torsdag 3. november 2011

Eit upassande innlegg

Eg kan like godt orsake meg for dette innlegget med ein gong. Grunnen til denne orsakinga er at eg her vil bryte med om lag alle prinsipp og alt det Nordhordland Adventures står for. Ekspedisjonen som vil bli omtala var ikkje bedageleg, det var ingen grilling i løpet av turen, og verst av alt; me var utanfor Nordhordland. Nærare bestemd var me i alle sanne nordhordlendingar(det er forresten veldig praktisk i forhold til skrivinga at eg kan sitje og definere kva som er ein sann nordhordlending) sitt levande mareritt, ein by. Bergen.

Skulle eg møte mi overkleiv eller skulle Stoltzekleiven møte sin overmann var spørsmålet som vart stilt før me byrja. Det heile byrja med at Endre, ein etter turvalet å døma, galen mann frå Sogndal, etter instruks frå meg pressa meg til å vera med opp på Fløyen eller Stoltzekleiven. Sidan eg aldri hadde vore på Stoltzekleiven før, vart dette dagens destinasjon. For dei som ikkje er lokalkjende i Bergen og har høyrd om denne mykje omtala torturreiskapen før kan eg kome med litt informasjon. Dersom ein ser Stoltzekleiven frå eit objektivt synspunkt ligg toppen på om lag 379 meter over havet, og stien/tråppo opp består av om lag 800 trinn. Sett frå min subjektive ståstad kan ein gange begge dei to tala med ti for å kome litt nærare røynda.

Då me kom fram til stien som skulle ta oss til toppen av Rævaskaret, som Stoltzekleiven vart kalla i tidlegare tider, viste det seg at den var stengd og at stien som var der mellombels var meir opptrakka enn ein nypløya åker. Men litt gjørma skulle ikkje stogga ein stril og ein sogndøl. Mykje gjørma klarte heller ikkje å stogga oss. Det gjorde derimot kondisjonen min. Etter eit par tråppe oppover høyrdes eg ut som eit pumpeorgel med hol i blåsebelgen og sveitta nok til at fleire av bekkane som renn nedover der fløymde over. Dei seier at menneskekroppen består av om lag 60% vatn, men då eg kom til topps var denne prosentdelen godt under 5.


Mot i brystet, vett i pannen, stål i ben og armer... ehh 
ikkje heilt, men denne teknikken med å gå godt 
framoverbøygd gjorde at eg ikkje fekk slagside bakover
og rulla til botnen igjen. 

Me kjempa oss vidare, eller eg kjempa, Endre gjekk og snakka i telefonen og syntes tempoet var så roleg at det såg ut som han haldt på å sovne midtvegs i brekka. Men etter om lag 800 tråppetrinn og om lag 950 pausar kom me omsider til topps. Og eg kan faktisk skryte av at det vart ein ny personleg rekord opp for min del. Ikkje så rart sidan det var fyrste gong eg gjekk opp, men den rekorden vil nok uansett bli ståande i lang tid framover. 

Ein sliten mann, men ein overmann! 


Endre poserer i panorama utan å vite om det.

Etter å ha tatt bilete og nytt utsikt til me byrja å fryse var det på tide å kome seg ned att. Nokre meiner at Stoltzekleiven bør vera einvegskøyrd, men me er ikkje av dei. Turen ned igjen gjekk forholdsvis udramatisk for seg. Nokre nestan fall og eit par fall må ein rekne med. Men på denne nedstiginga fekk eg bekrefta ein av mine psykologiteoriar, ein blir meir eller mindre galen av å bu i ein by i kortare eller lengre tid. Me møtte folk som sprang oppover, heilt utan mål og meining sidan det no ein gong går an å gå, og det verste av alt var ein kar som gåande med sykkel over aksla si. På dialekta hans høyrde me at han ikkje var bergensar, så han var eit levande bevis på at ein ikkje treng å vera oppvaksen i ein by for å bli eit offer for denne smittsame galskapen. 

Heilt på slutten av dette innlegget må eg sei at eg skulle ynskje eg kunne love at dette er siste gongen Nordhordland Adventures gjer seg ut på slike ekspedisjonar som dette, men som ein (u)seriøs aktør i marknaden er det vårt tunge ansvar å prøve ut ulike turmogelegheiter for å finne den ultimate turopplevinga! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar