onsdag 19. november 2014

Ekstraordinært styremøte grunna oppseiingsgrunn av grunnleggjar. Grunnlause spekulasjonar eller sviktande grunnlag for Nordhordland Adventures eksistens?

Dette vil kanskje kome som eit sjokk, men det er innkalla til og avhalde eit ekstraordinært styremøte i Nordhordland Adventures. Fungerande styreleiar har vorte skulda for alvorlege brot på ein av grunnverdiane til Nordhordland Adventures, og på den måten har han sett heile organisasjonen og samarbeidspartnarane til Nordhordland Adventures sitt rykte på spel. Heldigvis var styreleiar einaste innkalla og frammøtte til det ekstraordinære styremøtet og etter ei jamn avstemming vippa resultatet i hans favør, men han vil i tida framover vera under tett oppfølging og liknande tillitsbrot vil ikkje bli akseptert. Grunnen til at denne saka no blir slått stort opp i dette mediet er at me i Nordhordland Adventures har stor tru på full openheit i enkelte saker. Me har og stor tru på sjokkerande overskrifter for å dra lesarar.

Men ein kan jo etter denne innleiinga forklåre bakgrunnen for dette bråket i ein elles så (u)ryddig administrasjon. Men for å forklåre dette må me nok gå den tunge vegen, gjennom nok ei turskildring. Og tru meg når eg seier at vegen var tung.

Det byrja som mang ein vanleg sundagstur, nokre gjekk etter sundagsmøte på misjonshuset på tur, eg gjekk for å fyre bål til dei som var på tur synes dei hadde gått langt nok og ville ha mat på bålet. Som det tydelegvis er vanleg her på sørlandet, gjekk skogsturen for Nordhordland Adventures sin del inn over det som må ha vore den gamle E-18, for som tidlegare nemnd, her er stiane i skogen i betre stand enn vegane heime.

Skogstur, og skogstur... Når det er plass til to bilar
i breidda er det kanskje litt meir by enn skog? 


Men full av pågangsmot og glede over å snart skulle få sjå flammar gjekk me i Nordhordland Adventures vidare oppover mot skjebnestunda. Nei, det var ikkje den komande motebakken som førte til oppvaskemøte, motebakkar er Nordhordland Adventures sin fremste uttalte fiende så det at styreleiar sleit litt med denne er heilt naturleg. 

Ein anna ting som gjer at ein stakkars Nordhordlending
kan byrje å lure på kva meininga med livet er, er det 
at sørlendingane tydelegvis treng rekkverk når dei er 
på tur i skogen. Og kva meir er, det er faktisk nokon som 
sett det opp. 


 Men etter rekkverksgange og meir motebakkar var endeleg den avtala plassen for bål i sikte. Etter at telefonisk kontakt med turgruppa hadde bekrefta at den avtala plassen var riktig gjekk vedarbeidet sin vante gong. Etter både furu og bjørk måtte gje etter for øks og sag og alle nitten versa av kråkevisa(å mannen han gjekk seg i vedaskog) var sunge(her måtte ein liten googlepause inn og, det er vanskeleg å hugse nitten vers),  bjørkenever var samla og fliser kutta opp vart tennstålet funne fram. For så å bli lagt vekk igjen når stormlighteren var oppdaga i sekken. Men etter å ha vorte tend opp og sett særs lovande ut fan bålet plutseleg ut at det ikkje ville meir, så det la seg ned og døydde. Og frekt som det var gjentok det denne prosedyren ein gong til. Og så kom turfolket, og då bestemde bålet seg for å døy ut enno ein gong. Som de kanskje skjøner har me no byrja å kome nærare grunnen til ekstraordinære styremøter.


I følgje denne plakaten såg det ut
som at skogbrann var på turné
i området. Ved nærare undersøkingar
viste det seg at turnéen varte frå
15. april til 15. september. Så der
var det inga hjelp å få. Drit.

Turgåarane som hadde kome kom til og prøvde hjelpe med bålet, bensinen frå sekken kom til for å hjelpe med bålet. Ingenting hjelpte. Og no kjem me til saka si kjerne. Her kom det turgåarar og det kom seinare til fleire folk som var lova bål. Og er det noko Nordhordland Adventures har skrytt på seg spisskompetanse på, så er det bål. Og her kunne me ikkje levere. Greitt nok at det regna og bles men i Nordhordland Adventures sine vedtekter står det i artikkel 3. "Dersom nokon tilknytt Nordhordland Adventures har blitt tildelt ansvar for, har tatt ansvar for eller på anna måte er involvert i turar der bål blir nemnd, føreslått eller tenkt, er denne pliktig til å ta med seg så mykje diesel eller anna brennbart materiale som er naudsynt for å få bålet varmt nok og stort nok til at omnen til Nebukadnesar vert gjort til skamme." 
Her har styreleiar svikta stort. For tragisk nok vart det ikkje fyr i bålet før ein reddande sørlending kom dragande med nokre tørre vedskier. Og rett nok redda han middagen for oss og all takk til han for det. Men stort var fallet for Nordhordland Adventures! 



søndag 16. november 2014

Dementi og orsakingar til Nordhordland tur- og friluftsgangarlaug

Etter førre innlegg her på Nordhordland Adventures har eg blitt personleg kontakta av medlemmer frå Nordhordlandsmilitsen Nordhordland tur- og friluftsgangarlaug som krevjer orsakingar av at eg har kalla dei ein milits og har kome med krav forslag om at eg skal skrive eit dementi, og om at det som skjedde i røynda når me var på tur i Masfjordfjella må kome fram. Grunna viktigheita av korrekt informasjon i dette innlegget har militsen friluftsgangarlauget forlanga foreslått at dei skulle få sensurmogelegheiter før publisering. Noko me i Nordhordland Adventures gjekk motvillig entusiastisk med på.

Så glad kan ein faktisk bli av å få ein førespurnad
frå Nordhordlandsmilitsen
Nordhordland tur- og friluftsgangarlaug om 
ikkje ein kan skrive om ein tur. Det svarte
 hagleløpet stålrøyret med sikteskinne som kitlar
ein på kjaken, hjelper òg på smileband og motivasjon. 

Denne feltøvinga turen gjekk føre seg i nærleiken av masfjordvegen 1051, nærare bestemd på Eikemosetra som ligg litt nedanfor Sollifjellet eit ukjent terreng på ein ukjend plass i Masfjorden i vår. Turmedlemmene besto av veteranar i militsen gamle medlemmer i tur- og friluftsgangarlauget samt rekruttar som søkte opptak prøvemedlemmer som  var litt uvisse på om dei ville bli med i lauget eller ei. Taktiske Personlege grunnar gjorde at det var to ulike puljer som gjekk oppover, ein fortropp tidleg pulje og nokon som sikra retrettmogeligheita kom opp litt seinare på kvelden.


Sambandssjekk med baktroppen Siste rest av
mobildekning vart nytta før me gjekk heilt bort
frå sivilisasjonen.

Då det var lenge sidan militsen friluftsgangarlauget hadde vore på øving tur i området vart det fort klårt at motebakkane hadde vorte både brattare og lengre sidan førre gong det var aktivitet i området. I kjent stil la militsleiinga styret i friluftsgangarlauget skulda på tyskarane. Det skulle ikkje bli like lett for dei å okkupere gå på tur i Nordhordland neste gong. Men etter sveitting, pausar, innbilte hjarteinfarkt og trugslar om å bryte bein for å bli evakuert med helikopter kom me omsider fram til basen målet for turen. Eller eit delmål var det i røynda. Ein del av det førespegla programmet for denne feltøvinga turen var fisking i Sulevatnet eit vatn, men grunna fare for islagt vatn, mangel på fiskeutstyr og endå større mangel på kondisjon vart denne setra det endelege målet for turen.


Det topphemmelige basen sjarmerande setra
som var målet kan skimtast ca midt i biletet. 


Stridsrasjonar i krisetid Tursnacks er viktig.
Kvikklunsj og speka hjort.

Då me omsider hadde kome fram var den sjølvsagde første posten på programmet å fyre bål for å få inntatt eit minimum av dobbelt så mange kaloriar som vart forbrent på vegen opp. I HV-ungdomen lærte eg ein gong at "Aldri tap høgde i terrenget med mindre du må", i militsen friluftsgangarlauget lærer dei "aldri tap fettprosent med mindre du må". 

Kamuflasjetrening Vedhogst.


Baktroppen Den andre pulja kom til friluftslivets
ekvivalent til "duk og dekka bord". Brennande bål.

Då baktroppen pulje nr. 2 kom opp var bålet godt i gong og me kunne gå rett i matlagingsprosessen. Etter eit godt måltid og debriefing angåande fientlege observasjonar mykje snakk om laust og fast(konklusjonen vart at yoghurt og Biola er bra ved for mykje fast, eventuelt eit mindre inntak av parafin i krisesituasjoner) var det på tide med eit godt gammalt friluftsmøte.

Ein av rekruttane prøvemedlemmene
vart utpeika til konstituert feltprest forkynnar
og tok ein andakt meir eller mindre på sparket.


Ein god feltutrusting tursekk
inneheld sjølvsagd Sangboken. 

Til melodi av songen som etter kvart tona ut gjekk nokre av rekruttane turmedlemmene tilbake til ein oppvarma heim for å sove i frykt for nattefrost. Dei vart sjølvsagt ikkje opptekne som medlemmer av militsen. Me andre rigga oss etter kvart til inne på og utforbi setra for å sove. Som ellers i militære strukturar friluftsgangarlaug rundt forbi sov leiinga inne og dei nye rekruttane prøvemedlemmene ute i frisk nattefrost. Det som var litt spesielt her var at ein av veteranane dei faste medlemmene i friluftsgangarlauget valde å sove utan liggjeunderlag på det harde tregolvet. Det spesielle med dette var at det låg ei madrass inne på naboselet som han kunne ha lånt. Men noko av det dei trener på i militsen friluftgangarlauget er smertemeistring,  han fekk nokre gode ryggsmerter å meistre. 
Av taktiske tilhøve, for ikkje å uroe lokalbefolkninga arbeidsmessige tilhøve måtte avmarsjen frå setra delast opp neste morgon. Nokon gjekk tidleg, mens andre nytte morgonen og frukosten til fulle. 

Nyting av frukostveding

Nytting av frukostveden til å lage frukostmat

Etter ein frukost som var den grådigaste hobbit verdig(altså ein god frukost to gonger(dei to frukostane var såpass lange at dei vart samanhengande til ein stor)) var nokre av oss såpass sliten at me måtte ha ein liten pause før me gjekk ned frå fjellet. Andre var såpass spreke at ein skjøner at dei høyrde til militsen friluftsgangarlauget og ikkje Nordhordland Adventures. Dei gjekk faktisk på ein liten ekstrarunde rundt sætra. Sjukt. 


Det viste seg å vera vanskeleg å få ein av 
dei nye rekruttane prøvemedlemmene til å
skjøne nytta av kart og kompass. Ganske merkeleg
sidan me faktisk kunne sjå ned dit me var på veg.


Dette militsmedlemmet friluftsgangarlaug-
medlemmet var av dei som var mest kamerasky,
her lokkar fotografen sin hjelpar med ei flaske 
cola for å lure merksemda vekk frå fotografiapparatet.

Av ein eller anna grunn var vegen ned att like bratt som den hadde vore opp dagen før. Berre at den var bratt motsett veg, den var ikkje lenger bratt oppover, men nedover. Spesielt. Hadde det ikkje vore for lettare sekkar grunna oppbrukt proviant og tyngdekrafta spørs det om me hadde kome oss ned att.  

Då me var kome halvvegs ned eit brattheng
snubla ein av militsmenna turmedlemmene over
rota til alt vondt. Diverre fall han for freistinga.
Planen var å fjerne denne seinare, men grunna 
liten kompetanse på kart rota me til vegbeskrivinga.
Det gjekk bra med han bortsett frå at han kjende det som
at hovudet(og hjartet) stod i brann. (Reknar med at dei fleste lesarane 
er så observante at dei no har fått med seg kva logo som
er på hua hans)



Så er me til slutt komen til turanbefaling og karaktergjeving på ostepølseskalaen. Denne turen hadde eigentleg alt for mange motebakkar til å nå til topps fine opplevingar til å få meir enn tre noko mindre enn seks ostepølser.
så denne turen kan vel kategoriserast som ein av dei verste beste turane Nordhordland Adventures har vore med på!

Dette er fyrste gong denne karakteren er gjeven,
så dette er gjevt!



Heilt til slutt så kan me legge til at me på denne turen erfarte vanskelegheiter med å lære vekk grunnleggande kunnskap om kart og kompass. Dersom du planlegg ein liknande tur og fortvilar over problema med å få andre til å bruke og til å forstå bruken av kart og kompass, fortvil ikkje lenger. Nordhordland Adventures har pensumtips! 

Ei snøgg gjennomlesing
av denne boka får sjølv 
noregsmeisteren i desorientering
til å bli ein vandrande GPS! 

torsdag 13. november 2014

Eksilstril og kjøttkaker i sørlege regnbyer

Sidan det snart er to år sidan det sist var noko aktivitet på verdsveven med Nordhordland Adventures er det no kanskje på tide med litt igjen. Det at me har vore inaktive på veven betyr ikkje at me har lagt å latsida turmessig. Men me har lagt på latsida og, så sånn sett kan ein jo forklare litt av mangelen på nye innlegg.

Til tross for ein utprega mangel av turar i regi av Nordhordland Adventures har representantar herifrå lurt seg med på turar både med Nordhordlandsmilitsen og andre meir eller mindre skjulte grupperingar. Men då me har vorte truga med strenge straffer dersom me i det heile tatt hintar til eksistensen av denne militsen skal me la ver.

Som ein ser på dette biletet fotografen vår
fekk tatt med eit innsmugla kamera, topptrena
og livsfarlege militsmedlemmer med drap i blikket.

No kan det vera at den observante lesar vil stusse litt på kva Nordhordlandsmilitsen har med strilar i eksil og kjøttkaker og gjere, men stuss ikkje lenger, for svaret er nært. Etter at Nordhordland Adventures hadde lurt med eit par utsendingar på denne feltøvinga til Nordhordlandsmilitsen og det nesten kom bilete i avisa vart det sjølvsagde valet for Nordhordland Adventures styreleiar å gå i eksil for å unngå represalier, så der kjem strilen i eksil inn i biletet. 


Men for å gå vidare til kjøttkaker og regnbyer på sørlandet. Her må det først og fremst seiast at sørlandet skuffar stort. Då det var snakk om eksil etter dekkoperasjonen i Nordhordlandsmilitsen var det sjølvsagd veret som i hovudsak avgjorde plassen for eksil. Veret og at det ikkje var i nord-Noreg eller på austlandet. Så når veret først hadde lokka ned hit sør, då burde det kunne halde seg fint og skyfritt skulle ein tru. Men nei. Heldigvis har det vore regn i Nordhordland tidlegare, så etter råd frå dei gamle og eigen erfaring visste styreleiaren å kle seg. I dongeribukse og ei jakka med hol i. 

Transporten til matlagingsstaden i skogen var også ein litt framandgjort etappe for oss frå Nordhordland Adventures. For der me heime anten køyrer bil på vegen for å kome oss fram eller går på ein sti, var det her laga ein veg som var meir enn god nok for bilar, men det var berre lov å gå eller sykle på den. gatelys hadde dei også fått opp her. Merkeleg at ein treng gatelys når det ikkje er bilistar som treng å sjå fotgjengarane. Men dette er jo eit framand land, så det er kanskje greit å prøve forstå før ein dømer(Me i Nordhordland Adventures har ingen forståing for dette).

Men uansett, me gjekk eit lite stykke på denne opplyste grusvegen, med omlag same standar og langt fleire gatelys enn ein god europaveg heime, før me tok av og fann ein liten sti som førte fram til kokeplassen. Der var det praktisk nok sett opp ein gapahuk av presenning og staur. 

Dei to turmedlemmene, utanom Nordhordland Adventures sin representant, som var nøye utvald grunna sine eigenskapar på tur tok straks til med det praktiske arbeidet, Erling med bål og Åshild med kjøttkaker, eller kjøttkakebollar som ho kalla dei grunna eit eller anna definisjonsspørsmål som gjekk på storleiken.


Erling var skeptisk til å få bilete
på ei side der det er snakk om både
militsar, Nordhordland og kjøttkaker. 
Han er sørlending og alle sørlendingar
ser ca. slik ut. Legg merke til tennvæska
i høgre hand. Ein friluftsmann etter 
Nordhordland Adventures sitt
hjarte!  


Bålsteiking av kjøttkake(bollar) fungerte bra heilt til
tennvæska  tok slutt og regnet ikkje gjorde det.
Heldigvis var det nok bensin på primusen til å få
gang på bålet igjen. 


Etter mykje vedhogst, potekoking, kjøttkakesteiking og soslaging var det omsider duka for eit fortreffeleg måltid. Utett gapahuk, manglande bestikk og kjøttkakedeig som var krydra med barnåler etter eit lite møte med bakken til trass, dette var kjøttkaker og matoppleving på høgd med dei ein fekk på indremisjonskaféen på Voss i tidlegare tider! 

Indremisjonskaféstandar!



I førsteutkastet som tydlegvis vart publisert alt for tidleg viste det seg at karaktergjeving på den berømte ostepølseskalaen av denne turen vart gløymt. Heldigvis vart det påpeika av ein observant lesar som har vunne ein plass på neste tur med denne observasjonen. 

På denne turen var det ikkje ver som stod til forventingane, det og opplyste vegar til målet gjer at denne turen til tross for  Indremisjonskaféstandar på maten ikkje får meir enn fem ostepølser. Fem ostepølser er sjølvsagd ein ekstremt bra tur, men maten hadde fortent meir, synd veret skulle øydeleggje.

Så anbefalinga er, finn ein europaveg, gå til
du finn ein sti, gå til du kjem til ein gapahuk
lag kjøttkakemiddag!  



onsdag 6. mars 2013

Skitur, mislukka statskupp og snikreklame

Først av alt kan me i Nordhordland Adventures avkrefta rykta som har gått om at Nordhordland Adventures er daud og grave ned. Det at det kanskje ikkje har gått slike rykte speler ikkje så stor rolle i denne avkreftinga. Me er i alle fall ikkje daud, berre gått i dvale ei stund. Men no er me uansett svakt tilbake!

Eit anna spørsmål som det kanskje ikkje er nokon som stiller seg, er jo kva skiturar og statskupp har med kvarandre å gjera? Uroa deg ikkje, forklåringa kjem.

Men lat oss byrja på byrjinga først. Sidan det tidvis kjem snø på vinteren var det ein gong ein oppegåande mann(eller kanskje det var ei kvinne, eg veit ikkje) som fann ut at det å rive laus to fjøler frå kledningen på huset og  spenne dei fast på føtene forenkla transporten dei dagane snøen ligg. I våre dagar, med bilar og brøytebilar, skulle ein tru at folk heller ville velje å kome seg frå A til B på mindre energikrevjande måtar enn å bruke desse fjølene. Og det gjer jo folk flest. Problemet oppstår når ein skal frå A til A igjen. Då er ski, som ein kallar dette bygningsmaterialet ein spenner på føta, plutseleg ein føretrekt transportmetode for mange. Og med god grunn, det er jo kjekt! (i unnabakkane vel å merka. Fiskebein er ikkje godt i verken mat eller transportsamanheng)

Med dette som bakgrunn er det kanskje ikkje så rart at eg, som ein representant frå Nordhordland Adventures, vart invitert med(inviterte meg sjølv med) store deler av styresmaktene frå Sætervika Ungdomssenter på skitur.



Her er det då statskupplanane kjem inn i biletet. For når repesentantar frå Nordhordland Adventures involverer seg i turar prøver me mest mogeleg å få styrt turane i den bedagelege retninga. Dette var og planen før denne turen, så eg møtte opp i Gullbotn i god tru om at her skulle det gåast eit par hundre meter på ski før bålet skulle kveikjast og pølsene grillast. Så feil kan ein ta.
Styresmaktene frå Sætervika la då ned eit veto og skulle absolutt gå ein runde under nokre gatelys ein eller anna har sett opp midt ute i villmarka(10-15 meter frå Fv7). Hadde det bere vore under gatelysa på hovudvegen, så hadde det i det minste vore mogeleg å fått haik med bilistar i motebakkane. Å gå ein runde i ei såkalla lysløype høyres kanskje ikkje så gale ut, men for ein mann som har vore inaktiv like lenge som bloggen han driv, er det ikkje bere bere med glatte plankar og endelause motebakkar. (Denne aktiviteten må virke heilt absurd på den første mannen(eller kvinna) som ofra huset sin motstandsstyrke mot ver og vind for å kunne ta seg fram ein vinterdag(Altså å gå under gatelys. I kø. I sirkel. Utan noko som helst matnyttig formål)). Unnabakkane gjekk heller greit, til tross for gjentekne tekstilstopp nedover brekkene gjorde det isete føret at farten raskt tok seg opp att etter kvart (u)tilsikta stopp. 

Etter at om lag 17 liter mjelkesyra hadde blitt produsert, mjelk og syra separert, mjelk levert til tine og syra i riktig beholdar i gjenvinningsanlegget til NGIR i Kjevikdalen,  var runden omsider ferdig og den eigentlige turen(sett frå Nordhordland Adventures sin ståstad) kunne byrje. 

Ein eigna bålplass var på andre sida av eit
vatn. HMS orientert som Nordhordland
Adventures er måtte isen sjekkast. Etter 
å ha høgd 2,5CM nedover i isen utan å 
kome til vatn, fekk dette vatnet klassifiseringa
"trygt nok".

For oss i Nordhordland Adventures førte denne turen med seg heilt nye opplevingar, bålet vart bygd og tent heilt utan innblanding eller bensin frå vår side. 

Etter at frøken Eiken hadde kveikt bålet
tok ho jobben som fotograf og er difor 
av naturelge grunnar ikkje med på biletet
i lag med frøken Haraldseid, styrar Berland
og meg sjølv.

No som dette innlegget går nærare slutten er det tid for nokre bilete med snikreklamen som vart lova i overskrifta. Kvifor me i Nordhordland Advenures tillet snikreklame er ganske lett å svare på. Me reknar sjølvsagd med ei grei godtgjersle frå Sætervika Ungdsomssenter og dei respektive selskapa dei prøver å reklamere for, sånn sidan dei utnyttar ein heilt uskuldig blogg på det grøvste. 



Styrar Berland og frøken Haraldseid
er ikkje akkurat diskret når dei prøver 
å markedsføra Freia sin kakao. 


Diskret kan vel heller ikkje denne framsyninga
av Bama banan, Freia melkesjokolade,
Unik aluminiumsfolie og eingongsbestikk
kallast. 


Frøken Eiken vart fråteken kameraet
og nytta umiddelbart mogelegheita til
å reklamere for Expert og Rema 1000.
Dette klarte ho litt meir diskret enn dei
andre, men det er likevel ikkje vanskeleg
for dekdektivane... detkeketivane...
dektivetane... etterforskarane i 
Nordhordland Adventures å forstå 
kva som skjer.

Men uansett. Forutan motebakkar og snikreklamering(som forhåpentlegvis vil bli godt lønna) vart dette ein særs bra tur. Fantastisk ver, bål og pølser, snø og ikkje minst særs triveleg selskap. Og for ein gongs skuld har Nordhordland Adventures kome seg litt nærare det som eigentleg er målet vårt, koma oss ut i naturen. Ikkje berre køyre ut i naturen, gå tre meter før bålet blir tent og køyre heim att(sjølv om det og absolutt har sin sjarm). 

Det førre avsnittet hadde jo no vore ei naturleg avslutning på dette innlegget. Derfor vel me å ikkje gje oss heilt enno. For det som må vera med heilt til slutt er grunnen til at kvelden vart avslutta tidleg(altså den andre grunnen enn at det var seint, arbeidsdag dagen etter, slutt på veden, slutt på maten og småkjølig). 
Dette må vere med berre for å forhåpentlegvis få fleire fjortenåringar til å følgje denne bloggen. Det er ikkje Twilight og vampyrar, men noko mykje verre og meir reelt. Fullmånen kom nemlig opp og med fullmånen veit alle at varulvane og kjem. 


Det var to ting som var med på å redda
oss frå varulvane då fullmånen kom opp.
Den viktigaste var nok at me bere var nokre
hundre meter frå bilane. Den andre at rapportar
om varulvar slutta å koma ein gong på 1600
talet, då bøndene slutta å laga brød av mjøl
som var laga av mygla korn. 


Heilt til slutt, den store ostepølsevurderingsskalaen: 

Litt for mange motebakkar gjer at denne 
turen ikkje når heilt til topps på skalaen.
Men fem av seks pølser(som ein pakke
Gilde ostepølser inneheld) er slett ikkje
gale! Turen vert anbefalt av Nordhordland
Adventures!


Uansett, takk for turen! 


torsdag 1. mars 2012

Tolv ostepølser og ein hjullastar

Grunna uventa metrologiske faktorar(det regna ikkje) på sundag såg Nordhordland Adventures eit behov som låg ubevisst hjå delar av befolkninga, nemleg behovet for å ete middag utandørs. Sidan Nordhordland Adventures er ein handlande organisasjon var vegen kort (om lag to mil) til Knarvik der firmabilen kunne bli lasta opp med pølser, cola, Bjarte og Asle. Destinasjonen for middagsmåltidet var ukjend, men me sette kursen utover europavegen. Etter ein liten bomtur opp ein fela bratt bakke med ujamnt vegdekke og høgdeskilnader som gjorde at Pajeroen tok nedi eit par gonger var det ut at på hovudvegen for å finne ein brukandes stad.

Sidan svolten gjorde oss meir og meir desperat tok me ein inspeksjonsrunde av nokre røyr frå ei demning og ned til Bjørsvik før Bjarte kom med tipset om Molvik, ein stad der namnet ikkje naudsynt pirrar utforskartrongen, men som var overraskande fager å sjå til. Dette synet kan ha blitt påverka av at sola skein lite grann for fyrste gong i ein gløymsk manns minne.

Nordhordland Adventures har ei oppskrift på korleis 
ein skal lage ein vellukka tur, denne oppskrifta inneheld
i tillegg til mykje anna fem P-ar, noko dette biletet illustrerer.
Her følgjer dei fem P-ane i tilfeldig rekkefølgje: 
1. Pølser(type ost)
2. Påtent grill
3. Partydrykk(Cola)
4. Pajero
5. Praktfull natur

No kan det vera at dei som(dersom det er nokon) les denne bloggen til vanleg er lei av å lese om ulike ostepølsemåltid, difor går me no vidare til offroadkøyredelen før me går attende til ostepølsemåltidet igjen. 

Etter kvart som måltidet var ferdig og me så mette at me knapt klarte å gå kom det fram at Asle aldri hadde vore med å leika i bil på Eikefet. Dette såg styret i Nordhordland Adventures på som uhørt. Heldigvis er det ikkje lange vegen frå Molvik til Eikefet. Nok ein gong, dei som har lese eit innlegg eller fem her tidlegare har kanskje fått med seg at det på Eikefet er nokre bakkar og liknande det går an å køyre i med bil

Etter å ha trua og lokka Asle med på eit par rundar var det på tide å gje seg sidan det byrja å bli mørkt og me hadde invitert oss sjølv til playstationspeling hjå Kjetil. 
På veg ned i vegen såg me med eit ein dam(som ein tilsett på Eikefet kalla ein innsjø) som Pajeroen måtte uti ein tur. Dette gjekk særs bra nokre meter, så sto me fast. Så tok me inn vatn. Som kaptein velde eg å gå ned med skuta og sende dei to andre over panseret og i land. 

Til tross for at lensepumpene gjekk for fullt tok bilen inn
meir og meir vatn, kanskje to-tre centimeter oppover 
torpedoveggen gjekk det! 

Å gå ned med skuta og å gå på grunn går ut på mykje 
av det same. Her ser de iallfall den motige kapteinen
som ikkje forlet roret til tross for havari. 

No trur de kanskje at eg overdramatiserar hendinga lite granne, men sanninga var at eg sto like fast som KNM Jo. Men heldigvis er det anleggsmaskiner på Eikefet, og heldigvis hadde me med oss ein anleggsmaskinførar som ikkje såg så veldig mørkt på å låne eit beist av ein hjullastar å slepe Pajeroen laus.
Så etter ei rask tømming av styrehuset var me klar for nye eventyr.(Altså køyre å spele playstation) 

Det er kanskje vanskeleg å sjå storleiken på hjullastaren
på dette biletet, grunna ein selektiv fotograf kom 
berre framre delen av skuffa på lastaren med. 

No har me igjen kome til ostepølsemåltidet. For no skal Nordhordland Adventures innføre ei vurdering av turane som blir gradert i ostepølser. Denne graderinga går frå 1-6 ostepølser alt etter kor bra turen har vore, for som ei seriøs reiselivsbedrift i Nordhordland er det viktig å gradere turane slik at andre kan få sjå kva turar dei kan kopiere for eit best mogeleg utbytte. Kva som skal til for at ein tur skal få dei ulike graderingane vil verta opplyst om i eit eige innlegg litt seinare. 

Denne turen låg lenge an til å få fire ostepølser, men gruna
at me køyrde oss fast og måtte ha ein hjullastar til å drage
Pajeroen laus igjen kjem den opp i fem ostepølser som er 
ein særs bra karakter. Nordhordland Adventures anbefalar
denne turen på det sterkaste! 



fredag 27. januar 2012

Nordhordland Adventures attende på vegen

No står Nordhordland Adventures inne i ein revolusjon på den teknologiske fronten, me driv for første gong med liveblogging! I dette høvet har me eit lite spørsmål til dei som eventuelt måtte finne på å lese dette, kva har ho Live med blogging i sanntid å gjere?

Men til poenget. I går, etter mykje arbeid nedlagt av Runar kom endeleg Pajeroen på vegen att. Med ein nesten ny motor, bere 18 år gamal, går han no som ei kule. Litt småproblem som uljelekkasje, kjøleveskelekkasje, slurande kløtsj og gåen termostat må ein rekne med. Men på den positive sia, heile tre av fire sylindarar virkar når bilen er kald, og den siste er snill og kjem når det blir litt lunk i maskineriet.

Dette skjedde jo i går, så kva skjer med ho Live? Her kjem det. Nordhordland Adventures har i samband med andre arrangert ein hyttetur til Hovden for ei priveligert gruppe. 

Pajeroen har tatt på skina og er klar for langtur!

Etter mykje om og men fekk eg omsider kome meg avgarde og plukka opp Tor Erik i Salhus.
Så var det ein siste kontroll av pakklista før me tok ut. 

Me i Nordhordland Adventures tar  av ukjende grunnar
sterk avstand frå pakklister, så i staden for å kontrollere
pakklista kontrollerte me at bilen var fullasta. Det var den. 


Med fjellduk, sovepose, diesel, kvetlar, cola og diverse anna såg me at me var godt utstyr for overraskande uver på fjellet. I og med at Vegtrafikksentralen sa at Haukeli var stengd på grunn av uver var kanskje dette lurt. For i skrivande stund står me i ein kø på veg opp frå Røldal og venter på neste kolonnekøyring. Det at eg tenkte på å sei til dei som er ansvarleg for stenging av vegen at me i Nordhordland Adventures ikkje er redd for litt snø, at me til og med har laga ein overlevingsguide for vinteren som vert nytta av dei fleste (u)profesjonelle, har diverre ikkje ført til at me har fått lov til å køyre enno. 

For dei som ikkje har sett slikt før, slik kan oppstillinga
til ei kolonnekøyring sjå sjå ut. For det utrente auga kan
det sjå ut som ein vanleg kø, men dei erfarne legg nok 
merke til at det er kveldsmørkt, og vanlege køar oppstår 
nesten aldri i kveldsmørkret. Rushet er jo ferdig rundt
halv fem, og då er det jo framleis lyst.

No må me i Nordhordland Adventures seie oss nøgde med vårt første liveblogginlegg grunna dårleg batterikapasitet, men dersom kvelden i køen dreg ut, kan det vera det er mogeleg å tyne eit lite innlegg til ut av batteriet. Og dersom det mot all formoding er nokon som sitt i køen og tilfeldigvis søkjer på kolonnekøyring Røldal/Haukeli(eller kolonnekjøring for å ta det på dansknorsk)  på google og slik havnar innpå denne sida her, kom gjerne bort til den gule Pajeroen det står Nordhordland Adventures på panseret av, slå av ein prat, få eit glas cola. Me kjedar oss! 



mandag 16. januar 2012

Styremøte

Nordhordland Adventures er i tillegg til å vera eit firma som arrangerar turar i villmarka også ein arrangør av styremøter i lokale bedrifter av varierande storleik. For å no ta på seg rolla som ein samfunnshjelpar og opplyse om kva kvalitetar som må til for å få til eit produktivt og oppmuntrande styrmøte vil møtereferatet frå gårsdagens styremøte i Nordhordland Bål og Almennvelferdsostepølseetarlaug (NBA) no bli gjengjeve i ei litt meir forteljande form, og med litt fleire praktiske tips og triks, enn det eit referat vanlegvis har.

Det første ein må gjere for å få til eit vellukka styremøte er sjølvsagd å kalle inn styremedlemmene. Styremedlemmene i NBA er sterkt varierande, i den forståinga at heile styret kan bli bytta ut i løpet av to veker eller kortare tid, alt etter kven som kan stille og tidsrommet mellom styremøta. På dette styremøtet var det eg, Bjarte og Tor Erik som kunne stille, så me er og det sitjande styret i NBA for augneblinken.

Det andre ein treng er sjølvsagd eit møtelokale, lang erfaring seier klårt at ute i friluft er det beste lokalet. Så lenge det er lokalt sjølvsagd. For dei som slit med å finne ledige møtelokal kan eg avsløre at Sauvågen er eit særs bra alternativ.

Tredje punkt på lista over naudsynte komponentar til eit styremøte er ei saksliste. Denne bør vere kort og konsis, NBA si saksliste såg slik ut:
1. Fyrverkeri
2. Bål/Mat
3. Løyse verdsproblem
4. Eventuelt
5. Fyrverkeri
6. Evakuering

Det som ein i ettertid kan sjå, og som me i Nordhordland Adventures tar sjølvkritikk på at me ikkje påpeikte når det gjeld sakslista til NBA er at det burde vore eit punkt til på sakslista, allsong. 

Punkt 1 og 5 på sakslista er viktig for å setje stemninga
på styremøtet, uansett kor alvorlege saker som skal takast 
opp vil fyrverkeriet gjera at alle hugsar det som eit bra møte
For erfaringa vår i Nordhordland Adventures tilseier at alle
menneske av hannkjønn eigentlig aldri blir eldre enn 14 år
og grunna dette er ting som eksploderer særs kjekt! 

På same måten som fyrverkeri, appellerar eit bål til noko
grunnleggjande i mennesket. Bål og ostepølser er difor sikre
vinnarar på eit styremøte.

Det å løyse verdsproblem er ingen lett oppgåve for statsleiarar virkar det som, men med nok cola og ostepølser innabords er det rart kor enkelt det er for to menn frå Nordhordland og ein som helt hus nett sørom brune. Bål er også ein viktig faktor til denne problemløysinga, for bålet har i uminnelige tider innbydd til røvarhistoriar og skitpreik. Og problemløysing.

Under punkt 4, eventuelt, på sakslista er det vanleg å avtale at neste styremøte ikkje må bli like lenge til som det vart til dette. Etter at alle er samde om dette er det som regel standar prosedyre å gløyme dette. Slik er  iallfall tilfelle i NBA. Den tida ein helt på med "eventuelt" er den tida folk som regel byrjar å klage på kulda, til tross for snø, kloggar og tjukkelestar. Når dette blir teke opp er det ein(eg) som må ta ansvar for å ete opp dei resterande ostepølsene før me kan gå vidare til neste punkt. 

Når nest siste punkt på lista kjem er det viktig å involvere litt spaning. Då er det eit føremon å gjere som NBA, flytt bilane til ein trygg avstand(ein parkere sjølvsagd aldri meir enn fem meter frå bålplassen), finn fram fyrverkeriet utan lunte, kast det på bålet og iverksett punkt 6, evakuering. 

Til slutt kan me i Nordhordland Adventures oppmode alle til å lage ein del meir eller mindre useriøse organisasjonar. Denne taktikken har me bruka med stort hell for å få til fleire styremøter. For som den observante lesar sikkert har fått med seg er eit styremøte eit glimrande skalkeskjul for å treffa kameratar, brenna bål, eta og leika med fyrverkeri! 

Og heilt til slutt kan me i Nordhordland Adventures promotere oss sjølv og sei at dersom nokon treng hjelp til å arrangere eit styremøte er det berre å ta kontakt. Me tar som regel betalt i ostepølser og cola dersom oppdraget ikkje er for stort.