torsdag 13. november 2014

Eksilstril og kjøttkaker i sørlege regnbyer

Sidan det snart er to år sidan det sist var noko aktivitet på verdsveven med Nordhordland Adventures er det no kanskje på tide med litt igjen. Det at me har vore inaktive på veven betyr ikkje at me har lagt å latsida turmessig. Men me har lagt på latsida og, så sånn sett kan ein jo forklare litt av mangelen på nye innlegg.

Til tross for ein utprega mangel av turar i regi av Nordhordland Adventures har representantar herifrå lurt seg med på turar både med Nordhordlandsmilitsen og andre meir eller mindre skjulte grupperingar. Men då me har vorte truga med strenge straffer dersom me i det heile tatt hintar til eksistensen av denne militsen skal me la ver.

Som ein ser på dette biletet fotografen vår
fekk tatt med eit innsmugla kamera, topptrena
og livsfarlege militsmedlemmer med drap i blikket.

No kan det vera at den observante lesar vil stusse litt på kva Nordhordlandsmilitsen har med strilar i eksil og kjøttkaker og gjere, men stuss ikkje lenger, for svaret er nært. Etter at Nordhordland Adventures hadde lurt med eit par utsendingar på denne feltøvinga til Nordhordlandsmilitsen og det nesten kom bilete i avisa vart det sjølvsagde valet for Nordhordland Adventures styreleiar å gå i eksil for å unngå represalier, så der kjem strilen i eksil inn i biletet. 


Men for å gå vidare til kjøttkaker og regnbyer på sørlandet. Her må det først og fremst seiast at sørlandet skuffar stort. Då det var snakk om eksil etter dekkoperasjonen i Nordhordlandsmilitsen var det sjølvsagd veret som i hovudsak avgjorde plassen for eksil. Veret og at det ikkje var i nord-Noreg eller på austlandet. Så når veret først hadde lokka ned hit sør, då burde det kunne halde seg fint og skyfritt skulle ein tru. Men nei. Heldigvis har det vore regn i Nordhordland tidlegare, så etter råd frå dei gamle og eigen erfaring visste styreleiaren å kle seg. I dongeribukse og ei jakka med hol i. 

Transporten til matlagingsstaden i skogen var også ein litt framandgjort etappe for oss frå Nordhordland Adventures. For der me heime anten køyrer bil på vegen for å kome oss fram eller går på ein sti, var det her laga ein veg som var meir enn god nok for bilar, men det var berre lov å gå eller sykle på den. gatelys hadde dei også fått opp her. Merkeleg at ein treng gatelys når det ikkje er bilistar som treng å sjå fotgjengarane. Men dette er jo eit framand land, så det er kanskje greit å prøve forstå før ein dømer(Me i Nordhordland Adventures har ingen forståing for dette).

Men uansett, me gjekk eit lite stykke på denne opplyste grusvegen, med omlag same standar og langt fleire gatelys enn ein god europaveg heime, før me tok av og fann ein liten sti som førte fram til kokeplassen. Der var det praktisk nok sett opp ein gapahuk av presenning og staur. 

Dei to turmedlemmene, utanom Nordhordland Adventures sin representant, som var nøye utvald grunna sine eigenskapar på tur tok straks til med det praktiske arbeidet, Erling med bål og Åshild med kjøttkaker, eller kjøttkakebollar som ho kalla dei grunna eit eller anna definisjonsspørsmål som gjekk på storleiken.


Erling var skeptisk til å få bilete
på ei side der det er snakk om både
militsar, Nordhordland og kjøttkaker. 
Han er sørlending og alle sørlendingar
ser ca. slik ut. Legg merke til tennvæska
i høgre hand. Ein friluftsmann etter 
Nordhordland Adventures sitt
hjarte!  


Bålsteiking av kjøttkake(bollar) fungerte bra heilt til
tennvæska  tok slutt og regnet ikkje gjorde det.
Heldigvis var det nok bensin på primusen til å få
gang på bålet igjen. 


Etter mykje vedhogst, potekoking, kjøttkakesteiking og soslaging var det omsider duka for eit fortreffeleg måltid. Utett gapahuk, manglande bestikk og kjøttkakedeig som var krydra med barnåler etter eit lite møte med bakken til trass, dette var kjøttkaker og matoppleving på høgd med dei ein fekk på indremisjonskaféen på Voss i tidlegare tider! 

Indremisjonskaféstandar!



I førsteutkastet som tydlegvis vart publisert alt for tidleg viste det seg at karaktergjeving på den berømte ostepølseskalaen av denne turen vart gløymt. Heldigvis vart det påpeika av ein observant lesar som har vunne ein plass på neste tur med denne observasjonen. 

På denne turen var det ikkje ver som stod til forventingane, det og opplyste vegar til målet gjer at denne turen til tross for  Indremisjonskaféstandar på maten ikkje får meir enn fem ostepølser. Fem ostepølser er sjølvsagd ein ekstremt bra tur, men maten hadde fortent meir, synd veret skulle øydeleggje.

Så anbefalinga er, finn ein europaveg, gå til
du finn ein sti, gå til du kjem til ein gapahuk
lag kjøttkakemiddag!  



2 kommentarer:

  1. Bere te informasjon so ser da ut for at militsen e infiltrert tå element frå senilforsvaret... Om du tipsa dei om da, so kan da vera at dei i ekstasen øve å kunna kvitta seg me trusselen frå pasientane, reversera avgjerda so føre te behovet for eksil... Go tur, helsing

    SvarSlett
    Svar
    1. Kven er infiltrert av kven? Høyrer infiltratøren eigentleg til i militsen?

      Slett