torsdag 1. mars 2012

Tolv ostepølser og ein hjullastar

Grunna uventa metrologiske faktorar(det regna ikkje) på sundag såg Nordhordland Adventures eit behov som låg ubevisst hjå delar av befolkninga, nemleg behovet for å ete middag utandørs. Sidan Nordhordland Adventures er ein handlande organisasjon var vegen kort (om lag to mil) til Knarvik der firmabilen kunne bli lasta opp med pølser, cola, Bjarte og Asle. Destinasjonen for middagsmåltidet var ukjend, men me sette kursen utover europavegen. Etter ein liten bomtur opp ein fela bratt bakke med ujamnt vegdekke og høgdeskilnader som gjorde at Pajeroen tok nedi eit par gonger var det ut at på hovudvegen for å finne ein brukandes stad.

Sidan svolten gjorde oss meir og meir desperat tok me ein inspeksjonsrunde av nokre røyr frå ei demning og ned til Bjørsvik før Bjarte kom med tipset om Molvik, ein stad der namnet ikkje naudsynt pirrar utforskartrongen, men som var overraskande fager å sjå til. Dette synet kan ha blitt påverka av at sola skein lite grann for fyrste gong i ein gløymsk manns minne.

Nordhordland Adventures har ei oppskrift på korleis 
ein skal lage ein vellukka tur, denne oppskrifta inneheld
i tillegg til mykje anna fem P-ar, noko dette biletet illustrerer.
Her følgjer dei fem P-ane i tilfeldig rekkefølgje: 
1. Pølser(type ost)
2. Påtent grill
3. Partydrykk(Cola)
4. Pajero
5. Praktfull natur

No kan det vera at dei som(dersom det er nokon) les denne bloggen til vanleg er lei av å lese om ulike ostepølsemåltid, difor går me no vidare til offroadkøyredelen før me går attende til ostepølsemåltidet igjen. 

Etter kvart som måltidet var ferdig og me så mette at me knapt klarte å gå kom det fram at Asle aldri hadde vore med å leika i bil på Eikefet. Dette såg styret i Nordhordland Adventures på som uhørt. Heldigvis er det ikkje lange vegen frå Molvik til Eikefet. Nok ein gong, dei som har lese eit innlegg eller fem her tidlegare har kanskje fått med seg at det på Eikefet er nokre bakkar og liknande det går an å køyre i med bil

Etter å ha trua og lokka Asle med på eit par rundar var det på tide å gje seg sidan det byrja å bli mørkt og me hadde invitert oss sjølv til playstationspeling hjå Kjetil. 
På veg ned i vegen såg me med eit ein dam(som ein tilsett på Eikefet kalla ein innsjø) som Pajeroen måtte uti ein tur. Dette gjekk særs bra nokre meter, så sto me fast. Så tok me inn vatn. Som kaptein velde eg å gå ned med skuta og sende dei to andre over panseret og i land. 

Til tross for at lensepumpene gjekk for fullt tok bilen inn
meir og meir vatn, kanskje to-tre centimeter oppover 
torpedoveggen gjekk det! 

Å gå ned med skuta og å gå på grunn går ut på mykje 
av det same. Her ser de iallfall den motige kapteinen
som ikkje forlet roret til tross for havari. 

No trur de kanskje at eg overdramatiserar hendinga lite granne, men sanninga var at eg sto like fast som KNM Jo. Men heldigvis er det anleggsmaskiner på Eikefet, og heldigvis hadde me med oss ein anleggsmaskinførar som ikkje såg så veldig mørkt på å låne eit beist av ein hjullastar å slepe Pajeroen laus.
Så etter ei rask tømming av styrehuset var me klar for nye eventyr.(Altså køyre å spele playstation) 

Det er kanskje vanskeleg å sjå storleiken på hjullastaren
på dette biletet, grunna ein selektiv fotograf kom 
berre framre delen av skuffa på lastaren med. 

No har me igjen kome til ostepølsemåltidet. For no skal Nordhordland Adventures innføre ei vurdering av turane som blir gradert i ostepølser. Denne graderinga går frå 1-6 ostepølser alt etter kor bra turen har vore, for som ei seriøs reiselivsbedrift i Nordhordland er det viktig å gradere turane slik at andre kan få sjå kva turar dei kan kopiere for eit best mogeleg utbytte. Kva som skal til for at ein tur skal få dei ulike graderingane vil verta opplyst om i eit eige innlegg litt seinare. 

Denne turen låg lenge an til å få fire ostepølser, men gruna
at me køyrde oss fast og måtte ha ein hjullastar til å drage
Pajeroen laus igjen kjem den opp i fem ostepølser som er 
ein særs bra karakter. Nordhordland Adventures anbefalar
denne turen på det sterkaste! 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar