mandag 26. september 2011

Ei ode til Cruisaren

I høve at Land Cruisaren no er seld, vil eg prøve meg på nokre lyriske krumspring og tilhøyrande bilete for å hylle eit slikt meisterverk av eit  maskineri! Om eg held meg innanfor nokre som helst sjangerreglar eller liknande er heller tvilsamt. Nødrim kjem det dog til å verta nok av.



Dine mil var lange, dine rustflekkar mange


 
Mange tunge kneikar, du tok dei lett som du leikar 

Eit samlingspunkt for vener, den trøytte på deg seg lener 

Vinter, snø og kulde, du vart ikkje hefta når fram du skulde

 Lange mørke netter, du lyste så du skremde vetter 

 Styrte eg gale og me sette oss fast, du passa på så ingen lei overlast 

  I elv og på land, me gjekk trufast saman, ratt i hand

 Me ville grilla når veret var stygt, du haldt oss tørre, varmt og trygt

Du transporterte oss på turar, sklei nesten ut i steinurar

Til slutt måtte det gå gale for vår store helt, du vart skada i ein velt

 No me heidrar ditt minne, måtte sola alltid på deg skinne
(sidan du vart selt til ein kar på sørlandet kan det jo faktisk skje!)

Der du einsam rir ut, inn i solnedgongen, ta vare på deg sjølv du offroadkongen!




Til dei som no ser for seg at Nordhordland Adventures på grunn av dette tapet må leggje ned, eller endå verre, måtte gå over til å ha friluftslivopplevingar utan bil. Orsak at eg må knuse håpa dykkar, ein Pajero er kjøpt inn til å erstatte Cruisaren. Ein kan ikkje kjøpe vener, og ein kan ikkje erstatte dei heller. Men tida går diverre sin gong og i enkelte tilfelle må realiteten henta oss inn, og i slike tilfelle vil ein kome med ein så absurd påstand og ei så vanvittig von, at Pajeroen kan erstatte Cruisaren.


Oppdatering 10.10.11:

I dag tikka det inn ei MMS melding til meg frå sørlandet. Denne meldinga må eg sei at varma hjarta mitt! Etter ein stygg velt og store skadar har Cruisaren med god pleie fått ein ny mogelegheit i livet!
 Eit fantastisk syn! 

søndag 25. september 2011

Pilegrillsvandring

Grunna litt tregt system, vert ikkje dette innlegget publisert før no. Berre førestell deg at det no er juni og ikkje slutten av september, så vil du ikkje legga merke til denne tregheten!

Så var det på tide å få arrangert pilegrillsvandringa! Denne rolege og sutalause turen som skulle gå frå Feste til bøkeskogen på Vollom der me skulle delta på den årlege frilftsgudstenesta. Pinsehelga vart då tidspunktet for denne vandringa og tidsforbruket vart kutta ned frå dei tre planlagde dagane, til to. Sundag til måndag.
Klokko eitt var avtalt frammøtetidspunkt på Tofting, der me skulle organisere bilar slik at me kom oss heim att frå pilegrillsvandringa med minst mogeleg unaudsynt vandring. Litt før klokka to hadde alle deltakarane møtt fram. Forutan meg var Ingunn, Jan Vidar, Frank og Øyvind med på turen.

Avmarsjen gjekk frå skulen på Feste, i heilt greit ver og med lette sekkar sidan me hadde mogelegheit til å henta bilane og det naudsynte utstyret til overnatting når me hadde kome fram til dagens mål.

 I byrjinga av vandringa var det i det minste eit greit far 
å følgje.

Ruta pilegrillsvandringa skulle følgje var sjølvsagd ikkje gjenomgått på førehand sidan Nordhordland Adventures tross alt har "adventures" i namnet. 

Etter ei lita stund på veg og grusveg fann me ut at dette vart for kjedeleg, det nyttar jo ikkje å gå på pilegrillsvandring på veg! (Det som egentlig skjedde var at eg ikkje kunne hugsa nokon grusveg på denne delen av turen som eg kjende ganske godt sidan eg hadde gått der for 10-12 år sidan, og på grunn av dette gjekk me av grusvegen og inn på ein sti som leia ut i uføret.)
 Det var ikkje greitt for dei stakkars haugalendingane som 
hadde meld seg på denne turen å ta seg fram i uføret.

 
Her ser ein det største problemet på turen, ein turleiar 
som nektar å sjå sitt ansvar og berre smiler og ler når 
gruppa er førd ut i uføret. 

Etter mykje trakking fram og tilbake, opp og ned i det som kjendes som eit langt år, forfylgd av blod- og sveittetyrste floger, kom me omsider til ein topp utan så tett skog at det var beint fram vanskeleg å ta seg fram. Her var det så mykje sprakjebuskar at det var vanskeleg å ta seg fram. Men standhaftige som få, og med vissa om at vegen fram var kortare enn vegen tilbake nådde me til slutt vegen. Bilvegen til Nappane altså. Sidan denne likevel måtte kryssast for å kunne halde fram ferda mot bøkeskogen, tok me middagen her på bilvegen. Sidan dette var ei pilegrillsvandring fyrde me sjølvsagd i ein eingongsgrill. 

 Då tida for å fyre i grillen var komen fekk folk endeleg
tid til å vere sosiale. Så med iPadar og mobiltelefonar
søkte pilegrillarane rett til Facebook for å kunne sleppe
å snakke med turkameratane. 

Nordhordland Adventures er som sagt 
for dei bedagelig anlagte, og kva er då
meir naturleg etter middag enn ein 
middagskvil midt i bilvegen? 

Ein ansvarleg turleiar erkjenner risikoen ved å legge att
glødane grillkol i veggrøfta, og sløkker då heller grillen
ved hjelp av alle tenelege metodar. 

Då me skulle gå vidare etter folk hadde ete seg mette og kvilt godt ut innsåg eg den største tabben eg gjorde heile turen. Eg hadde ikkje opplyst om at turar i regi av Nordhorland Adventures IKKJE baserer seg på demokratiske prinsipp. Så når eg sa kor vegen vidare gjekk nekta sjølvsagd alle dei andre å høyre på meg, og sidan reglane ikkje hadde blir utlevert på førehand, var det berre til å føye seg etter majoriteten som ville gå feil veg. Dette skulle me alle angre på seinare. Det me hadde gjort var å velje vekk ein fin sti i slak motebakke til fordel for eit krøttertrakk langsmed ei ur, for så å måtte gå opp ein motebakke med ein helling på minst 79,5 grader.  
Etter eit motbakkeløp som det norske idrettsforbund ville ha kategorisert som ekstremklatring kom me omsider opp til toppen og den stien eg meinte me burde ha fylgd heilt frå middagskvilen. Når me nådde fram til stien nådde me også fram til utsikta, som etter den utmattande klatreturen var som balsam, eller sjampo, for sjela. Motivasjonen tok ein motsett Titanic. I staden for å søkke til botnen, steig den til rett over havoverflata/normal. 
Ein ting skal pilegrillarane ha, samtlege, sjølv dei som
budde der, var smarte nok til å snu ryggen til
Radøy som låg og øydelagde utsikta.

 No som stort sett all stiginga og alle hjartestansane var unnagjort og stien me fylgde faktisk var ein sti, vart framdrifta større. Samstundes med at framdrifta vart større, vart det også mogeleg for den enkelte av pilegrillarane til å gå og filosofere over eit av livet sine store spørsmål; Kva for ein metode er den beste til å varme opp ei ostepølse? Bål eller grill? Og er dette spørsmålet eigentleg noko å kaste vekk tankekraft på? Alle veit jo at den sosiale stemninga som oppstår rundt eit bål er mykje betre enn den som oppstår rundt ein grill! Og den veg opp for halvsvidde ostepølser! 

Etter ei stund med så slakk motebakke at det nesten var beint, og litt brattare motebakke kom me til høgste punktet på ruta vår, her på toppen(som eg har gløymd namnet på og ikkje har kapasitet(er for lat) til å sjekke opp i no) kunne me skrive oss i bok, så alle som tvilar på sanninga i denne historia kan gå opp og kontrollsjekke at me faktisk var der! 

 Til dei som er for late for å kontrollsjekke at me nådde
toppen, her er bileteprovet! To hender, ei klokkereim
ein HSD penn og ei bok. Dette seier tydeleg at me
nådde toppen! 

 Til tross for at toppen var nådd og at me skulle til botnen betydde ikkje det at vegen var enkel. Då me kom ned var det minst tre forstua okler, sju tilfelle av dehydrering og eit stygt tilfelle av svinepest. Men som det skulle syne seg kom svinepesten godt med, svin gjer seg utmerka på ein grill, og pesten fekk me heller berre leva med.

 Gløymte stiar gjennom attgrodde holer måtte nyttast for
å nå målet for vandringa. Akkurat denne gløymde stien
er urovekkande nært grusstien som går oppover gjennom
bøkeskogen mot Skaret. 

Omsider kom me ned til den eine bilen som sto strategisk parkert på parkeringsplassen til Vallevika, så då var vandringsdelen over og grilldelen kunne byrja så snart me alle hadde fått henta bilane sine med oppakning og mat for kvelden. 

 Endeleg kunne ein skikkeleg grill fyrast i, og for å sitere
teikneserien Eon, ekte mannfolk er ikkje kjipe med 
tennvæska! 

 Ein gjeng godt nøgde pilegrillarar! 

 Etter kvart som kvelden kom, kom det fleire som hadde lyst til å vera med på pilegrillsdelen, ikkje vandringa, til Vallevik for å nyte det sosiale samværet med vandrar som lukta godt og sveitt. Eit par av dei var til og med å overnatta til dagen etter då me skulle opp i bøkeskogen på friluftsgudsteneste! Men uansett, etter kvart som kvelden gjekk endå lenger og folk byrja å bli klar for å leggje seg, byrja det sjølvsagd å regne. Men litt regn er ikkje problem når ein har ein bøkeskog, ein presenning og ein Land Cruisar lett tilgjengeleg. Så etter ei kort arbeidsstund hadde me relativt tørre soveplassar til sju! 

 Førestell deg regn, ein presenning frå Cruisaren til trea,
sju stykk som søv, litt mindre ljos, litt færre stolar og
litt meir mygg, så har du her eit bilete av korleis natta var.

Etter ei natt med meir eller mindre kvalitetssvevn er det
ein morgongfrisk og opplagt gjeng som er klar for gudsteneste! 

Omsider var det verkelege målet, og avslutninga av vandringa nådd, friluftsgudstenesta i verda sin nordlegaste viltveksande bøkeskog! Etter at klokkaren ringte inne med den provisoriske klokka, to gamle bremseskjever til ein bil, ukjend kva modell og årgang, var me i gong! Opp til fleire prestar og eit heilt orkester var på plass for å gjere også friluftsgudstenesa 2011 til ein suksess! 


Så til slutt får me vera høfleg og takke alle som har bidratt med bilete til dette innlegget, og ikkje minst til dykk som var med! I og med at pilegrillsvandring forhåpentlegvis blir ein fast tur for Nordhordland Adventures håpar me(eg) at de stiller neste år og at me då vert endå fleire som kan delta på denne turen gjennom vill og urørt natur! 

fredag 23. september 2011

Le tour de Erstad

Så er ferien for Nordhordland Adventures endeleg avslutta, opningsinnlegget blir diverre ikkje frå pilegrillsvandringa som vart arrangert før ferien sidan det er for mykje å skrive når eg vil ha ein mjuk oppstart.

Le tour de Erstad. Dette sykkelrittet går kanskje ikkje under friluftslivkategorien, som denne bloggen var meint å innehalde, men turen går gjennom hjartet av Nordhordland, og dermed gjennom naturskjønne omgjevnadar.
Først litt faktaopplysingar om touren: Den har ei lang og langt meir ærerik historie enn Le tour de France, frå 1998 til den av praktiske årsaker vart nedlagt i 2000/2001 sesongen ein gong. Rittet gjekk av stabelen kvar laurdag i sumarhalvåret og deltakartalet låg stort sett mellom 3 og 15. Opprinneleg var det seks poenggjevande etappar i dette om lag 3 mil lange sykkelrittet(pluss ei mil eller to lenger for dei som budde langt vekke frå start og stopp punktet på Vollom), men etter ein stygg kollisjon/utforkøyring vart etappane ned frå Erstadfjellet og ned Skaret fjerna. Av pausar og matstasjonar undervegs var Spar på Seim, Kåre Nesse sin bensinstasjon(200m bortanfor Spar) og Ottar sin nærbutikk i Kvamsvågen(dersom me var tidleg nok ute til at han ikkje hadde stengd). Ein uskriven regel var at tida som vart brukt på pausar måtte vere minst like lang som den tida som vart brukt til sykling.

No i 2011 når tida for å feira tiårsjubileumet for nedlegginga av Le tour de Erstad var komen stilte me mannsterke, 3 på sykkel og ein på motorsykkel. Mange fleire ynskte å stilla, men syklar som var parkert etter forrige ritt og ikkje sett på sidan var ei tilbakevendande orsaking. Og i dette jubileumsrittet var det heller ingen poenggjeving på etappane.

Beskrivinga som no fylgjer er av korleis eg opplevde touren, om den strid veldig med andre si oppleving må eg orsake dette.

Fyrste motebakke, 171 i puls og gjennomsveitt. Bra start! Heldigvis fekk eg og Hogne ein pause på toppen då me måtte venta på Arne som kom endå lenger utifrå og skulle gjennomføra med stil i år. På motorsykkel. Frå krysset på Tofting til Vollom, der Touren offisielt startar er det fem kilometer med berre ein nemneverdig motebakke til. Grunna ein sykkel eg lånte av mamma, som hadde lånt den av systera mi, altså dottera til mamma, som hadde den greie funksjonen med gira at det lettaste giret, førstegiret fungerte, og resten av gira var meir eller mindre øydelagt. Heldigvis var det tyngste giret, 21, mindre øydelagd, dog øydelagt. Men uansett grunna denne fantastiske sykkelen og ein kondis som ikkje har vore i bruk dei siste ti åra og dermed var lika rusta som kjede på sykkelen min var eg sprengt etter desse to motebakkane. Hadde det ikkje vore for ei hjelpande hand frå motorsyklisten som kom bak og skubba hadde eg brote rittet der og då og ikkje brydd meg med dei ikkje eksisterande poenga eg heller ikkje kom til å få om eg braut.
Etter denne forferdelege starten var heldigvis resten av vegen til Vollom bortimot flat, noko som førte til at eg vann den uoffisielle konkurransen om å kome først til Vollom. Ein medverkande årsak til at eg sigra kan ha vore at eit par hundre meter før Vollom sto Hogne og Arne og venta på meg sidan eg låg langt bak grunna eit avhoppa kjede, og då eg tok dei igjen stoppa eg ikkje for å takka dei for at dei venta, men trilla fint forbi. Det er ein mogelegheit for at Arne køyrde forbi meg før eg hadde kome heilt fram, men motorsykkel er jamngodt med doping, så han tel ikkje!

No var motivasjonen på topp, for frå Vollom, der Børge slo følgje med oss, er det strake vegen til Seim det butikken ligg. Salige visshet!
Etter ein relativt grei tur, ingen avhoppa kjeder, eit minimum av motebakkar og generelt god stemning i gruppa var butikken endeleg i syne. Å salige stund uten like!

 Gruppebilete av deltakarane på jubileumstouren.

 Ernæring og restitusjon er særs viktig for aktive idrettsutøvarar.
Brus, bollar og chips dekker store delar av det naudsynte 
inntaket av vitaminer, proteiner osb. 

Grunna at Kåre Nesse diverre har lagt ned bensinstasjonen sin, vart matpausen tatt utanfor sparen, og ikkje rett før den første etappen, Kåre Nesse etappen. 
Etter ein god time med pause var me klar for å halde fram med sykkelrittet, og no melde dei første faresignala seg. Både eg og Hogne kjende litt for godt at det å sitje på eit sykkelsete i lengre tid utan å vera trent til det, det tar på! 
Tradisjonen tru kom eg på siste plass i Kåre Nesse etappen, det er for så vidt tradisjon at eg kom sist på alle etappane, men sidan det ikkje var poenggjeving denne turen, var ikkje bitterheita til å ta og føle på. Neste etappe ut var sikkerheitsetappen, namnet til denne etappen kjem av at alle andre stader enn her måtte me sykla i bilvegen, men her var det gang- og sykkelsti. Denne etappen låg gruppa godt samla i eit bedageleg tempo heilt til spurten. her datt eg raskt av grunna krampe i venstre lår. Etter utstrekking og pause var me klar igjen. Eller de vil seie at me andre enn Arne var klar, han måtte til Knarvik for å fylle bensin. Eg ynskte eg hadde hatt ei liknande orsaking for å sleppe motebakkane opp Erstadfjellet. 
Denne etappen byrja bra for min del, kjedet hoppa av i det startskotet, eller ropet, gjekk. Så då eg kom meg i gong var dei andre forsvunne oppover og rundt første sving. Etter at eg hadde avslutta ein telefonsamtale eg fekk nokolunde samstundes med at kjedet hoppa av, byrja eg på klatreetappen. Etter 100 meter var dobbeltsidig krampe og ein puls som grensa til hjarteinfarkt eit faktum. Så eg gjekk av sykkelen for å prøve å gå av meg krampen, det virka etter ei stund og eg kom meg opp at på setet. før eg var kome opp hadde Arne, som hadde vore i Knarvik etter bensin passert meg og då eg til slutt kom opp kunne eg konstatere at dei andre faktisk såg eldre ut av all den tida dei hadde venta på meg. Men nok ein gong var hellet på mi side, som ein sann idrettsutøvar kunne eg legge all skuld på utstyret som hadde svikta. 
Men som dei seier, det som går opp må kome ned att. Unnabakken venta. Børge, som hadde den stygge kollisjonen som gjorde at utforetappane vart fjerna, drog på i kjend stil nedover fjellet og forsvann snart. Hogne som også låg framføre meg hadde nokre fine svingar der teknikken gjekk ut på å låse bakhjulet for å skrense rundt svingen, nesten gå på tryne, men likevel klara å henta seg inn att. Sykkelen eg hadde lånt meg var så dårleg stelt med bremser at eg måtte streke med beina meir eller mindre heile vegen ned. 

Då botnen var nådd møtte det fram endå ein av dei tidlegare tourdeltakarane, han stilte med traktor, og sidan den hadde fira hjul og dermed ikkje kunne kategoriserast som sykkel vart han diverre diskvalifisert før han byrja, noko som for så vidt passa han godt sidan han eigentleg skulle arbeide på huset sitt. 
 Å stille med traktor i eit sykkelritt er diverre i strid med 
Norges cykelforbund sitt regelverk.

Etter ein god pause ved foten av Erstadfjellet bar det vidare, Nærbutikken i Kvamsvågen hadde diverre stengt då me kom dit, så der måtte me slukøyra sykla forbi. Etter endå ein kilometer eller to måtte eg diverre bryta løpet av di Land Cruisaren som har fylg meg og Nordhordland Adventures sidan starten skulle seljast, meir og dette og ein hyllest til cruisaren kjem nok seinare. 
Men alle deltakrane i dette jubileumsrittet kunne gå med på at gjennopptakinga hadde vore ein suksess og at dette må me få til på ein fast basis. Så i framtida er det gode mogelegheiter for at dei som er interesserte kan få ein uforgløymeleg pause, avbroten av litt sykling gjennom hjarta av Nordhordland!  

tirsdag 7. juni 2011

Ruteplanlegging

44% av dei som gadd å stemme på kva for eventyr som skulle gjennomførast og skrivast om stemde for ein fottur over Berfjorfjellet utan å motta etterforsyningar. Ein ekspedisjon av dette formatet må planleggjast nøye, i alle fall i fem minutt. Ein bør også vere kjend med ruta ein skal gå slik at ein kan finne fram sjølv om det skulle bli uver eller skodd og sleppe å fryse eller svelte i hel halvvegs til målet.
I og med at sjølve turen etter alt å døme ligg meir enn fem minutt fram i tid er det for tidleg å starte planlegginga, men rutegjennomgangen laut seg gjennomføre før.

Eg starta grytidleg i halv eitt tida for å kome meg ut og heim igjen før dagen var gje. Dei første hundre metrane gjekk det bra å forsere sidan dette var kjend terreng. Så slutta med eitt vegen og navigasjonsferdigheitene mine vart sett på prøve. Men der vegen slutta, der byrja regnet!

 Vegen tok brått slutt. Eller nokon hadde i alle fall planta
skog på heile vegen slik at det ser ut som den tar slutt.

Etter å ha følgt vegen som tok slutt nokre hundre meter til kom eg fram til at den var så overgrodd at det ville vera betre å gå inn i granskogen på sida og freiste ulukka der. Og ulukka kom, etter femti meter i tett skog var det bort i mot umogeleg å sjå kva for ein veg eg skulle gå for å kome ut av skogen.

 Dette synet møtte meg i kvar retning. Så kva for ein veg 
skulle eg gå?

Men ein naturvand ungdom fortvilar ikkje i slike situasjonar. Det viktigaste ein gjer er visstnok å ikkje få panikk, deretter å bruke det ein har med seg for å freiste å finne ei himmelretning slik at ein i alle fall ikkje går i ring til ein svelt i hel. Eg har GPS på mobiltelefonen, men for å demonstrere korleis ein skal kome seg ut av eit slik uføre utan slike hjelpemiddel, brukar eg ikkje den.

 Det einaste eg trengde for å kome meg ut
av skogen og på rett veg var ein pinne, ei 
klokke og eit keycard frå myrkdalen.

Etter å ha støtta klokka mot pinnen slik at sola(regnskyene) blir reflektert i klokkeglaset og lagt keycardet, eller lyklekortet,  på sida slik at eg fekk ein liten pause frå gåinga med å gjere dette og å ta eit par bilete. Reiste eg meg opp og gjekk vidare den vegen eg gjekk då eg kom inn i skogen. Når skogen kanskje er 150 meter brei er det ikkje så vanskeleg å unngå å bli desorientert. Men skogen hadde ikkje synt seg på sitt verste enno!


 Sjølv om det berre er 25 meter, er det vanskeleg å måtte
gå dei metrane med augo igjen. Dette førte til at det høgre
auga mitt vart stukke ut tre gonger på desse kvistane, det 
venstre var heldigvis ikkje stukke ut meir enn ein gong.

 Der skogen tok slutt var det ein høg skrent
som gjekk så langt dei utstukne augo kunne
sjå i begge retningar. Etter å ha prøvd diverse
klatremetodar var det berre ein ting å gjere. 
Hoppe. Dette. Rulle rundt og knuse pakken 
med kjeks i sekken.

Eit par kjeks var knust, men det var verdt det. Eg var ute av skogen. Men lukka vil aldri vare lenge når ein er på ekspedisjonsplanlegging i det nesten ukjende. Eg hadde kome ut av skogen for å kome rett til ein motebakke. Denne og vart omsider tilbakelagt, og då eg til slutt stod på toppen av denne haugen fekk eg sjå eit deprimerande syn. For å kome meg opp til Børåsfjellet, som er inngangsportalen til Berfjorfjellet, måtte eg ned i ein dal og tape all den hardt opparbeidde høgda eg hatte fått. Sidan det ikkje nyttar å snu på halvvegen når ekspedisjonen utan etterforsyningar skal gjennomførast, kunne eg ikkje snu no heller til tross for motlausheten som seig innover meg. Press vidare! 

Eg har ein hardt opparbeidd eigenskap som alltid kjem til nytte på slike turar. Eg kan følgje ein sti maksimalt femti meter før eg ser ei anna rute som eg tenker er betre enn stien. For stien er jo laga av dyr som går her kvar dag, og kva veit dei om framkomst? Denne eigenskapen førte i alle fall til at eg ganske snart hadde teke ein av dei vanskelegaste vegane ned i dalen, i staden for den godt brukte stien som går plant og fint nedover. Eg sleit i ei stupande bratt li med skrentar både ovanfor og nedanfor meg.

 Ein kan tydeleg sjå spor av motlaushet
i det tomme blikket. 

Omsider, etter mykje irritasjon over vegval, sleipt underlag og den regnbya som ikkje ville gje seg kom eg ned til botnen av dalen. Og etter mykje irritasjon over vegval, sleipt underlag og den regnbya som ikkje ville gje seg kom eg opp at på andre sida av dalen, til turen sitt høgste punkt, Børåsfjellet! 

På toppen vart eg møtt av utsikta over flott vestlandsk
natur slik den vanlegvis framstår. Innhylla i regn, vind, 
lågt skydekke og skodda. Fantastisk! 

 Når det høgste punktet på turen var nådd, var det ikkje langt igjen til det eg hadde bestemt meg for at måtte vera halvvegs i ruta, Berfjorfjellet. Turen bort til Berfjorfjellet var derimot farlegaste stykket i heile ruta. Ein regnsleip sti, mindre enn ein meter frå kanten, eller stupet, av fjellet og ein vind som ville rive meg over ende heile tida. Heldigvis ville vinden rive meg lenger inn på fjellet og ikkje ut i avgrunnen. Hadde det ikkje vore for det kunne dette blitt det siste blogginnlegget som ikkje vart skrive! 

 Halvvegs i ruta var det på tide å finne fram
det falske smilet. Hadde det ikkje vore
 for at eg var redd vinden skulle ta dei, 
hadde eg nok opna augo også.  

No var det endeleg eit godt stykke med unnabakke, så tempoet kunne aukast frå slentring til gåing. Etter unnabakken kom diverre den uunngåelege motebakken igjen. Her merka eg at matpausen eg hadde planlagt å ha når eg var kome halvvegs, men som ver og vind forhindra byrja å bli særs aktuell å ta. Då vart det fest med safarikjeks og vatn! Safari er som kjend eit ord som på swahili tyder "lang tur", så meir passande proviant til denne rutegjennomgangen kan vanskeleg tenkjast. 

Heimatturen gjekk føre seg utan dei store uvanlege hendingane heilt til eg berre hadde om lag ein kilometer att til husdøra heime. Her var stien sperra av eit rotvelta tre som var for høgt til å klatre over, og for lågt til å gå under. Å måtte snu og ta heile ruta baklengs freista lite. 

 Kva kan ein stakkar gjera når han møter på dette?
og kven er dum nok til å leggje ein sti midt under eit 
rotvelt? Men løysingsorientert som ein må vera dersom
ein vil halde på i ekspedisjonsbransjen, fann eg ut at 
det gjekk an å krype under.  

Etter dette var det nesten strake vegen heim, der regnveret framleis ikkje hadde gitt seg og eg var så våt at dusjen vart meir som ein formalitet. 
Denne rutegjennomgangen var særs nyttig. Ekspedisjonen over Berfjorfjellet utan å motta etterforsyningar er etter alt å døme mogeleg å gjennomføre. Rutevalet må justerast litt for å unngå vegsperringar i form av skog, stup, rotvelt og den slags. Kanskje ville det til og med vore best å utsetje ekspedisjonen til det er laga asfaltert eller grusa veg der ruta skal gå. Men sidan dette ville ført til at ekspedisjonen vart gjennomført i bil i staden for som fottur, er vel det eit urealistisk alternativ. 

Ein favorittaktivitet på ukjent grunn

Dei som faktisk har halde ut ei stund og lese nokre av innlegga her har sikkert fått med seg at det er eit par aktivitetar som går igjen på ekspedisjonane til Nordhordland Adventures. Ein av dei tradisjonane me prøver å halde i hevd så ofte som mogeleg er grilling. Helga for to veker sidan var ikkje eit unntak, men dårlege vervarsel for vestlandet gjorde at me måtte gå drastisk til verks. Me tok sikte på austlandet sidan dei har ein, og diverre berre ein, bra ting der borte, fint ver. Då me køyrde frå Nordhordland i titida på fredagskvelden synte det seg at vervarselet kanskje ikkje kom til å slå til denne helga.

Om veret var like bra resten av helga veit eg ingenting om,
men solnedgangen frå Hagelsundsbrua var ivertfall betre i røynda
enn på bilete. 

Planen for denne dagen var å køyre til me sovna, eller forhåpentlegvis til fem minuttar før me sovna, for så å legge oss i grøfta og sove. Men sidan me kjenner til det som må vera tidenes mest gjestfrie familie i Kviteseid, eller Noreg for den del, vart ikkje det noko av. Me hadde forhøyrd oss om dottera i huset var heime, slik at me kunne treffe på kjentsfolk på turen og kanskje få med fleire på den store grillfesten. Det viste seg at både ho og foreldra var vekkreist denne helga, men det var ikkje noko problem, for naboane hadde jo lyklar, så me kunne få lov til å overnatte innandørs viss me hadde hug til det. Det hadde me sjølvsagd. Dermed vart det til å køyre til klokka var vel fira på natta for å kunne sove i ei seng i staden for ei grøft. Det var verd det! På laurdagsmorgonen, dagen for den store grillfesten vakna me seint og laga ein tradisjonell Nordhordland Adventures-frukost, steikt egg og flesk. Etter frukosten kom me oss i bilen og sette kursen mot Porsgrunn der me skulle innom for å hente ein snekkmotor sidan me ein gong var no på desse kantar. Dette var ikkje fort gjort, men etter mykje om og men, jekkestropping tre fire forskjellege måtar før motoren endeleg hang fast og diverse anna styr var me klare for middag og grilling. 

Diverre vart det eit stykke til me fann ein brukbar stad å grille. Her må eg diverre skuffe alle håpefulle lesarar som ventar på friluftslivet i denne ekspedisjonen. Svolten overvann Nordhordland Adventures sine friluftslivideal, så me fann ein rasteplass langs motorvegen til Sodoma Oslo. No skulle det endeleg grillast!

 Cola, chips, rømme, pølser, grillribbe, indrefilet og pitabrød.
Skal ein først grille til to mann er det særs viktig å ha nok mat
til seks. 

Måltidet tok litt tid i og med at grillen berre tok kjøttmengder
tilsvarande ein halv gris i kvar omgang. Me hadde vel tre 
omgangar med grilling. 

Etter grillinga og overetinga var det på tide med ein middagskvil. Plenen såg overmåte god ut til dette formålet, men då dette var på austlandet var det sol der. Skarpt lys og soving går ikkje så godt i lag, så då vart det bilen.
Då me var komen inn til hovudstaden gjekk me rundt for å sjå kva for plass dette eigentleg var. Til alle som enno ikkje har vore der, det er ikkje verdt å reise dit. Syna som møtte oss var nok til å sjokkere ein kvar oppegåande stril. Menn som gjekk kledd som damer, folk som sat og drog i eit trekkspel utan å kunne spele, narkotika i fri flyt, blitzhuset og rullekebab som var alt for sterk. Her var det berre ein ting å gjere, evakuere! Og det var det me gjorde etter ei kort natt her i tig(g)erstaden. På natta kom me forresten over ein positiv ting til med austlandet. Vestlendingar i eksil. Eller nærare bestemd, ein vestlending. Som vestlendingar flest hadde han stort hjarterom, til trass for akkurat stort nok husrom. Bjørnar som diverre ikkje kan kallast nordhordlending då heimstaden hans er rett sørom brua, fekk innlosjert oss på golvet på rommet hans i ein tidlegare standsmessig leilighet som no var ombygd til eit studentkollektiv. Men betre golv å sova på skal ein leita lenge etter!
For å vaske vekk nokon av dei forferdelege sanseinntrykka vår eine kveld i hovudstaden hadde gjeve oss køyrde me over den naturskjønne Hardangervidda heim att. Eg naut synet av ei vidde hylla i skodd og regnver med minimal sikt for å reinse sinnet, Bjarte søkte glømselen i svevn. 

Då me var komen over til rette sida av landet igjen, kom me og nærare Vøringsfossen. Dette er ein sjølvskriven stoppestad der ein må gjere som alle andre turistar, ta bilete av dette vatnet i fritt fall. 

Slik, då var det i det minste eit bilete av 
flott natur i dette innlegget, og friluftslivsideala
er litt betre ivareteke. 

På tross av ein relativ vellukka grilling kom Nordhordland Adventures sine utsendingar fram til det me alltid har visst etter denne turen. Trass eit noko våtare ver på vestlandet, er dette ein betre stad å grilla/leva enn austlandet. 

tirsdag 24. mai 2011

Cabin cruiser og topptur

Grunna store mengder med ekspedisjonar, store og små, tar det diverre litt tid før dei viktigaste av desse kan skrivast om. Men forteljinga som no kjem er henta frå ein liten tur 18. mai. Når eg skriv liten, så er dette sjølvsagd i Nordhordland Adventures samanheng, så det betyr faktisk liten.

Med tre firehjulstrekkarar, to japanarar og ein tyskar, stilt opp på startstreken ved Eknes Karosseri tok me laus. Målet var ei elv som me nyleg hadde funne ut det gjekk an å køyre i. For dei som ikkje skjønar at det å køyre i ei elv kan gje ein stor glede har eg berre ein ting å sei. Enkle born, enkle gleder.
Ingen av dei som var med hadde noko som helst kunnskap om korleis ein bør krysse elvar eller vatn med bil, så her var det berre til å prøve og feile, det var jo ein grunn til at me hadde med tre bilar! (U)heldigvis var det ingen som fekk motorhavari og måtte slepast på land, dette skal me prøve å få til neste gong slik at det vert litt meir spanande lesing. Men Tyskaren grunnstøtte, så litt dramatikk var det!

 Tyskarar, her representert av Audi, har aldri klart seg 
så godt i nærleiken av Matrefjella, dette til trass for iherdig
innsats av styresmaktene.

Etter å ha vore nærleiken av elva viste det seg at Land Cruiseren, som for så vidt klarte seg bra som Cabin Cruiser, var den einaste bilen med den rette kombinasjonen av bakkeklaring og sjåfør. Tyskaren mangla bakkeklaring og Hiluxen hadde ein sjåfør med unnskyldningar om delvis defekt bil som han var redd skulle ta skade av litt vatn. Som om litt vatn nokon sinne har skada. Men rett skal vera rett, Hiluxen kom til sin rett seinare på dagen. 
 Cabin Cruisaren går så det fossar om baugen på den!
Einaste minuset var at ved litt for mykje trykk på
uljepedalen byrja dashbordet å oppføre seg som
discotekbelysing.

I tillegg til at den kan kome seg raskt fram fungerte den
også bra i dorgefart.

 Opphaldet på flybridgen vart kort sidan veret ikkje var
det beste denne dagen. 

Som dei fleste kan fortelje deg er det hardt arbeid å krysse elver dagen lang, så etter nokre minuttar gav me oss på det og reiste for å få i oss litt proviant. Men det var meir arbeid i vente før grillen kunne fyrast, nemleg ein knallhard topptur. Toppturen vart ikkje så hard som ein kunne venta, for det var plass på lasteplanet til Hiluxen til alle saman. Etter å ha blitt transportert kilometervis på motebakke kunne me endeleg stiga av og få fyr i grillen. Synd at Rema 1000 sine eingongsgrillar har ein lei uvane med å slokna. Men det skulle visa seg at ein av turdeltakarane stilte godt førebudd med ein propanbrennar. Så etter litt varm overtaling fekk me endeleg grilla. 

 Toppturar kan vera tunge. Denne var ikkje.

 Maten er som ein kan sjå det naturlege midtpunkt på
Nordhordland Adventures sine turar.

Etter eting og medhøyrande coladrikking var det på tide å kome seg ned att. Grillen vart sløkt og bilen lasta opp. Me var kome nesten ned då ein lokal bonde som såg mindre fornøgd ut kom i mot oss på traktorvegen. Det var litt synd at det var på denne måten me traff grunneigaren, som me faktisk har snakka om at me må få tak i fleire gonger før, for å få lov til å byggje ein gapahuk på toppen av vegen. Han var i allefall mindre fornødt med at me hadde køyrd opp utan løyve, og var i tillegg redd at me dreiv tjuvjakt sidan dei var plaga med det. Heldigvis kunne tjuvjaktsteorien hans avkreftast snart, men å prøve å motbevise at ein har køyrd opp ein bil utan løyve er litt vanskeleg når ein er på veg ned med ein bil... Men til slutt, etter lovnadar om å aldri køyre opp igjen, fekk me lov til å evakuere. Synd at me ikkje fekk lov til å køyre opp att, for der oppe kunne det blitt ein fin gapahuk! 


 Nesten til slutt kjem eit bilete som har fanga essensen av 
denne dagens utflukter.  

Til slutt vil eg takke Øyvind som stilte med speilrefleks og dermed vart offisiell turfotograf! Og når det er sagt må det seiast at eg i seinare tid har blitt informert om at det kanskje ikkje er heilt lovleg å køyre i elver på denne måten. Med bakgrunn i den informasjonen kan eg sei at eg ikkje vil utelukka at alle bileta der det skjer har blitt manipulert. Eigentleg er eg nokså sikker på at dei bileta har blitt sterkt redigert!