Men ein kan jo etter denne innleiinga forklåre bakgrunnen for dette bråket i ein elles så (u)ryddig administrasjon. Men for å forklåre dette må me nok gå den tunge vegen, gjennom nok ei turskildring. Og tru meg når eg seier at vegen var tung.
Det byrja som mang ein vanleg sundagstur, nokre gjekk etter sundagsmøte på misjonshuset på tur, eg gjekk for å fyre bål til dei som var på tur synes dei hadde gått langt nok og ville ha mat på bålet. Som det tydelegvis er vanleg her på sørlandet, gjekk skogsturen for Nordhordland Adventures sin del inn over det som må ha vore den gamle E-18, for som tidlegare nemnd, her er stiane i skogen i betre stand enn vegane heime.
Skogstur, og skogstur... Når det er plass til to bilar
i breidda er det kanskje litt meir by enn skog?
Men full av pågangsmot og glede over å snart skulle få sjå flammar gjekk me i Nordhordland Adventures vidare oppover mot skjebnestunda. Nei, det var ikkje den komande motebakken som førte til oppvaskemøte, motebakkar er Nordhordland Adventures sin fremste uttalte fiende så det at styreleiar sleit litt med denne er heilt naturleg.
Ein anna ting som gjer at ein stakkars Nordhordlending
kan byrje å lure på kva meininga med livet er, er det
at sørlendingane tydelegvis treng rekkverk når dei er
på tur i skogen. Og kva meir er, det er faktisk nokon som
sett det opp.
Men etter rekkverksgange og meir motebakkar var endeleg den avtala plassen for bål i sikte. Etter at telefonisk kontakt med turgruppa hadde bekrefta at den avtala plassen var riktig gjekk vedarbeidet sin vante gong. Etter både furu og bjørk måtte gje etter for øks og sag og alle nitten versa av kråkevisa(å mannen han gjekk seg i vedaskog) var sunge(her måtte ein liten googlepause inn og, det er vanskeleg å hugse nitten vers), bjørkenever var samla og fliser kutta opp vart tennstålet funne fram. For så å bli lagt vekk igjen når stormlighteren var oppdaga i sekken. Men etter å ha vorte tend opp og sett særs lovande ut fan bålet plutseleg ut at det ikkje ville meir, så det la seg ned og døydde. Og frekt som det var gjentok det denne prosedyren ein gong til. Og så kom turfolket, og då bestemde bålet seg for å døy ut enno ein gong. Som de kanskje skjøner har me no byrja å kome nærare grunnen til ekstraordinære styremøter.
I følgje denne plakaten såg det ut
som at skogbrann var på turné
i området. Ved nærare undersøkingar
viste det seg at turnéen varte frå
15. april til 15. september. Så der
var det inga hjelp å få. Drit.
Turgåarane som hadde kome kom til og prøvde hjelpe med bålet, bensinen frå sekken kom til for å hjelpe med bålet. Ingenting hjelpte. Og no kjem me til saka si kjerne. Her kom det turgåarar og det kom seinare til fleire folk som var lova bål. Og er det noko Nordhordland Adventures har skrytt på seg spisskompetanse på, så er det bål. Og her kunne me ikkje levere. Greitt nok at det regna og bles men i Nordhordland Adventures sine vedtekter står det i artikkel 3. "Dersom nokon tilknytt Nordhordland Adventures har blitt tildelt ansvar for, har tatt ansvar for eller på anna måte er involvert i turar der bål blir nemnd, føreslått eller tenkt, er denne pliktig til å ta med seg så mykje diesel eller anna brennbart materiale som er naudsynt for å få bålet varmt nok og stort nok til at omnen til Nebukadnesar vert gjort til skamme."
Her har styreleiar svikta stort. For tragisk nok vart det ikkje fyr i bålet før ein reddande sørlending kom dragande med nokre tørre vedskier. Og rett nok redda han middagen for oss og all takk til han for det. Men stort var fallet for Nordhordland Adventures!
Regner med at Nordhordland Adventures har gått gjennom sine rutiner intert, og fått på plass korrektive tiltak som sikrer tilstrekkelig diesel eller annen brennbar væske til kommende adventures.
SvarSlettEllers bør NA registreres som selger av klimakvoter (mtp nevnte diesel). Vi trenger penger til flere ostepølser.
Jau. Sal av klimakvoter var ikkje dumt. Kor får ein tak i slike? Og kven er dumme nok til å kjøpe?
SvarSlett