølser. For å sitere Borat, Great success!

Når ein går gjennom biletematerialet frå turen er det 
ikkje så vanskeleg å sjå kvifor me ikkje fekk fugl.
Utkikken ser jo feil veg!

Med steikeomnen på ca 450 grader tok det ikkje lang
tid før maten var klar. 

Når maten var svelgt unna, sekken med ved brunne opp, og alle dei verdsproblem som kan løysast av to karar rundt eit bål var løyst vart det på tide å finne vegen heim att i mørkret. Dette gjekk heldigvis bra grunna moreld i sjøen (ikkje denne typen moreld). Dette lysfenomenet er særs fascinerande og alle kan anbefalast å oppleva det ein gong! 

Men uansett, takk for meg Olav II og Bognøy, du skal ikkje sjå vekk i frå at eg inviterer meg sjølv på besøk ved eit seinare høve! 

6 kommentarer:

  1. Igjen, dette er inspirerande lesing. Eg har nett gått til anskaffelse av ein Weatherby SA-08 (den hadde diverre øydelagt sikring og er til ein våpensmed på østlandet (som tar seg meget god tid :-( )) og den er litt morosam når ein kan blåsa ut 5 skot på under eit sekund (på jakt e det sjølvsagt påbudt med plombering men ikkje til øving... ). Eg har no lagt aktivitetsnivået litt høgare enn det "NA" har gjordt i og med at eg har planar om å jakta ffrå kajakk. Men igjen: Inspirerande lesing! :-)

    SvarSlett
  2. Jau takk! :)
    Halvauto er ikkje dumt! Faktisk særs kjekt å skyta med! Kajakkjakt er og noko som verkeleg freistar, og eg har ein uprøvd teori om at når ein sit i ein kajakk er det mykje betre sjansar for å koma innpå fuglane enn det er frå ein gul robåt.. Einaste minuset kan vel vera sjøsprøyt på hagla? Men kva har ein pussesett til...

    SvarSlett
  3. Denne er lagd for å tåle litt vann og nesten ingenting er så kjekt som å ta med ho "Magda" i dusjen... ;-)

    SvarSlett
  4. Jakt fra kajakk, ja. Her er ett par lenker:
    En liten videosnutt.
    http://www.nrk.no/video/jakt_i_kajakk/84E456E230B24E03/

    En liten reportasje.
    http://www.nettavisen.no/friluftsliv/article771509.ece

    Ett lite googlesøk...
    http://www.google.no/search?aq=1&oq=jakt+fra&gcx=w&sourceid=chrome&ie=UTF-8&q=jakt+fra+kajakk

    Ett lite tips (kan vel og brukes fra båt...
    Når du jaker på sjøen, så gå aldri rett mot byttet, kjør sikk-sakk. Dvs: padle rolig mot byttet men sikt ca 10 - 15 grader på siden av det. Når det letter og flyr litt vekk padle mot det med ett avvik på ca 10 - 15 grader andre vegen. På den måten blir byttet tryggere på deg og ser ikke på deg som en trussel...

    SvarSlett
  5. Detta va ikkje dumt! Me praktiserte stort sett "gå rett på" taktikken, med jaktlukka deretter...

    SvarSlett